Annonse
El-fiske i bekker er ofte veldig effektivt, dersom målet er å redusere

Leserinnlegg

For mykje aure …

Her i landet, og i dei fleste land der auren finnes, er den vår viktigaste sportsfisk, sjølv om laksen nok er meir verdifull i kroner og øre.

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Albert Rafdal, Etne

Dette er eit lesarinnlegg. Meiningar i teksten står for skribentens eiga rekning.

Eg kjem frå Vestlandet, og i mitt nærområde har me både ei god lakseelv, og hundrevis av meir eller mindre interessante vatn med aure. Mange av dem er iferd med å bli overbefolka.

Eg hugsar veldig godt situasjonen på 1970- og 80-talet. Sur nedbør var hovedfienden og me hadde få vatn å velje i der fisket var nokolunde bra. Eg var sjølv med å bæra ut yngel i ein del vatn som trolig ikkje ville ha klart seg særlig godt utan denne innsatsen. Den sure nedbøren avtok gradvis på 90-tallet, og vatn og vassdrag vart kalka. Mengda av fisk tok seg opp, og me hadde kjempetru på at dette var gode greier. Me fekk fisk til å overleva på stader der den berre forsvann tidlegare, og me fekk stadig større og flottare fiskar. Kilosfisk på stang var slett ingen sensasjon lengre.

Fenomenet «overbefolka» vatn var velkjent, men no ble dette situasjonen mange stader. Vatn som tidlegare husa få, men fin fisk, vart no gradvis overtette. Interessa for å fiske i desse vatna avtok naturleg nok. Enkelte stader ble det satt i gang utfisking, stort sett ved rusefiske, men dette har vel vist seg å vere lite effektivt.

Min konklusjonen er at marginalbetingelsane som før var i yngel og gytingens disfavør, no er blitt endra såpass mykje at gytingar slår til, og yngelen overlever. Det kan et sjå ut som det er ein hårfin balanse mellom overlevelse og død, noko som får dramatiske konsekvensar for fiskebestandar. Auren er jo også slik skapa at opplever den mattilgangen som knapp, så finn den det for godt å gyte for å bruke resursane på å sikre ein generasjon og to til, eller den gyt ved låg alder og liten storleik.

Utfisking med garn er arbeidskrevjande, og effekten vil i mange tilfelle være vanskeleg å måle, mener artikkelforfatteren.

Eg har lese ein del litteratur om utfisking, betring av næringstilgong, gytevandringshinder, og andre meir eller mindre fornuftige metodar for å betre aurebestandar. Nær sagt uansett kva tiltak ein tek til med, så er det til dels ekstremt arbeidskrevjande. Skal me berre la potensielt gode fiskevatn gå til hundane? Eller skal me få ein kunnskapsbank for slike tiltak.

Få på bana folk som har testa ut ulike metodar, anten dei har gått systematisk til verks, eller berre testa ut vilkårlege tiltak. Effekten av dei ulike tiltak vil naturleg nok vere vanskelege å måle i mange tilfelle, men erfaringsbasert kunnskap frå dei enkelte eldsjeler som har drive tiltaka vil kunna gi interessante data.

Eg er viss på at ein må starte med reduksjon av gytemogelegheiter. Dette er ikkje enkelt. Ein aure som har sett seg føre å vidareføre genane sine er ikkje lett å stogge. Stengsel fungerer nok til ei viss grad, men fangst av gytefisken er nok sikrare.

Dersom det er for stor bestand av fisk i eit vatn, vil ein nok måtte tynne ut i tillegg. Dersom ein ikkje gjer dette, vil fiskane berre «vere der» og ta sin vesle del av mattilgongen, utan at det fører til anna enn at dei vert gamle og stygge.

Får ein ned bestanden, opnar ein for vekst hos dei nye generasjonane som eventuelt måtte kome til, og meir mat til dei fiskane som vert att i vatnet etter tynning.

Er garnfiske det mest effektive? Dette er jo veldig arbeidskrevjande. El-fiske i bekker er ofte veldig effektivt. Ein kan tynne i bestanden av yngel, eller gytefisk om ein fiskar i gytesesongen. Dette treng nok ofte eit løyve frå statsforvaltar, men burde vere enkelt å få til.

Eg synes disse spørsmåla har fått alt for lite spalteplass i sportsfiskepressa. Kan det vere at det er for uoverkomeleg i mange sine auger?

Powered by Labrador CMS