Annonse

Viten

Jakttidsstart på lirype – oppfluktavstandar og fangst

Klimaendringane vil gi tidlegare vår, rypekyllingane vil værta større 10. september – og trykke dårlegare. Kanskje me bør tenkja nytt om jakttidsstart?

Jakttidsstart på lirype
Med tidlegare vår, vil rypene verte større og trykkja dårlegare 10. september.
Publisert

Olav Hjeljord og Leif Egil Loe har på framifrå vis synt korleis rypebestandane har minka ved at rypejegerar med fuglehund no skyt langt færre ryper per dag enn det jegerar gjorde tidlegare. Dei brukar avskytingstala til å visa at dei store kronåra er borte [1, 2]. 

Til dømes felte fabrikkeigar Kristoffer Berg i eit kronår mot slutten av 1800-talet 1003 ryper (og jaktlaget over 3000) i jaktterrenget under Hallingskarvet [3]. Ogso forstmeister J. B. Barth opplevde fantastiske rypejakter. 

Han jakta fjellrypesteggar som hadde forlate kulla og kyllingar som han tykte var store nok, om sumaren før jakttid vart innført i 1863. Jakttidsopninga vart då sett til 15. august.

Endra oppførsel

Barth skreiv om korleis oppførselen til rypene endra seg utover jaktsesongen. I midten av august trykte rypene bra, mot midten av september flokka dei seg og vart skjerrare, berre av og til trykte fuglar godt for hund utover hausten. 

Han rekna den eigentlege jaktsesongen med fuglehund for liryper frå 15. august til 15. september. Best likte han å jakta fyrste halvdel av september, då var kyllingane store og trykte framleis godt [4]. I dag kan me ikkje jakta dei 9 fyrste septemberdagane og berre 6 av dagane Barth tykte var best.

Jakttidsstart på lirype
Med tidlegare vår, vil rypene verte større og trykkja dårlegare 10. september.

Kva viss ...

Me tvilar ikkje på at rypebestandane har gått attende, men har lurt på kor mange me kunne ha felt om jakta hadde byrja tidlegare. Difor byrja me i 2021 å måla avstanden frå taksør eller jeger til lettande ryper utover hausten. 

I 2022 målte me ogso oppfluktavstandane til rypene me trefte. Me registrerte ikkje om me skaut eller om fuglane flaug mot oss. Vidare hadde me få observatørar i få terreng. Difor kan me ikkje uttala oss generelt om alle jegerar og ryper alle år. Likevel har me litt data og tankar som me gjerne vil dela.

Dei fleste vert felt tidleg

Data frå Statskog i Nordland viser at dei fleste rypene vanlegvis vert felt fyrste jaktdagane. Dette er ikkje berre ein verknad av at dei fleste jaktar dei fyrste dagane. Det vert ogso felt flest fuglar per jegerdag fyrste jaktdagane, utover hausten fell utbyte per dag sterkt. Nokre år, som 2022, viser eit litt anna mønster. Også då var utbyte klart høgast tidleg, men gjekk ikkje so mykje ned som vanleg per mann og dag, truleg fordi tilhøva for jakt med og utan hund og med rifle vart gode utover hausten.

Farleg å letta nærare enn 25 m

Me trudde me hadde størst sjanse til å treffa rypene som letta nærast oss. Merkeleg nok trefte me like godt alle ryper som letta på avstandar nærare enn 25 m. 

På lengre avstandar byrja me i større grad å ikkje skyta eller bomma, og når fuglane letta på meir enn 30 m hald trefte me dei som flaug mot oss. Skot på fugl som lettar på lenger hald enn 30 m og flyg bort er bortkasta og bør unngåast.

Jakttidsstart på lirype
Jaktuttak begrensa med jakttid er enkelt og primitivt. Jaktuttak basert på bestandsestimat og berekraftige kvotar er kunnskapsbasert og avansert.

Fredar seg sjølve

Me har tidlegare hatt same røynslene som Barth, fuglane har i større og større grad letta på langt hald og freda seg sjølve utover hausten. Dette stemte godt med våre data i 2021, men er litt dårlegare i 2022. 

Då hadde me nokre fine dagar med trykkjande ryper utover hausten. Forstmeister Barth var ein eminent skyttar, han trefte om lag alle ryper han skaut på med si dobbeltløpa munnladingshagle med svartkrut. 

Dersom hans ryper oppførde seg som våre, samla for begge åra, ville han kunna råka i 95 % av situasjonane i august og i nær 66 % frå den 10. september. Då hadde heile 34 % av våre ryper freda seg sjølve med lengre oppfluktavstand. 

Resultatet til Barth ville dermed vorte redusert med ein tredjedel. I tillegg forfylgde Barth kulla for å fella alle, sjølv om han ikkje alltid klarte det. Det er lettare 15. august enn 10. september, men me har ikkje registrert data på kor langt kulla flaug etter støkking. 

Uansett vil me ikkje lenger utrydda kull. Eit par av informasjonsinnsamlarane skyt mest like bra som Barth. Dei kunne truleg ha felt nær ein halvpart fleire fuglar om jakta byrja som på Barths tid. 

Me kan berre drøyma om kor mange fleir me kunne skote med vilje til å fella alle kyllingane, ubegrensa jaktmarker og få andre jegerar med gode hundar. 

Likevel rokkar ikkje våre begrensa data og draumar konklusjonen til Hjeljord og Loe om at dei store kronåra er borte, dei peikar på auka bestandar av raudrev som ei mogeleg forklaring.

Jakttidsstart på lirype
Figur 1. Hundreprosenten er alle observerte oppfluktar på dei ulike avstandane. Dei grå søylene viser kor stor del av fuglane som letta innanfor skothald (til og med 30 m). Fuglane i det røde feltet letta so langt borte at dei ikkje kan fellast.

Stål og tidlegare vårar

Bly kan ikkje lenger brukast på vanleg lirypejakt. Skotavstandane med stål er 5 m kortare [5]. Med stål vil fuglar som lettar på over 25 m hald, vera freda. Vidare, storleiken til kyllingane 10. september vil variera med kor tidleg våren kjem. 

Våren 2023 var uvanleg sein, med global oppvarming vil han verta tidlegare og tidlegare. Kyllingane vil verta større og dermed trykkja dårlegare 10. september. 

Stål og tidlegare vår vil gjera fleire ryper utilgjengelege. Det er greitt når det ikkje er taksert og når bestandane er låge. Men det gjer at fuglehundjegerar går glipp av mykje god berekraftig jakt dei gode produksjonsåra.

Rypeforvalting med taksering

Jaktuttak begrensa med jakttid er enkelt og primitivt. Jaktuttak basert på bestandsestimat og berekraftige kvotar er kunnskapsbasert og avansert. Ulike grunneigarar har ulike mål med forvaltinga [6]. 

Nokre kan ha som mål å gje mest mogeleg god rypejakt med fuglehund. Hard jakt kan redusera rypebestanden året etterpå [7], særleg dersom bestandstettleiken er låg [8-10]. 

Oddgeir Andersen og Eva Thorstad har føreslege å utarbeida bestandsmål for kor mange ryper det bør vera i ulike rypeterreng om våren, slik at jegerane om hausten ikkje skyt bestanden so langt ned at han sannsynlegvis kjem under dette vår-målet [11]. 

Forstmeister J.B. Barth rekna den eigentlege jaktsesongen med fuglehund for liryper frå 15. august til 15. september.

Dersom reglane var slik at grunneigarane kunne av kommunen eller annan institusjon, få godteke eit bestandsmål for rype i terrenget sitt, kunne dei taksera i august og setja kvotar som sikra bestandsmålet. 

Sidan fullfjøra kyllingar i oktober overlever betre enn fjørskiftande kyllingar i august, vil jakta påverka bestanden mindre dess tidlegare kyllingane vert skotne. Om jakta i takserte område med forvaltingsplan og kvotar fekk byrja 1. september, kunne kvoten vorte hausta i den beste perioden for jakt med fuglehund, fyrste halvdel av september. 

