Annonse

Månedens ytring

Kvalrossone i Indre Oslofjord

– Kvalross må få etablera seg i område utan urfolk eller sau, men med rikeleg tilgang på føde.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.

Då Den store isen smelta og Norskekysten openberra seg, leika kvalrossflokkar i fjøresteinane og kvilde på strendene. Etter kanskje 1000 år hadde folka som levde sør og nordaust for breen lært seg å laga båtar som romma menn, koner, ungar, telt og utstyr, og padla inn frå nord og sør.

Eg veit ikkje om desse fyrste urnordmennene høver inn i urfolkdefinisjonen, men etter alt å døma oppførte dei seg mot kvalross som mink i ein ternekoloni. Betre dokumentert er at vikingane med Den svarte vikingen, Geirmund Heljarskinn, i brodden, utrydda kvalrossane på Island. Skinna, som vart skorne i smale striper til reip til vikingskipa, og elfenbeinstennene var so verdfulle at alle vart drepne. Berre restar av kvalrossbestandane overlevde langt nord utanfor våre forfedrars rekkevidde.

No er heldigvis kvalrossen freda, bestandane i nord får veksa uhindra, og unge individ kan atter leggja ut på vandring for å reetablera koloniar. Ein ung kvalross hamna, etter eit omflakkande liv, i Indre Oslofjord. Der var rikeleg med føde. Mange stren- der var nedbygde, men flust av båtar eigna seg som kvileplassar. Der ville ho kunna leva godt i årevis, ventande på innvandrande artsfrendehann.

Ut frå Bernkonvensjon, naturmangfaldslov og regelverk har arter som kjem til Noreg utan hjelp av menneske, rett til å vera her. Men plagsame dyr treng ikkje vera over alt. Ulv kan ikkje vera i tamreinområda, urfolk har i sine område sjølvsagt rett til å utrydda dyrearter. Sauebønder er ikkje urfolk, men dei har, i motsetnad til saueeigarar i resten av fastlands-Europa, i over hundre år slept sauer på beite utan inngjerding eller gjeting.

Sauer er ålreite dyr, og eigarane må sjølvsagt få lov til å sleppa dyra sine fritt. Ulv kunne med rette ikkje få vera i område med sauebeite eller tamreindrift. Finnskogingar, østerdølar, østfoldingar og harejegerar er ikkje urfolk. Områda deira har ikkje lenger sau og er fullt av ulvens byttedyr. Området ligg inn mot leveområdet til svenske ulvar og tek i mot dei fleste innvandrarane. Styresmaktene finn dermed området godt eigna som ulvesone. Me har difor praksis og røynsle med etablering av soner for reetablerande dyrearter.

Kvalross må få etablera seg i område utan urfolk eller sau, men med rikeleg tilgang på føde. Den unge kvalrossen enda med å slå seg ned i Indre Oslofjord som dermed må vera framifrå kvalrosshabitat. Truleg var her store koloniar før dei fyrste, som kanskje var urfolk, utrydda dei. Men eg trur ikkje at nokon vil kalla nolevande oslofolk for urfolk, i alle fall ikkje etter gjeldande urfoldefinisjon.

Det er heller ikkje mykje sauebeite i kvalrossområda. Kvalross kan truleg øydeleggja garn for yrkesfiskarar, men slik eg har oppfatta artiklar i Jakt & Fiske, er yrkesfiske ein av dei store trugsmåla mot fisken i Oslofjorden. Reetablering av kvalross kunne vera til nytte for fiskebestandane. Det ville i alle høve vore nyttig med hardt beite på stillehavsøsters.

Kvalrossen er stor og farleg, men foreldre treng ikkje ottast angrep på ungar på skuleveg. Men det er altfor risikabelt å bada nær kvalross. Bading må likevel seiast å vera ein hobby og kan ikkje tilleggjast noko vekt, slik jakt og hundar er hobby som spela inga rolle ved etableringa av ulvesona.

Næringa reperasjon av låge fritidsbåtar kunne kanskje verta større, medan andre næringar kunne verta skadelidande når kvalrossbestanden var reetablert. Men ogso her har me røynsler frå ulvesona, utmarksnæringa tapar, utan at det betyr noko for stat og storting. Lagmannsretten slo nyleg fast at nokre ulemper må ein leva med i ulvesona, slik og for kvalrossona.

Eg vart svært fascinert av eskimoar som jakta kvalross frå kajakk, skildra av Fritjof Nansen i «Eskimoliv». Eg ville føreslege nokre jaktløyve frå kajakk i kvalrossona for å halda kvalrossbestanden på høveleg nivå. Dersom Lagmannsrettens prinsipp om jakt i ulvesona skulle gjelda ogso i kvalrossona, ville det vera umogeleg. Lagmannsretten meiner at ulv som oppfører seg som ulv, ikkje kan fellast i ulvesona, sjølv om bestandsmålet sett av Stortinget for lengst er overskride.

Den unge kvalrossdama dokumenterte at Indre Oslofjord er godt kvalrosshabitat. Det kan ta år før neste kvalross kjem og ti- eller hundreår før ein kvalrosskoloni er på plass. Det vil vera mykje lettare å etablera ei kvalrossone før det kjem kvalross, slik det var lettare å utan atterhald slutta seg til Bernkonvensjonen før ulv kom attende til landet. Eg oppmodar difor miljøvernminister Espen Barth Eide å straks setja i gang arbeidet med å etablera ei kvalrossone i Indre Oslofjord.


Powered by Labrador CMS