Annonse

Månedens ytring

Vitskap eller sunt bondevit?

Når modellane viser at fôring ikkje hindrar påkøyrslar, trur eg ikkje på dei, skriv Torstein Storaas månadens ytring.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel.

KNUT, utmarksforvaltar og deltakar i elgprosjekt, sa ofte: «Når Hege putter data inn i datamaskinen og kjører modellene sine, blir de mest opplagte sammenhengene borte». 

Sjølv lurer eg av og til på om eg skal tru på det som eg ser med augo, på modellane eller om røynda er so komplisert at korkje eg eller modellane skjønar noko som helst.

Vår fremste bjørneforskar konkluderte at det ikkje var nokon vits i å fella bjørn. Harde data, statistikken, viste at skadefellingar ikkje førde til færre drepne sauer. 

Bondevitet, derimot, sa at om bjørnane fekk leva, ville skadane vorte langt større. Etter massiv kritikk og kjeft flytte forskaren alt sitt feltarbeid til Sverige og slutta uttala seg i media.

MINE veldig flinke forskarkollegar samla masse data, la inn i fyrsteklasses modellar i datamaskina og konkluderte at elgfôring ikkje hindrar beiteskadar på ungfuru og grantoppar. Sjølv om grunneigarane fôra massivt, var det omfattande overbeite. 

Ti år etterpå er elgbestanden halvert, framleis er halvparten av fôret silo, og beiteskadane er ingenting. Kva om mine gode kollegar hadde fått midlar til å studera fôringa no? 

Er det slik at konklusjonen om at fôring ikkje virka, berre gjeld når det er alt for mykje elg for tilgjengeleg kvist og silo? Er konklusjonen sann berre under heilt bestemte tilhøve?

ME brukte tre gode, velgrunna metodar for å rekna ut kor mykje elg Koppang-ulveflokken tok. I utgangspunktet var alle modellane kloke og likeverdige. 

For å gjera det heilt rett, la me saman tala frå dei tre utrekingane og delte på tre. So seier Knut: «Den ene modellen viser at ulveflokken dreper seks elger i året. 

Er det rett å legge vekt på en metode som viser noe som vi vet er feil?» Me drøfta dette lenge. Til slutt sigra bondevitet, me vraka metoden som heilt sikkert viste feil resultat.

No har eg ei anna utfordring. Eg ser at mange hundre elgar held seg for det meste nærare enn en km frå fôringsplassar, langt frå riksveg og jernbane. 

400 elgar ved Nybrua i Imsdalen vert ikkje påkøyrt av bil eller tog. Sluttar grunneigar å fôra, vil elgane, som i gamle dagar, gå ned til Imsroa og vidare nordover dalen, kryssande veg og bane til Koppangsøyane og til furumoane nord for Koppang. 

Berre flaks sparar livet deira medan dei går langs jernbanelina og kryssar vegar. Slik er det.

EG har vore kritisk til metodikken i dei få vitskaplege arbeida som dokumenterer at fôring reduserer påkøyrslar. Eg ville difor, ei gong for alle, slå fast at fôringa hjelper.

Fylkeskommunen løyvde pengar. Me samla sett-og-skutt-data, snødata, påkøyrsledata, data for kor mange bilar og tog som går i døgeret, kor mange tonn fôr som er køyrt ut og analyserte alle data frå radiomerka elgar. 

Me putta data inn i statistiske modellar, men me klarar ikkje visa at fôring reduserer påkøyrslar.

ME veit at elgane på fôringsplassane held seg nettopp der mesteparten av tida. Der går korkje bil eller tog. Dei kan ikkje verta påkøyrde. 

Likevel klarar me ikkje visa at fôringa fører til færre påkøyrslar. Hadde modellane vist at fôring hindrar påkøyrslar, ville eg trudd på det. 

Når modellane viser at fôring ikkje hindrar påkøyrslar, trur eg ikkje på dei. Kva slags vitskap er dette? Eg vonar ingen av mine kollegar les dette.

ME klarar ikkje å visa at fôring har redusert påkøyrslar. Det motbeviser ikkje at fôring kan hindra påkøyrslar. Eg leitar etter logiske forklaringar på at me ikkje klarar visa det.

Omrekninga frå sett elg til elgbestand kan vera upresis eller feil. Omrekninga av snømålingane frå der det vart målt til der elgen var, kan vera feil. Me veit ikkje i kor stor grad tilgangen av beitbar kvist har endra seg over tid. 

Eg undrast om elgbestanden er delt i to, ein del som står på fôringsplassar og ikkje vert påkøyrde – og ein del som føretrekkjer kvist og vert påkøyrt som forventa ut frå lengda på snø-vinteren? Kan betre fôrkvalitet trekkja større del til fôringsplassen?

ME treng eksperiment for å verta sikre. Eksperimentet er at grunneigarane sluttar å fôra. Då ville elgane sannsynlegvis strøyma ned til dalbotn til samferdsleårene, og Koppang Auto og legevakta ville få nok å gjera. 

Problemet er at ingen vil ta ansvar for å gjennomføra det eksperimentet. Fôring verkar, me har berre ikkje klart å visa det. Vitskaplege arbeidsmetodar har gitt oss enorm ny innsikt, men me skal ikkje gløyma det sunne bondevitet.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS