Annonse
Professor Torstein Storaas skriver i sin kommentar at han ønsker seg mer forskning på effekten av felling av havørn.

Månedens ytring

Eit havørneksperiment

Det er ganske irriterande å tru so mykje og vita so lite.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.

I tillegg til kjærleik og strihåra vorstehhundar har skogshønsøkologi vore hovudinteressa mi gjennom livet. Likevel vert eg ganske vag i svara når eg får spørsmål om korleis det går med både ryper og skogsfugl. Vert eg pressa, kan eg seia at dei må skyta meir rev om nokon vil ha meir fugl, sjølv om at eg tvilar på om forventa innsats gjev effekt.

Me veit mykje, men det er vanskeleg å vita årsakssamanhengar. Me kan måla kor mykje fugl som vert skote einskilde år og sjå om det samsvarar med kor mykje blåbær som vert hausta, kva regjering som styrte eller kor mange revespor me såg om vinteren. So reknar me på korrelasjonar og lagar fine historier om korleis alt heng saman.

Men er hypotesane sanne, eller er det berre tankespinn? Me treng kontrollerte eksperiment med mange gjentak og kontrollar før me kan snevra inn uvissa og uttala oss med større tyngde. Min draum har vore mange radiomerka storfuglar, radiomerka revar og mårar, fleire vekslande studieområde med knallhard revejakt og mårfangst og kontrollområde. Eg har ikkje klart å få pengar til det, vonleg vil andre klara det.

Andre eksperiment kan vera lettare. Havørnbestanden i Noreg har auka mykje etter freding, og Artsdatabanken klassifiserer bestanden som livskraftig. Lekfolk meiner at auka havørnbestand er årsaka til nedgang hjå ærfugl, krykkje og havsule. Havørnforskarane slår fast at det er veldig lite sannsynleg at det vil hjelpa å fella havørnane i problemområda.

Sjøfuglforskarane er like usikre på sjøfuglane som eg er på hønse- fugl, og seier at mange faktorar påverkar sjøfuglane og det er heilt uvisst om det vil hjelpa å fella havørn, medan lekfolk ser at havørner plagar fuglekoloniane og krykkja rømer til ørnefrie byar der dei får fram ungar.

Eg undrast på kvifor ørne- og sjøfuglforskarar ikkje føreslår eksperiment for å minska uvissa. Dei kunne trekkja forsøks- og eksperimentområde. I nokre fuglekoloniar der det framleis er att hekkande krykkje eller havsule, kunne SNO skyta alle ørnene, unge som gamle. Andre koloniar kunne vera kontrollområde. Prosjektet måtte ogso få med ærfuglområde.

Det fyrste me ville få greie på var kor mange ørnar som måtte skytast før ørnane lærde kor farleg eit område var. Ørneforskarane kunne sikkert rekna ut kor mange hundre unge ørnar som kunne fellast før det ville gå ut over neste års hekkebestand. Sjøfuglforskarane kunne observera utviklinga i koloniane med og utan ørn. Sidan mange faktorar spelar inn og åra er ulike, måtte eksperimentet gått over fleire år, og kontroll- og eksperimentområde måtte skifta etter ei stund.

Ola Myklebost reagerer på Storaas: – Problematisk ørneprosjekt

Sametinget ville truleg vore med og anbefalt prosjektet om ein i tillegg eksperimenterte i kalvingsområde for tamrein. Ørneforskarane måtte sjå korleis fellinga av ungørnar påverka produksjonen av nye ørnar.

I eksperimentet måtte verknaden av skytinga for både sjøfugl- og havørnbestanden målast, og lekfolk måtte vera med i prosjektstyret. Etterpå kunne spesialistar og lekfolk vera nokolunde samde om fakta, dei kunne krangla om kva rolle mennesket skal ta i naturforvaltinga, om etikk og kva som er rett og gale. Om det viser seg at havørnar øydelegg reproduksjonen til raudlistearter, er det ok, eller skal me gjennomføra forval- tingsgrep? Er det verre å skyta ørn for å fremja krykkje enn å skyta raudrev for å fremja fjellrev? Dette er ikkje vitskap, men politikk.

Stortingsrepresentant Siv Mossleth (SP) har sagt offentleg at ho vil skyta ørn og fått mykje pepar. Det kunne kanskje vore lettare å fella ørn som del av eksperiment som kunne skaffa kunnskap om korleis raudlista sjøfuglar kunne hjelpast, eller havørn kunne frikjennast for skade på raud- listefugl og rein, dersom fugleforskarane har rett?

I mi tid har eg observert den herlege endringa frå at alle fuglar med krumt nebb og klør skulle drepast til at det er grov miljøkriminalitet å drepa dei. Men pendlar kan slå langt begge vegar. Eg måtte nok ha drukke mykje brun rom for å bryta ned min motstand mot sjølv å skyta rovfugl. Og sidan eg aldri rører våpen etter å ha drukke, ville mi rovfuglskyting gått gale. Men SNO skyt hjelpelause jervungar, og ville nok ogso kaldblodig ha felt havørnane i eksperimentområda. Fuglelika kunne fått godkjenningsstempel og stoppast ut.

Eg trur eit slikt havørneksperiment kunne vera noko å gjennomføra for vår nye landbruksminister Sandra Borch, om ho toler pepar frå den høgt utdanna middelklassen, me som held rovfugl heilage.

Powered by Labrador CMS