Annonse
– Heller enn eit «grønt skifte» – ofte brukt synonymt med grøn vekst – treng vi ei grøn verdiomstilling, der omsorg, ansvar og relasjonelle naturverdiar får tyngde når avgjerder vert tekne.

Månedens ytring

Ei grøn verdiomstilling

– Det er ikkje berre i Noreg at natur, og vår relasjon til den, slit. Over heile verda tapar natur systematisk mot marknadsverdiar og mål om vekst, skriv Elisabeth Veivåg Helseth.

Publisert

I 2019 budde eg fire månadar i telt. Det var gjennom sommarhalvåret – i Sogn – og forholda for teltliv var ganske gode. Så noko ekstrem ekspedisjon var det ikkje. Men det prega meg. Det eg huskar best er følelsen av å dra frå kontoret og inn i naturen. At heime plutseleg var mjuk mose, blåbærlyng og fuglesong.

Denne korte perioden bidrog til å viska ut noko av skiljet mellom meg og natur. Eg opplevde tilhøyrsle og meining. Mykje av det same kjenner eg på når eg fiskar, plukkar bær og sopp, eller berre er på tur. 

Dette handlar om relasjonelle verdiar – verdiar som oppstår i samspel mellom menneske og natur. Dei kan komme til uttrykk gjennom at vi set ord på betydninga eit landskap, ei elv, eller eit tre har for oss, og for vår livskvalitet.

Før dette teltlivet jobba eg lenge med samfunnsutvikling i distriktskommunar. Her kjente eg på frustrasjon over korleis natur stadig tapte når avgjerder vart tekne. 

Eg høyrte folk prate om at auka kunnskap, gjerne kombinert med strengare stateleg styring, kunne bremse naturtapet. Men for meg verka det som eitt argument uansett trumfa alle andre: «Vi må jo ha vekst». Eg vart nysgjerrig på kvifor dette målet om vekst var så førande for samfunnsutviklinga, og for vårt forhold til natur.

Nysgjerrigheita leia meg til ein doktorgrad innan økologisk økonomi. Med norsk skogforvalting som eksempel, undersøkte eg korleis vi forstår ulike verdiar knytt til skog, kva type verdiar som vinn fram i avgjerder, og kven som har makt til å bestemma kva verdiar som er viktigast.

Eg fann at nettopp dei relasjonelle verdiane har dårlege kår i norsk skogforvalting. Over tid har vi prioritert instrumentelle verdiar, som tømmer. Verdiar som lett kan omsetjast i ein marknad. 

Desse verdiane har vi system for å kartlegge, forstå og inkludere i avgjerder. Men vi manglar språk og prosessar for å ta omsyn til meir relasjonelle naturverdiar, som tilhøyrsle og identitet. Sjølv om 70 prosent av distriktsinnbyggjarar føler at den lokale skogen er viktig for dei – særleg for rekreasjon, jakt og anna hausting – er deira relasjon til skogen sjeldan avgjerande for korleis den vert forvalta.

Sjølv om 70 prosent av distriktsinnbyggjarar føler at den lokale skogen er viktig for dei – særleg for rekreasjon, jakt og anna hausting – er deira relasjon til skogen sjeldan avgjerande for korleis den vert forvalta.

Det er ikkje berre i Noreg at natur, og vår relasjon til den, slit. Over heile verda tapar natur systematisk mot marknadsverdiar og mål om vekst. Difor meiner det internasjonale Naturpanelet at vi treng ei omfattande samfunnsomstilling for å nå mål om berekraft. Men kva bør ei slik omstilling innebere? Minst fire konkurrerande retningar for berekraftig omstilling kjem til uttrykk i internasjonal forsking og politikk, og kvar av desse bygg på ulike verdssyn og verdiar.

I følgje berekraftsretninga «grøn vekst», må vi oppretthalde den økonomiske veksten for å oppnå berekraft. Samstundes må vi sørge for at veksten ikkje er skadeleg for natur eller menneske, for eksempel gjennom å fokusere på vekst i fornybar energi, grøn industri, og tenester med låg ressursbruk. Effektivitet og nytte er kjerneverdiar her, og natur har først og fremst ein instrumentell verdi som ressurs for økonomien vår.

Retninga «vekstfri utvikling» utfordrar ideen om at grøn vekst kan føre til berekraft. Her peikar forskarar på at mål om stadig vekst på ein avgrensa jordklode er ein dårleg (eller umogleg) idé. Ettersom det manglar bevis for at vi kan fortsette veksten utan å øydelegge meir natur, bør vi frigjere oss frå målet om vekst, og heller fremme samfunnsmål som rettferd, gode liv, og miljømessig berekraft. Ansvar og omsorg for natur står sentralt, samt omsyn til eit breitt mangfald av naturverdiar.

Retninga «økokulturelt forvaltarskap» meiner at systematisk ubalanse i makta til å bestemme over natur hindrar oss i å oppnå berekraft, og at vi kan endre dette gjennom å styrke lokale rettigheiter og tradisjonskunnskap. Her legg ein også vekt på at menneske er natur, og at det ikkje er noko skarpt skilje mellom oss og naturen.

Berekraftsretninga «naturvern» vil derimot gjerne beskytte naturen frå menneske, for eksempel gjennom store, samanhengande verneområde. Eit viktig prinsipp er at naturen har verdi uavhengig av oss menneske, og at vi har eit etisk ansvar for å ta vare på den.

I dag er grøn vekst sterkt dominerande som berekraftsretning i Noreg, med tilhøyrande vektlegging av instrumentelle verdiar, nytte og effektivitet. I skogforvaltinga vert grøn vekst delvis utfordra av naturvernretninga, men få nemner vekstfri utvikling og økokulturelt forvaltarskap som moglege retningar for framtidig skogforvalting. Vi manglar perspektiva som fremmar verdimangfald og relasjonelle verdiar.

Heller enn eit «grønt skifte» – ofte brukt synonymt med grøn vekst – treng vi ei grøn verdiomstilling, der omsorg, ansvar og relasjonelle naturverdiar får tyngde når avgjerder vert tekne. Då må vi dele kunnskapen om at det finst andre verdssyn og verdiar, og skape rom for å utforske nye retningar for ei berekraftig framtid. Vi må også øve på å sette ord på dei relasjonelle verdiane. Kva betyr naturen for deg?

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS