Annonse

Månedens ytring

Jeger-og byttedyrkapplaupet

– Kanskje termisk kikkert er slutten på den herlege toppjakta, undrar Torstein Storaas i sin ytring.

Publisert Sist oppdatert

Me kan lesa i bøker om haren og fiendane hans – rev, mår og hønsehauk. Men reven oppfattar seg ikkje som fienden til haren, reven elskar harar. Reven drøymer søte draumar om harar, og revehim melen er full av harar. 

Nokre øyer nordpå er reve himlar fordi der ikkje er rev, revehimmelen er ein uoppnåeleg revedraum, kom rev dit, ville det etter kort tid ikkje lenger vera ein himmel. Elskarane ville straks ha ete dei fleste dei elskar. 

Likevel overlever harane. Det er eit evolusjonært kapplaup mellom hare og rev. Dei harane som lurer reven, og dei revane som fangar harar, får flest avkom. Harane vert flin kare til å unngå revar, revane vert flinkare til å fanga harar. Slik er det ogso med folk og våre byttedyr.

forfedrane våre kom ut av Afrika, opplevde dei kortvarige vilthimlar. Elefantane i Afrika hadde utvikla seg saman med mennesket og hadde lært å passa seg. 

Mammutane i Eurasia var ikkje redde for nokon, innvandrande elefantelskane menneske var komne til sin himmel – heilt til alle mammutane var drepne og oppetne. I Eurasia utrydda folk 18, i NordAmerika 37 og i Australia 39 arter over 45 kg (100 pund) like etter at dei vandra inn. 

På New Zealand var det ikkje pattedyr, og fuglearter hadde teke rolla som store planteetarar. Etter kort tid levde desse ikkjeflygande fuglane att som myter og minne hjå maoriane, dei var oppetne og utrydda. Artene som har overlevd, har tilpassa seg folk.

me jakta med spyd, laut viltet halda seg utanfor spydrekkevidde. Dei fyrste jegerane med pil og boge opplevde jegerhimmelen til viltet lærte å halda seg utanfor pilebogehald. Likeins med armbrøst og munnladarar med rundkuler. 

Framsteget med Krag Jørgensen var so stort at villreinen laut fredast frå år 1904 til 1906 for å hindra utrydding. Seinare har viltet måtta tilpassa seg kikkarsikte, skarpskyttar rifler, avstandsmålarar og i det siste termisk militær utstyr. 

I gamal tid kunne tiuren trygt beita bar i furu toppen til jegeren nærma seg bogehald, deretter laut han tilpassa seg haglehald og riflehald. Spørsmålet er om han klarar å tilpassa fluktavstanden med og utan snø på trea til termisk kikkert, avstandsmålar og skarpskyttarrifle. Kanskje termisk kikkert er slutten på den herlege toppjakta?

Grunnleggjaren av amerikansk viltforvalting, Aldo Leopold, skreiv i 1943 eit essay om Vilt i amerikansk kultur. Der står: «Sportshandlarane lagar alt for mykje moderne utstyr for å få oss nærare naturen, men som i røynda fører oss bort frå naturen». 

I dag kan me gjerne tilføya at det moderne utstyret har ført naturen bort frå oss, arter der jakt er viktig dødsårsak, tilpassar seg lenger fluktavstandar ved læring og evolusjon. 

Dette er både dumt og kjekt, det er ei mykje større oppleving å sjå noko som er vanskeleg enn lett å sjå. 

Det er ei større naturopp leving å sjå villrein i fjellet enn tamrein i hagane i Hammerfest. Naturfotografane ville gått konkurs om alle kunne ta bilete av bjørn og kongeørn i hagen.

Dei som byrjar bruka nytt teknologisk utstyr, feller vilt og får fisk. Men samstundes går noko av magien og mysteriet tapt. Me treng ein diskusjon om kva jakt og fiske skal vera.

Dei store amerikanske jegerorganisasjonane Boone and Crockett Club, Pope & Young og Safari Club International har alle strenge reglar for korleis jakt skal gå føre seg. 

Alle er svært opptekne av Fair Chase som Boone and Crockett Club definerer som: Etisk, sportsleg og lovleg felling av frittlevande vilt på ein måte som ikkje gjev jegeren ei urimeleg eller urettvis føremon andsynes viltet. 

Når me innfører nye militærteknologiar vil fyrst fangstane verta store, men etter kvart kan viltet tilpassa seg dersom me har reglar som hindrar utrydding. 

Men ved kvar teknisk nyvinning, får jegeren urimeleg eller urettvis føremon andsynes viltet, og amerikana rane held strengt på konservative jaktreglar.

Utfordringa verkar enno større i sportsfiskeverda. I Jakt & Fiske nr. 4 2025 skriv Alexander Schindler viktig om «Den ufullendte sportsfisker». 

Det er eit veldig sprik mellom fiske på gamlemåten og millionbåtfiske med «levande ekkolodd» som viser kvar fisken er og korleis han reagerer på ulike lokkemidlar som skal få han til å bita. 

Sportfiske guru Lars Nilssen oppfattar bruken av millionbåtar med alt av profesjonelt utstyr som dataspel og noko heilt anna enn det han opplever som fiske.

Eg trur at Aldo Leopold og Lars Nilsen har heilt rett. Dei som byrjar bruka nytt teknologisk utstyr, feller vilt og får fisk. Men samstundes går noko av magien og mysteriet tapt. 

Eg trur urmennesket med spyd drøymde om utstyr til å fella vilt på lange hald, og urfolk tek vanlegvis imot nye tekniske hjel pemiddel når dei får tilgang til det. Men magi og ferdigheiter går tapt ved kvart teknologisk fram steg. 

Jakt med pileboge på hjortar med fluktav stand tilpassa pilebogen ville truleg gitt større naturoppleving og meistringskjensle enn felling av hjort med termisk sikte på bøen om natta. 

Artikkelen til Alexander Schindler tek opp tema som NJFF lyt drøfta framover. Me treng ein diskusjon om kva jakt og fiske skal vera, vil me erstatta mystikk, dugleik og magi med teknologi?

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS