Annonse

Månedens ytring

Å fiska - det er å elska det di sjel fikk nå

Eg likte fiska, men ikkje å eta fisken. No likar eg å fiska, og eg likar å eta fisk, men framleis er eg meir oppteken av fiskegleda enn av å drepa fisken – om me då ikkje er på tur og treng mat.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.

Det er for gale at tilsyn og folk som trur dei har betre etikk enn meg, skal bestemma om eg skal drepa eller sleppa ut att fisken. Dette lyt eg sjølv, eller fiskeforvaltaren få bestemma. Tilsyn og falske profetar kan eta gras.

Jakob Sande skreiv i diktet Som­marfiske: «So låg vi for ripa med reiskapen vår og såg ned i sjøen, uendeleg klår kor agnet vårt skinande søktest, og flakkande skuggar sveiv til og ifrå, og stana ved agnet vårt ender og då til dess det kom bort som det sløktest.» Og: «Slik låg vi forkava nota i ring, og gløymde bort dagen og verda i kring – kvart kastet med spaning oss fylte, fornøgde med livet og sutalaus fri - det var berre sola og måsen og vi, og fisken som lokka og trylte».

Og då dei kom heim i støa: «var bakskuten full nok, men magen var tom, og augo var søvnsmå og tunge».

Sande skildrar ogso det lokkande i sjøen i Då Gud heldt fest i Fjaler: – «Botten på femti famnar låg som eit eventyr med skimt gjennom myrk korallskog av storfisk og fabeldyr».

Morten Strøksnes i Havboka ville fanga fabeldyret håkjerring som verkeleg finst djupt i havet. Mennesket fiskar fordi me er menneske, gjennom millionar av år har våre forfedre overlevd ved draumen og freistnaden på å klara å fiska fisken. Me har gledd oss over fisket – og konsekvensen av fiske – fisken har gjort at me overlevde.

Eg får løn. Eg kan kjøpa den maten eg vil ha. Eg kan kjøpa fisk, men eg har ikkje løn til å kjøpa fiske i dei beste lakseelvane. Lærdalselva er for kongen.

Kongar og adel i England kalla fisk og vilt for game. Game er ogso det engelske namnet for spel. Eg trur, utan å vilja sjekka om det er sant, at game kjem av vårt gamle ord gaman. Når me har gaman, har me det gildt.

Folk skal ha det gildt, me må fiska. Men; når fisken for oss er meir verdt levande enn daud, kvifor skal me då slå han i hel? Når me har fiska nok til oss og nok til katten, skal me då slutta å fiska?

På telt- og kajakktur stoggar kona mi meg når me har nok å eta. Eg har då freista fiska fabeldyr, noko eg enno ikkje
har fått, men det er ei plage å måtta slå i hel alle dei fiskane som beit i staden for Midgardsormen fordi Mattilsynet ynskjer det.

Dei kunne spurt fisken, om fisken heller ville levd. Dei få fiskane eg har slept ut att, har alle sumt sin veg. Om dei ville verta drepne, slik tilsynet vil, hadde dei ikkje sumt bort. Men det gjorde dei! Tilsynsfisken gjekk i måsen og havørna.

Min oldefar, Ole Dominicus Danielsen, vert sitert på: «Jeg spiser ikke gress», då han fekk salat. I dag finst folk som er reine planteetarar, oldefar Danielsen ville nok ha kalla dei «gresspisere».

Tilsyn og grasetarar vil at mink ikkje skal vera i bur. Mink må få leva fullverdige uteliv der dei kan drepa aure. Å få leva ut dei naturlege lystene er viktig for minken. Me menneske har same opphav langt attende i tid. Minken har levd av fisk, dei fyrste nordmenn levde av fisk.

Men som minken får sin mat i buret, får me vår fisk i fiskedisken. Me får ikkje levd ut våre instinkt og menneskeliv, me lever som minken i bur, om grasetarane får det som dei vil.

Vederbuk, gullbust, brasme og rar ufisk med sjeldne namn kan fylla behovet som frysedisken ikkje fyller. Mort kan fylla fiskebehovet til folk som ikkje er konge som har råd til å få fiskebehovet fylt i Lærdalselva.

Fiskeopplevinga kan ufisk, som vert slept ut att, gje oss, og me kan kjøpa fisken me ikkje har råd til å fiska, i frysedisken i butikken.

Beviset for at fiske er eit større og viktigare behov enn daud fisk for oss vanlege folk i vår tid, er at det beste fisket kostar uendeleg mykje meir enn butikkprisen på den daude fisken fiskarane får med seg heim!

Lat grasetarane eta gras, lat tilsynet tenkja ut utkropen etikk som dei sjølve kan leva etter, og lat oss andre drepa eller sleppa ut att fisken etter kva behov me har, og kva reglar fiskeforvaltarane finn gode for fiskebestandane.

Amen.

Powered by Labrador CMS