Annonse

Storaas svarer

– Kunnskap skal styra tiltak for å bruka og ta vare på arter

Torstein Storaas svarar på kritikken frå Ola Myklebost.

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Dette er eit lesarinnlegg. Meiningar i teksten står for skribentens eiga rekning.

Under overskrifta «Problematisk ørneprosjekt» kjem Ola Myklebost i J&F nr 7/22 med kritikk av innhaldet i min kronikk i J&F nr 5/22.

Eg oppfattar at Myklebost meiner 1) at det er uetisk å fella eksperimentelt individ av ei freda, ikkje raudlista art for å få kunnskap om korleis ei raudlista art kan hjelpast, 2) at naturen skal gå sin gang utan at mennesket grip inn, og 3) risikoen for å skadeskyta vilt på jakt skal minimerast.

Ytringa som starta debatten: Eit havørneksperiment

Sjølv er eg overtydd om at «Kunnskap skal styra rike og land».

Eg er heilt samd i at korrelasjonar ikkje treng ha nokon som helst årsakssamanheng. Difor bør eksperiment gjennomførast. Det er etisk høgverdig å fella individ, ein del av produksjonen, av ikkje raudlista arter for å få kunnskap om effekten på raudlistearta og arta sjølv.

Kritikken frå Myklebust: – Problematisk ørneprosjekt

Det er ogso høgverdig å gjennomføra tiltak for å ta vare på og bruka arter. Til sist er eg heilt samd i at me bør minska risikoen for skadeskyting på jakt – om me jaktar i skogen eller på bøen.

Powered by Labrador CMS