Annonse

Bok || Viltforvalting mot ein ny horisont: Biologi – men mest folk

Forsiden av boka Viltforvalting mot ein ny horisont: Biologi – men mest folk.

Solid om norsk viltforvaltning

– Natur- og viltforvaltning er jo nettopp å forvalta natur i eit landskap med mange interessekonfliktar, og her ligg ei av boka sine styrker, skriv professor Stein Joar Hegland i si bokmelding.

Publisert

Viltforvalting mot ein ny horisont: Biologi – men mest folk

Forfattarar: Torstein Storaas og Scott Brainerd

Forlag: Universitetsforlaget

Pris: kr 599,-

Sider: 314

ISBN: 9788215065601

eISBN: 9788215069456

Forsiden av boka Viltforvalting mot ein ny horisont: Biologi – men mest folk.

Alle som har høyrt Torstein Storaas i føredragsform, eller vore så heldig å ha diskutert med han, veit at han ikkje er ein gjennomsnittleg viltbiolog. Storaas kan med sin evne til å spissformulera og setja ting inn ein større samanheng, kombinert med sine alltid etiske refleksjonar, få dei fleste til å tenka seg om ein gong til.  Slik er det også i boka «Viltforvalting mot ein ny horisont: Biologi - men mest folk».

Sjølv om tittelen kanskje er litt krokete, er innhaldet det ikkje. Boka er nemleg full av gode formuleringar og interessante refleksjonar, kombinert med bruk av eit omfattande litteraturmateriale. Medforfattar Scott Brainerd har solid og variert praktisk-fagleg erfaring frå både Nord-Amerika og Noreg. Saman har dei skrive ei lærebok i viltforvalting som står seg svært godt. Formidlingsevna er stor, og delar av boka er såpass lettlese at den kan konkurrera om eit vanleg publikum mot meir populære tekstar om naturens utfordringar.

Boka sine første kapittel gjer det klart at viltforvalting eigentleg handlar om å forvalte folk og deira interesser, ta omsyn til politikk og skiftande opinionar. Ei viktig påminning både for ein biolog og jeger, slik som underteikna, som helst skulle ha forvalta bestandar og landskap for best mogeleg kunne både jakta på og oppleva viltet.

Vidare får vi ein gjennomgang av lovverket, der viltlova no er under revidering. Det er bra med oversikten boka gir, men for den praktiske viltforvaltinga skulle eg ønskjer at forholdet mellom ulike lovverk som Viltlova, Naturmangfaldslova og Plan- og bygningslova (PBL) ble drøfta meir. Med det meiner eg at viltforvalting nok må bli enno meir natur- og landskapsforvalting i framtida, og då blir arealforvaltninga som skjer gjennom PBL i kommunane viktigare og viktigare. 

Problemet her er at landbrukskontora i kommunane, som oftast har viltforvaltaren, altfor for sjeldan er involvert i arealplanlegginga. Dette er eit problem som både kjem av organiseringa i samfunnet og i dei relevante utdanningane. Boka kunne i noko større grad prøvd å skape ei bru over desse ulike lovverka og forvaltingspraksisane.

Natur- og viltforvaltning er jo nettopp å forvalta natur i eit landskap med mange interessekonfliktar, og her ligg ei av boka sine styrker.

Ei styrke er evna til å setja norsk forvaltingspraksis i ein internasjonal samanheng. I kapittel 5 vert dette gjort i detalj, og det kan vera bra for ein (ofte) nærsynt norsk lokal forvalting. Også denne delen blandar eigne erfaringar og faglege referanser, og har ein imponerande kjeldebruk.

Vi får også vite mykje om overvakingsmetodar for vilt. Det er nyttig å få denne oversikta og samstundes få påpeika styrkar og svakheiter med desse. Forvaltninga kan ofte vektlegga enkelte av desse for mykje. I nokre tilfelle skulle eg gjerne fått vita litt meir om metodane, på lik linje med beskrivinga av linjetaksering der forfattarane opplagt har mykje erfaring. Adaptiv forvaltning blir løfta fram som framtida for viltforvaltinga. 

Den er jo nettopp ein blanding av kunst og vitskap. Kanskje ein skulle brukt litt meir tid på korleis dette har betydning i praksis for den kommunale forvaltninga, som jo utgjer den viktigaste delen av viltforvaltingssystemet i Noreg, spesielt mot storviltet. Her ligg både den største ressursen og det som skapar dei fleste interessekonfliktane på landsbasis.

«Å hausta bestandar» (Kapittel 11) er blant dei viktigaste i boka. Her skil forfattarane mellom ulike formar for avliving av dyr. Regulert jakt har nemleg ein heilt motsett effekt på viltbestandar enn uregulert jakt, offentleg uttak eller tjuvjakt. Og igjen: etikken er også annleis, eit viktig perspektiv som gjennomsyrer boka.

Når det gjeld storviltforvalting, er det tydeleg at forfattarane har arbeidd mest på Austlandet der elgen er dominerande. Hjorten, som er det mest talrike storviltet vi har, og som er ein klimavinnar saman med rådyret, kunne nok fått litt meir plass då utfordringane også er noko annleis enn for elg og villrein, som er meir løfta fram både her og ellers i boka. Småviltet, og spesielt hønsefugl, står forfattarane nære. Det skinner godt gjennom, og er skrive med glød.

Sjølvsagt kjem også det brennbare temaet rovdyrforvalting opp, og ulven får mykje merksemd. Kvart kapittel endar med forfattarrefleksjonar som er nyttig både som oppsummering og for å setja stoffet i perspektiv.

Boka kan nyttast som bakgrunnstoff til ei førelesingsrekke om viltforvalting eller delar av den kan nyttast inn i breiare emne relatert til naturforvaltning. Natur- og viltforvaltning er jo nettopp å forvalta natur i eit landskap med mange interessekonfliktar, og her ligg ei av boka sine styrker. «Mange artar har ein nyttefunksjon for menneske, mange har det ikkje. Å verna og hindra utrydding er meir eit moralsk spørsmål enn eit nyttespørsmål. For mange av oss er moral svært viktig og nyttig».

Det samanfattar også kvifor god vilt- og naturforvalting av både haustbare og ikkje-haustbare dyreslag er viktigare enn nokon gong!

Powered by Labrador CMS