Annonse

Månedens ytring

Om å skyte hakkespetter

Ulike samfunn har i tid og rom laga sine moralske system. Eg veit ikkje, men trur at det er viktig at me held kontakten med naturen ved på ordentleg å vera ein del av han.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.

Det spelar inga rolle for hakkespett- eller svarttrastbestandar om fåtalege kyrkjetenarar eller trastejegarar får skyta so mange som dei klarar. Svarttrast og hakkespetter er freda fordi me ikkje likar at nokon skyt dei, ikkje fordi skyting er noko problem for artene.

Eg trur at me ikkje likar naturen – at naturen er so slem. Og me likar enno mindre at mennesket er ein del av naturen. Me ser ikkje millionane som døyr kvart år, me ser individet som kyrkjetenaren skyt.

Me bryr oss ikkje om det me ikkje ser. Me bryr oss om det me ser. Kanskje me i større grad bør godta døden som naudsynt del av livet, leggja mindre vekt på einskildindivida som døyr, men slåst med nebb og klør mot dei store menneskepåførde øydeleggjingane av naturen?

Jeg fikk en skjære eller en hakkespett. Jeg håper det var en skjære, hakkespetten er fredet, sa purung rendøl etter jakttur. Før hans tid, fram til den nye jaktlova i 1981, kunne alt som ikkje var spesifikt freda, fellast frå august til april. Gutungar kunne skyta dei fleste fuglearter utan redsle for lensmannen eller ulempe for fuglebestandane.

Ogso i dag kunne individ frå dei fleste fuglearter fellast utan fare for bestandane. Men me likar ikkje at folk drep små fuglar – og grunngjev med at dei er freda. Men grunnen til at dei er freda er ikkje at fuglane slit, men at me ikkje likar at folk drep dei.

Me menneske kan laga reglar som gjeld dei 100 000 av ryper som me påverkar, men ikkje millionane som døyr utan at me ser det. Me likar ikkje at naturen er som han er. Mange meiner at mennesket bur i byen, at naturen er der ute, og dei gløymer at mennesket er natur, at me har masse natur i oss.

I bokverket Norges dyr er ikkje det vanlegaste store pattedyret i Noreg nemnd. Menneske vert fødde, alt me et var levande før det vart pakka i plast. Me parar oss, får ungar og døyr. Men likevel er me ikkje dyr. Sludder og vas. Heldigvis er me eit kjenslevart, sosialt og stort sett snilt dyr, dei fleste av oss.

Men me vil ikkje ha bêrekraftig naturleg naturbruk. Svarttrastene gjer det so bra at Miljødirektoratet føreslo at dei kunne jaktast på, om nokon ville det. Det vart ramaskrik. Eg høyrde at det ble sukka letta på radio då jaktforslaget vart trekt. «Dermed kan vi fremdeles høre svarttrostens sang om våren.»

Dette er misvisande sprøyt. Grunnen til at Miljødirektoratet føreslo jakt var at bestanden klarar seg so godt at fuglesongen ikkje ville vorte påverka av jakt!

No er det kyrkjetenarar som syndar – ikkje mot Gud, men mot vanleg oppfatning. Eg skjønar forresten ikkje kvifor kyrkjetenarar vil fella hakkespetter. Dei kan no berre be Gud om at hakkespetta skal slutta å hakka i Guds hus. Om ho held fram, lyt vel hakkinga vera Guds vilje. Men poenget er at det spelar inga rolle for hakkespettbestandane om nokre vert felt. For dei som er att, er det ofte berre fint med ein konkurrent mindre.

Organisasjonar og individ med namn eg ikkje vil heidra ved å nemna, skuldar jegerar for at arter går attende. Våre forfedrar har gjennom tusenåra utrydda mange store arter ved å drepa og eta dei siste.

Felles opphav for jeger og vegan har med stor visse ansvaret for utryddinga av ullhåra mammut, ullhåra nashorn, holebjørn, villhestar og uroksar. Lovleg jakt på norske raudlistearter fortel at jakta ikkje truar, og at kriteria for å koma på raudlistene er noko spesielle.

Likevel likar eg ikkje at kyrkjetenarar stolar meir på hagla enn på Gud. Eg likar ikkje at andre skyt songfuglar. Eg likar enno mindre at far min vart gamal og døydde. Han skulle ikkje vorte gamal, han skulle ikkje døydd.

Eg likar ikkje at for kvar dag som har gått, har eg ein dag mindre att å leva. Eg likar ikkje at mellom 5 og 10 millionar norske ryper må døy i egg, som kylling, ungfugl eller vaksen for at bestanden skal halda seg konstant.

Verst av alt er at brunbjørnhannar og fjellmarkmushannar drep ungar for å få para seg med mødrene. Naturen og evolusjonen eig ikkje moral.

Ulike samfunn har i tid og rom laga sine moralske system. Eg veit ikkje, men trur at det er viktig at me held kontakten med naturen ved på ordentleg å vera ein del av han.

Me bør jakta og fiska og læra at død er grunnlag for anna liv – og at døden til einskildindivid vanlegvis ikkje er so farleg, men at mennesket sin grådige ekspansjon og naturbruk er farleg og kan øydeleggja framtida for oss og våre etterkomarar. Lat oss jakta einskildindivid og verna leveområda og bestandane.

Powered by Labrador CMS