Jakttidsstart på lirype
Om jakta i takserte område med forvaltingsplan og kvotar fekk byrja 1. september, kunne kvoten vorte hausta i den beste perioden for jakt med fuglehund, fyrste halvdel av september.

Få rypejegerar har høve til å jakta meir enn 5 dagar samanhengande. Mange stader ville dermed heile tre jaktlag kunna nytt godt av kvotejakt under optimale tilhøve der det no er plass til eitt. 

Kvotane kunne ogso disiplinera jegerane til berre å skyta i situasjonar med godt hundearbeid og på skapelege hald for å ikkje bruka opp kvoten for tidleg. Dersom den takserte bestanden ville vera lågare enn bestandsmålet, fekk jegerane trena hundar utan å fella. 

Denne modellen ville høva best i terreng der jakt med hund er den viktigaste aktiviteten sidan storparten av kvoten kunne verta brukt opp tidleg. Grunneigar har jaktretten og kan velja forvaltingsmodell ut frå eigne mål.

Treng meir data

Me byggjer denne artikkelen på data frå få jegerar i få terreng i to år. Me vil samla meir data, og resultatet vert langt sikrare om me får data ogso frå andre jegerar i andre terreng. 

Det skulle ogso vore gildt å få data frå støkkjegerar. Me er takksame om ogso andre samlar og sender oss data. Dei som vil vera med kan kontakta Jonas Hagen jhg@statskog.no for informasjon og skjema. 

Observatørane treng ikkje skriva ned mykje, men avstandane må målast korrekt. Me er ogso interesserte i data om oppfluktavstandar hjå skogsfugl.

Litteraturliste

    • Hjeljord, O., Ryper før og nå, in INA fagrapport. 2015, NMBU: Ås.p. 28.
  • Hjeljord, O. and L.E. Loe, The roles of climate and alternative prey in explaining 142 years of declining willow ptarmigan hunting yield. Wildlife Biology, 2022. 2022(6).
  • Pay, C.M., Jakten med fuglehund. 1935, Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.
  • Barth, J.B., Erfaringer fra jagten paa det mindre vildt i Norge. 1891, Kristiania: H. Aschehoug & co’s Forkag. 432.
  • Gundersen, H., B.I. Rindal, and S. Brainerd, Norges Jeger- og Fiskerforbunds testjegerprosjekt : en vurdering av drepeevne for ulike hagltyper, inHøgskolen i Hedmark Oppdragsrapport. 2006, Høgskolen i Hedmark.
  • Andersen, O., et al., Grunneieren, in Rypeforvaltning. Rypeforvaltningsprosjektet 2006-2011 og veien videre. 2013, Cappelen Damm Akademisk. p. 156.
  • Sandercock, B.K., et al., Is hunting mortality additive or compensatory to natural mortality? Effects of experimental harvest on the survival and cause-specific mortality of willow ptarmigan. Journal of Animal Ecology, 2011. 80(1): p. 244-258.
  • Hornell-Willebrand, M., T. Willebrand, and A.A. Smith, Seasonal Movements and Dispersal Patterns: Implications for Recruitment and Management of Willow Ptarmigan (Lagopus lagopus). Journal of Wildlife Management, 2014. 78(2): p. 194-201.
  • Breisjøberget, J.I., T. Storaas, and M. Odden, Ptarmigan hunting restrictions: Effects on hunters’ opinions and harvest. Journal of Wildlife Management, 2017. 81(7): p. 1179-1186.
  • Eriksen, L.F., P.F. Moa, and E.B. Nilsen, Quantifying risk of overharvest when implementation is uncertain. Journal of Applied Ecology, 2018. 55(2): p. 482-493.
  • Andersen, O. and E. Thorstad, Fra gytebestandsmål til rypebestandsmål, in Rypeforvalting – Rypeforvaltningsprosjektet 2006-2011 og veien videre, H.C. Pedersen and T. Storaas, Editors. 2013, Cappelen Damm Akademisk. p. 120-122.
  • Artikkelen byggjer på bacheloroppgåva til Magdalene Mathiesen ved Høgskolen i Innlandet.
Powered by Labrador CMS