Annonse

Månedens ytring

Lisensjakt er ikkje jakt, men uttak eller felling

– Ikkje kall felling av jerv for jervejakt, kall det jerveuttak. Ikkje kall dei som feller jerv for jervejegerar, men for jervefellarar, skriv Torstein Storaas i si ytring.

Publisert Sist oppdatert

Haldningane til folk flest avgjer om våre barnebarn vil kunna jakta. Mi positive haldning er avhengig av at me knallhardt skil jakt og uttak. Jakt er ein gledesbasert aktivitet tufta på berekraftig bruk av vilt som har alle sjansar til å sleppa unna. 

Uttak er nådelaust å fella vilt som overordna styresmakter har bestemt skal bort. Lisensjakt lyt endra namn til lisensuttak og lisensjegeren til lisensfellar, eller som James Bond: agent med løyve til å drepa.

Mange jaktande og ikkje-jaktande turgåarar fortel gledesstrålande om jervespor som kryssar skiløypa. No fortel dei same med sorg om jervejakt og jervejegerar som feller alle jervane som var påvist med individuell DNA i oppsamla skit. 

Jerv er åtseletar som har funne alle kadaver som forskarar har sett kamera på. Eg vert fortalt at jervejegerane set kamera på åter utover svære landskap. Når bilete av jerv tikkar inn på mobilen, forlet jaktlaget arbeid, hiv seg i bilen, køyrer til åtet og slepper god jagande hund med GPS-halsband. 

Den gode jervehunden finn og jagar jerven. Jaktlaget fylgjer med på mobilen og køyrer og posterar i retninga GPS-en viser at jerven går. Smett jerven gjennom postrekkja, køyrer dei til neste veg dit GPS-en viser at jerven vil koma. 

Jakta kan gå milevis. Om hunden vert trøytt, set dei på ny hund. Til slutt går utsliten jerv opp i tre, der han kan skytast, eller ned i ur, der jegerane grev han ut. Dette er uttak, ikkje jakt. Jervespora me gledde oss over i fjor er borte. 

Går me med på å definera dette som jakt, vil jakta missa det gode omdømet, og våre barneborn vil missa høvet til jakt.

Det er eit stort privilegium å kunna jakta på ville dyr. Frå at det før jordbruket var nokre få millionar menneske på jorda, har talet på folk og husdyr auka til å utgjera mellom 95 og 99 prosent av vekta til alle landlevande pattedyr. 

Elefantar, elgar, mus og hjortar, alle ville arter, veg berre mellom 1 og 5 prosent. Jakt på desse må vera berekraftig og fylgja gjennomtenkte etiske reglar. Amerikanarane snakkar om fair chase, tilsvarande fair play

Korkje Espen Farstad eller Språkrådet kunne hjelpa meg med betre norsk ord. Eit viktig element i fair chase er at jegeren må overlista viltet – og at viltet har ein reell sjanse til å klara seg. 

Bruk av viltkamera, GPS og bil dømer jerven til døden. Me må drøfta kva teknologi som kan forsvarast ved jakt.

Eg vil ikkje finna att mine hundar i stand i skogen utan GPS. Likevel vil eg forsvara bruken fordi dette fører til for stortgåande hundar som fullstendig slit ut gamle gubbar som meg i rask gange frå stand 500 m til venstre og deretter 700 m til høgre. 

Og når eg kjem fram, har fuglen floge, eller han lettar utanfor skothald. Dette er bra både for folkehelsa og fuglane. Eg trur ei god etisk løysing kan vera å påby at me under jakt må gå. 

Etter at viltet er jaga ut, må me gå til fots eller på ski. Dersom jaktlaget skal bruka bil, må det krevjast at pågåande jakt avsluttast. Omposteringar må skje til fots. Me kan bruka bilen for å plukka opp hunden, men då kan me ikkje skyta jerven om me skulle sjå han. 

Då er det jakt etter høg etisk standard, og det vil vera lett å forsvara for oss og våre barneborn.

Etter at viltet er jaga ut, må me gå til fots eller på ski. Dersom jaktlaget skal bruka bil, må det krevjast at pågåande jakt avsluttast. Omposteringar må skje til fots. Me kan bruka bilen for å plukka opp hunden, men då kan me ikkje skyta jerven om me skulle sjå han. Då er det jakt etter høg etisk standard, og det vil vera lett å forsvara for oss og våre barneborn.

Det er heilt annleis med uttak. Har styresmaktene bestemt at jervar, ulvar eller kongeørnar skal fellast, må dyra drepast raskt og effektivt. Raudrev bør takast ut. Då må dei kunna bruka kva hjelpemidlar dei ynskjer, det vara helikopter, kanoner eller dynamitt, berre det går raskt. 

Men det må ikkje kallast jakt! Kall det uttak, fellingar, men ikkje jakt! Ikkje kall felling av jerv for jervejakt, kall det jerveuttak. Ikkje kall dei som feller jerv for jervejegerar, men for jervefellarar. 

Eg veit at mange av dei er svært dugande jegerar som legg stort arbeid i trening av seg sjølve, hundar og i skyting. Eg trur mange av dei kunne fått fin jakt utan bil. 

Det ville gitt langt meir jakt per jerv, og jervestamma ville kunna jaktast berekraftig år etter år. Og viktigaste: Jerven ville ikkje verta utsliten, og omdømet til jakt ville ikkje verta skadelidande.

Den nye jaktlova må forby bruk av bil under jakt, men opna for bruk av effektive hjelpemiddel ved uttak. Då kan eg og mine barneborn seia at det ikkje er jegerar som er ansvarlege for at me ikkje lenger kan gle oss over jervespora. 

Ansvaret har derimot politikarane etter påtrykk av fåtalege, men politisk sterke sauebønder og tamreineigarar. Dugande politikarar må endra regelverket slik at jerv kan forvaltast som ein berekraftig jaktbar ressurs med kvotejakt i område utan sau eller tamrein. 

Då vil det vera nok jervar til å laga nye jervar, nok jervespor for turgåaren og nok jervar å jakta på for jegerar som ikkje driv uttak, men jakt.

Powered by Labrador CMS