Annonse
– Miljødirektoratet finansierer storstilt arbeid for å halda liv i fjellrevstamma, men vil ikkje tillata tiltak for reetablering av rapphøns, skriv Torstein Storaas i si ytring.

Månedens ytring

Fjellrev og rapphøns

– Skal rapphøns koma attende, må som for fjellreven utsetjing, fôring og lovleg rovviltbekjemping til.

Publisert Sist oppdatert

Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.

Forstmeister J. B. Barth skreiv 32 sider om rapphøns i «Norges fuglevildt og Jagten paa same» utgitt i 1881. Rapphøns kom til den skandinaviske halvøya og til Noreg på eigne venger og ved utsetjingar. Bestandane varierte voldsamt. I gode år var det rapphønskull i Nord-Gudbrandsdal, i Nord-Østerdal og i Sollia, fjellbygda mellom dalføra. I dårlege år var dei nesten heilt borte frå landet. Han skulda på raudrev, kattar og «hensynsløse Krybskyttere». Barth trudde ikkje at det kunne verta mykje rapphøns i Noreg sidan her er lite dyrka mark, og dyrka mark er i tillegg litt keisam natur.

Men på «den vestlige Side av Kristianiadalen» er landskapet vakkert og «Under heldige omstendigheter kunne et par routinerede Jægere ...... ikke saa sjelden skyde et Par Tylvter Raphøns eller der omkring paa en Dag». Barth såg på rapphøns som eit godt supplement for fuglehundeigande jegerar som budde langt frå ryper og skogsfugl.

I dag kunne rapphøns og framandarta fasan sjølve ha glede av sine korte liv og vera eit supplement for trening av fuglehundar og tilskiping av jakthundprøvar. Dette føreset omfattande fuglevenleg arbeid. Det må verta slutt på å setja ut fuglar som ikkje er tilpassa naturleg føde like før fuglehund prøvar og som raskt døyr av svolt eller i munnen på rovvilt. Det er ikkje rart at ein del tidlegare praksis vert kritisert.

Forstmeisteren skriv ogso om fjellrev. På veg frå Aasdalsætra til Ringebu passerer han og hestekaren med rypekløv ei ur der det vanlegvis ligg eit fjellrypekull. Der var ingen fjellryper, men eit fjellrevkull som Barth skildrar jakta på. Hestekaren vart lova skotpremien på fire kroner per rev, dei snur opp ned på ura, får livet av to revungar, og etterpå gler ringebuen seg over dei åtte lettente kronene, men gremmar seg over at dei ikkje fekk livet av revetispa.

I dag er naturforvaltinga spegelvendt. Fjellreven vil diverre verta borte grunna global oppvarming, fortel forskarar ved Universitetet i Tromsø. Heldigvis overlever fjellrev godt rundt Polhavet og som forfylgd skadedyr på Island. Likevel tykkjer eg og styresmaktene at det er bra at fjellrev vert avla, utsett, fôra og raudrev drepne for å motverka utdøyinga.

Tiltak for rapphønene er derimot ikkje velkomne. Ein rapport frå Vitskapskomiteen for miljø- og matsikkerhet skriv at utsette rapphøner og fasanar kan påverka næringsplanter og leddyr negativt, basert på ein britisk rapport. I Storbritannia set dei ut 57 millionar fasanar og rapphønsliknande raudhøner for jaktføremål. Dei utsette fuglane påverka maten når tettleiken var høg.

Tettleikane kunne vera over 100 fuglar per dekar. I Noreg er det snakk om å setja ut under 10 000 fuglar, under 0,2 promille av det utsette i Storbritannia. Med tettleikane der skadeverknader er påvist, kunne alle 10 000 norske fuglane fått plass på 0,1 km2! Det er dårleg folkeskikk og uærleg vitskap å bruka denne kjelda for å påstå påverknad på planter og leddyr i Noreg.

Miljødirektoratet finansierer storstilt arbeid for å halda liv i fjellrevstamma, men vil ikkje tillata tiltak for reetablering av rapphøns.

Dei største ulempene med utsetjingane var likevel alle tonna med blyhagl som vart spreidd i terrenget. I Noreg skal ikkje fuglane skytast, og blyhagl er forbodne. Vitskapskomiteen for miljø- og matsikkerheit høyrest veldig alvorleg og mektig ut. Eg ottast framleis makta til komiteen, men vyrdnaden for rapportane deira er diverre sterkt redusert. Tru kva eg ville funne om eg las fleire av artiklane som rapporten byggjer på?

Sjølv tykkjer eg det er fint med fjellrev og synd at rapphøns er regionalt utrydda. Skal rapphøns koma attende, må som for fjellreven utsetjing, fôring og lovleg rovviltbekjemping til. I tillegg må leveområda i jordbrukslandskapet forbetrast. Fuglevelferda må vera god om fuglehundfolk skal trena eller skipa til jaktprøvar på feltvilt.

Mange utsette fuglar har tidlegare ikkje hatt sjanse til å tilpassa seg eit fritt liv. Ein rapport frå forskarar ved Høgskolen i Innlandet, viser korleis det kan gjerast. Vitskapskomiterapporten skriv om kor gale det er at fuglars møte med hundar skapar frykt hjå fuglane. Men frykt er nyttig i naturen, ikkje-dødelege møte med fuglehundar aukar overlevinga til fuglane.

Ein del fuglehundfolk har busett seg på «den vestlige Side av Kristianiadalen», der dei ikkje lenger kan skyta eit «Par Tylvter Raphøns paa en Dag».

Den omtala engelske rapporten frå «The Royal Society for protection of birds» slår fast at tiltak for fasan og rapphøns er bra ogso for mange andre fuglearter. Fuglehundfolka i Kristianiadalen vil gjera ei velgjerning for biologisk mangfald om dei skapar levelege vilkår for rapphøns i jordbrukslandskapa.

Powered by Labrador CMS