Teikning: Lars Aurtande
Månedens ytring
Jeger-restår
Eg har ei flaske Armagnac frå 1951. Berre folk fødde i 1951, pluss kona mi, får ved sjeldne høve smaka ør litt på botn av lite glas. Drykken vert betre og betre for kvar gong me smakar.
Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.
Slik er det ikkje med folk fødde i 1951. Me som framleis er i live, vert veikare og veikare. For å sitera Egil Skallagrimsson: «Stiv eg går og stabbar, skalle ottast falla; Lite eg høyrer, og liten er lem som til lyst var laga». Difor er det viktig å laga nedtrappingsplan for rest-åra fram mot Dei evige jaktmarker. Planen har ulike steg, noko må gjerast fyrst medan eg orkar, anna kan koma etter kvart.
Steg 1. Norrøne nordmenn fekk med seg hund, våpen og godsaker i grava for å møta dei hinsidige utfordringane. Seinare vart det viktig med syndsforlating før nordmenn forlèt livet. Eg vil fryseturka siste strihåra vorstehhunden og få ungane til å lova å lura hundeliket, hagla og ei flaske brun rom i kista utan at nokon ser det. Dei må ogso syta for å skaffa meg syndsforlating etter at eg har vorte tullete, men før eg reiser. Då kan eg trygt gå dauden i møte utan å ottast at eg skulle ta feil, og tidlegare nordmenn ha rett.