Annonse

Månedens ytring

Lat smågrisen koma til meg

Alle vil på villsvinjakt, men lyt reisa til utlandet. No er vill gris på veg attende mot Noreg.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.

Veterinærane er skremde. Styresmaktene har laga handlingsplan mot villsvin. Men villgrisen kom opphaveleg til Noreg på eiga hand og vart sannsynlegvis utrydda av folk.

Spørsmålet er om det kunne vore lurt av jegerane å uansvarleg skyta eit varselskot når dei får sjansen til å fella fyrste villsvinet som dukkar opp ein stad? Det vil kunna føra til raskare etablering av morosamt og velsmakande jaktobjekt som toler fri jakt heile året.

Eg trudde det var litt eksotisk då eg vart invitert på villsvinjakt i Alsace, Frankrike. Då eg nemnde dette, oppdaga eg at alle hadde vore og skulle på grisejakt rundt omkring. Eg fekk sjølv sanna at villsvinjakt både var passeleg vanskeleg og morosamt, og villsvinbaconet og den røykte speka skinka, smaka framifrå.

Villsvinet har ogso ein heilt fantastisk økologi. Eitt år gamle purker forplantar seg, og vanleg kullstorleik er fire-åtte. Tigrane i Nepal er like glade som Obelix i villsvinsteik. Likevel klarte korkje tiger eller Obelix å utrydda dei.

Dei fyrste jordbrukarane i Noreg var meir dugande, dei klarte det. Det er vanskeleg å rekonstruera nett kva som hende. Me kan lesa i vitskaplege arbeid at villsvina forsvann då tamgrisen vart vanleg for 4-5000 år sidan.

Me kan spekulera på om villsvina forsvann av seg sjølv, eller om dei øydela for bøndene som i snørike vintrar klarte å ta knekken på dei, noko eg finn svært sannsynleg.

Me kan ogso spekulera på om tidlegare jegerfolk, som åt mykje villsvin, sette noko pris på utryddinga. I Sverige, der levevilkåra for gris er betre, overlevde dei til dei vart oppetne på 1600-talet.

Eg er økolog. Økologar trur på evolusjonen. Me trur at når sjukdom kjem, då døyr mange, men dei som har genar til det, dei overlever og fører friskt avkom vidare. Til og med under Svartedauden døydde berre om lag halvparten.

Men evolusjonen krev død og tid. Heldigvis har me veterinærar, dei er raske. Veterinærar kan sjukdom. Om dei drep alle sjuke, vil ogso sjukdomen døy.

Av og til tenkjer eg på molboen. Han vart beden om kjøpa fyrstikker, men oppdragsgjevaren ville vera sikker på at fyrstikkene virka. Molboen kom glad att og fortalde at han hadde kjøpt fyrstikker – og alle tok fyr!

Veterinærar likar å vera sikre. Det er heilt sikkert at ei art som ikkje er i Noreg, vil gjera ingen skade her.

Det er ikkje tvil om at villsvin mange stader gjer stor skade. Det var nok ikkje tilfeldig at dei fyrste jordbrukarane i Noreg rydda dei ut då tilhøva gjorde det mogeleg. Svina rotar i jorda og øydelegg åker og eng. Dei kunne ogso øydeleggja for tamgrishaldet.

Villsvina har som haren mange parasittar, og må kontrollerast før eting. Mennesket har ført svinepest frå Afrika til Europa til stor skade for villsvina. Afrikansk svinepest drep vanlegvis rundt 90 prosent av villsvina. Villsvina kan smitta tamgris.

Svinepesten har ført til enorme økonomiske tap for svineindustrien. Om mennesket fører svinepest til Noreg, kan smitten verta spreidd av villsvin. Dermed vil matindustrien ikkje ha villsvin til landet.

Tru kva dei opphavlege nordmennene, jegerfolka, ville tykkja om atterkoma? Eg har sett grundige artiklar som viser at svenskar ættar frå blanding av dei fyrste opphavlege jegerfolka, av ei fyrste bylgje med jordbrukar frå Syria og innvandrande ljose jordbrukarar frå Asia.

Me kan tenkja oss at nordmenn levande i område stort sett ueigna for jordbruk har enno større innblanding av jegerfolkgenar. Kanskje jegergenane innerst i oss ville lika at eit opphavleg byttedyr kjem att?

Ulven kom etter reinen då isen smelta. Han vart utrydda. Villsvinet vart truleg ogso utrydda, men for lenge sidan. Artsdatabanken har laga sine reglar. Etter desse reglane er ulven raudlista og villsvinet svartelista. Andre reglar kunne sett begge på ingen eller begge listene.

Veterinærane er ansvarlege, fornuftige flinke fagfolk som vil det beste for oss og landbruksnæring og matindustri. Handlingsplanen mot villsvin vil verta gjennomført. Det er bra. Men inne i frå dei med størst andel jegergenar trengjer det seg kanskje på eit uansvarleg ynskje om meir opphavleg natur.

Fritt etter Matt 19,14 kjenner dei djupt inni seg: Lat smågrisen koma til meg, hindra dei ikkje, slike høyrer Guds rike til. Og dei vurderer om det bør opprettast ein grisegerilja som skyt varselskot for fyrste grisane som dukkar opp for seinare å kunna jakta gris so mykje dei vil gjennom heile året velsigna av jaktrettshavarar og veterinærar.

Powered by Labrador CMS