Annonse
Tidlegare har gjerne forvaltarar drøfta verkemidla, kva kjønnsog aldersfordeling det skulle vera i avskytinga. Basert på rapporten kan forvaltarane drøfta målet, kva kommune og interessentar vil med hjorteviltet.

Kronikk

Avskytingsstrategier for elg og hjort

Denne rapporten kan gjerne kallast «Det nye testamentet» for elg og hjorteforvaltaren.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Erling Solberg og medarbeidarar har kome med rapporten Avskytingsstrategier for elg og hjort: Hva skal vi velge, og hva blir konsekvensene? Eg har tidlegare meint at hjorteviltforskrifta har vore Bibelen for hjorteviltforvaltarar.

No har eg kome fram til at hjorteviltforskrifta er Det gamle testamentet og at Avskytingsstrategier er Det nye. Mitt ynskje er at forvaltarane les rapporten.

Alle kommunar skal setja mål for utviklinga av elgog hjortebestandane. Dei bør ha mål for kor stor stamma skal vera, og for korleis ho skal vera samansett. Det nye hjortevilttestamentet seier lite om kor stor stamma bør vera, berre at ho bør baserast på fôrtilgangen, eg reknar dermed med at dei vil bruka beitetakseringar som indikator på jamvekt mellom beitebehov og beiteproduksjon.

Derimot er rapporten ei gåve når kommunar, saman med jaktrettshavarar og jegerar, skal setja mål om samansetjinga av bestandane. Det viktigaste, det heilage sakramentet, er tabellen som er vedlagt. Tabellen er eit etterlengta hjelpemiddel for å setja kommunale mål.

Kommunen kan velja:

1) å fella flest mogelege dyr,

2) få ut mest mogeleg kjøt,

3) fella mest mogeleg trofédyr,

4) optimalisera uttaket av dyr, kjøt og trofédyr,

5) ha eit høgt og effektivt uttak av dyr, kjøt og trofédyr eller

6) oppretthalda ein opphavleg bestandsstruktur og overlevingsmønster.

Tidlegare har gjerne forvaltarar drøfta verkemidla, kva kjønnsog aldersfordeling det skulle vera i avskytinga. Basert på rapporten kan forvaltarane drøfta målet, kva kommune og interessentar vil med hjorteviltet.

Tabellen viser føremoner og ulemper ved å forvalta mot dei ulike måla, og korleis kjønnsrate og avskytingsstrategi må vera for å nå det valde målet. Sjølv tykkjer eg det har vorte for få store oksar og bukkar i bestandane etter jakt, og ville difor gått for balansert kjønnsfordeling. Andre har heilt sikkert andre ynskjemål, det kan verta mange interessante diskusjonar når nye kommunale mål skal setjast.

Dei fleste vil truleg falla ned på kombinasjonsmål som gjev litt av kvart, både dyr, kjøt og trofé.

Det skulle likevel vore gildt om nokre kommunar, gjerne Stor-Elvdal, satsa på store og gamle hanndyr til glede ikkje berre for jegerar, men ogso for rypejegerar og bærplukkarar som kunne få store synsgleder.

Gå grundig gjennom den vedlagde tabellen og søk rapporten gratis opp på nettet og les!

Oppsummering av hovudelementa i ulike jaktforvaltingsstrategiar (Solberg et al. 2021)

Jaktforvaltningsstrategi Forvaltningsmål Avskytningsstrategi Kjønnsrate Fordeler Ulemper
Utbytteorientert, antall felte dyrMaksimalt uttak av dyrHøy andel kalv og ungdyr (>70 %)Maksimalt hunndyrdominert (2:1)Mange skuddmuligheter, lav jaktinnsats, lav vinterbestand, lavt beitetrykk sommerFå eldre hanndyr, genetisk sårbar, moderat kjønnsuttak, følelsesmessig utfordrende
Utbytteorientert, kjøttavkastningMaksimalt uttak av kjøttLav andel kalv (<10 %)Maksimalt hunndyrdominert (2:1)Høy kjøttavkastning, lite følelsesmessig utfordrendeModerat uttak av dyr, få eldre hanndyr, genetisk sårbar, høy vinterbestand og jaktinnsats
Utbytteorientert, antall trofèdyrMaksimalt uttak av fullvoksne hanndyrLav andel kalv (>10 %)Balansert (1:1)Høyt antall eldre hanndyr, lavere vinterbestand og jaktinnsatsLat uttak av kjøtt og dyr
Utbytteorientert, maksimere jaktutbytteOptimalisere uttaket av dyr, kjøtt og trofèdyrLav til moderat andel kalv (10-30 %)HunndyrdomintertHøy økonomisk avkastning for jaktrettshaverFå eldre hanndyr, genetisk sårbar bestand
Samfunnsorientert, maksimere nytteHøyt og effektivt uttak av dyr, kjøtt og trofèdyrModerat til høy andel kalv (20-50 %)HunndyrdominertHøyt uttak av dyr og kjøtt, lav jaktinnsats, lav vinterbestandFå eldre hanndyr, genetisk sårbar bestand
Bevaringsøkologisk opprinnelig bestandsstruktur og -kondisjonOpprettholde opprinnelig bestandsstruktur og dødelighetsmønsterHøy andel kalv (> 50 %) og årlig (10 20 %)Balansert (1:1)Høy andel eldre dyr i bestand, genestisk robust, høye vekter og fruktbarhetsraterLavt uttak av kjøtt og eldre hanndyr, få skuddmuligheter, følelsesmessig utfordrende

Powered by Labrador CMS