Annonse

Fotostory || Øyenstikkere

En magisk morgen med øyenstikkere i myrlandskap.
En magisk morgen med øyenstikkere i myrlandskap.

Eventyr på myra

Kven skulle tru at ei enkel myr kunne by på ein så magisk morgon?

Publisert Sist oppdatert

Klokka er fire. Det er midt i august. Det har regna i vekesvis. Eg bur i Bergen, må vite. Endeleg kom eit høgtrykk, natta er klar og kald.

Myra ligg bada i morgonskodde. Høgt på strå sit dei, det eine smykket etter det andre med dogg som pyntar venger og kropp. Dei tynne og taggete beina gnir både søvn og dogg ut av augene.

Augnestikkarane er utrulege skapningar. Dei kan oppdage ein mygg på 20 meters avstand. Som regel er myggen ille ute. Libellene og vassnymfene har ein suksessrate på 95 % når dei jaktar. 

Jegerstanden kan berre drøyme om det same. Insekta har auge som kan prosessere 300 separate bilder i sekundet. Vi tobeinte greier berre 20. Augnestikkarane kan legge bak seg 30 km på ein time og er funne til havs 320 kilometer frå land.

Har du sett vengemønsteret eller fasettaugene, skjønar du at dei ikkje berre er fullkomne jegarar, dei er også svært vakre. Skal du lukkast med å fotografere dei, bør du ikkje vente for lenge. 

Nedbygginga av natur går i ein rasande fart. Om nokre tiår er myra dei sit på kanskje blitt eit byggjefelt, eller ein idrettsbane. Det er jo berre ei myr. Og med den forsvinn også insekta som dogg for sola.

Doggdråpane får libellene til å lyse i morgonsola.
Doggdråpane får libellene til å lyse i morgonsola.
Dei metalliske fargane på augnestikkarane og lysbrytinga i doggdråpane blir eit vakkert fargespel.
Dei metalliske fargane på augnestikkarane og lysbrytinga i doggdråpane blir eit vakkert fargespel.
Libellene kan ikkje leggje vengene inntil kroppen, slik som vassnymfene, men tørkar kanskje fortare i sola.
Libellene kan ikkje leggje vengene inntil kroppen, slik som vassnymfene, men tørkar kanskje fortare i sola.
Powered by Labrador CMS