Annonse

Månedens ytring

Rypeliv

Dei aller fleste ryper, rapphøner og fasanar lever korte, vonleg lukkelege liv, til dei vert drepne, skriv Torstein Storaas i månadens ytring.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel.

RYPER dør i egget, som kyllingar, som ungfugl og som vaksne. Dei fleste rypeliv er korte, dei dør i rovdyrkjeft og rovfuglklør. Mange flyr i gjerde og kraftleidningar. 

Det er uforståeleg at ikkje Dyrenes Røst har bede Mattilsynet gripa inn og forby rypene å reprodusera for å hindra død og fordreving.

Norsk Ornitologisk foreining føreslår at det er mellom ein halv og ein million lirypepar i Noreg. Dei legg mellom fem og ti millionar egg, som i viltlova er likestilt med klekte fuglar. Egg er individ. Skal bestanden vera stabil, lyt mellom 5 og 10 millionar rypeindivid døy årleg.

ME menneske er ikkje statistikarar i hovuda våre, skriv nobelprisvinnar Daniel Kahneman. Me klarar ikkje generalisera frå det store til det vetle. Me klarar ikkje sjå at når mellom fem og ti millionar liryper kvart år døyr, då spelar det ikkje so stor rolle for rypebestanden når ei rype døyr. 

Men me er veldig gode til å generalisera frå det vetle til det store. Me ser ei skota rype – og generaliserer at jakt er trusselen mot rypene. Me vektlegg lidinga til den eine skadeskotne rypa på biletet langt meir enn dauden til millionane som me ikkje ser. 

Me ser den informasjonen me har, ikkje den som me ikkje har. Dette er oss ei utfordring.

HIMMELEN ville det vore om ein million færre ryper døydde i laupet av året. Tenk om vårbestanden var to millionar ryper! Då måtte 20 millionar ryper døy årleg for å halda bestanden konstant. Me og reven ville kunna hausta dobbelt so mykje. 

Men ingen har lyst til å døy. Ei dobling av bestanden ville føra til dobbelt so mange daude og ei dobling av daud og liding. Dersom det å verta drepen er ei lidingseining, ville då ei dobling av bestanden dobla mengda med lidingseiningar for rypene?

OGSO rapphøner og fasanar døyr. I Noreg klarar dei ikkje oppretthalda populasjonar utan hjelp frå menneske. Fugle- og fuglehundinteresserte drettar opp rapphøner og fasanar og set dei ut i naturen. 

Elles i Europa er det vanleg å setja ut fuglar på fredag for å jakta dei på laurdag. For å hindra slik åtferd vart det påbode å setja ut fugl før 20. juli. Dette påbodet har mindre funksjon ved utsetjing for trening av fuglehundar, då er føremålet at fuglane skal leva. Eldre fuglar bør ha betre sjanse for å klara seg.

DEI aller fleste ryper, rapphøner og fasanar lever korte, vonleg lukkelege liv, til dei vert drepne. Heldigvis lever ein del av rypene til dei har fått reprodusert. Eg er heldig som bur i Østerdalen. 

Eg har kort veg til hundetrening på ryper frå 21. august og ut mars. Mange uheldige bur i flatlandet rundt Oslofjorden og på Jæren. Ogso rapphøner og fasanar kan leva der – lenge – om dei får hjelp av oss. 

Fuglehundar kan trenast på rapphøner og fasanar. Begeistringa for slik trening varierer blant fuglehundfolk. Mitt inntrykk er at folk likar å trena på fuglar som oppfører seg som ville, men har dårlegare opplevingar om fuglane er pjuskute og berre sit til hunden tek dei. 

Som ved alt anna dyrehald legg lovverk og folk flest vekt på at dyr har det bra. Dyr skal ha det bra.

OM rapphønene har det bra under oppdrettet – og vert slept fri i høveleg habitat der dei kan finna mat og leva, er det då rett å dretta dei opp berre for trena fuglehundar? 

For meg er å trena og bruka fuglehundar ikkje noko berre. Det er ein viktig del av kvardagslivet. Eg innser at eg tilhøyrer eit mindretal, fleirtalet har rett til å forby, gjerne basert på oppblåsing av einskilde uheldige episodar. 

Det var rett å stogga dei massive utsetjingane av tamme stokkender. Samstundes ville ingen, korkje fugl eller folk, teke skade ved forsiktig utsetjing av ender innan økologisk forsvarlege rammer. 

Fleirtalet, og stortingspolitikarar, malar gjerne saker dei kan lite om i svart og kvitt basert på enkeltobservasjonar og forbyr alt, sidan det er definert som svart.

EG trur ikkje at ryper og rapphøner filosoferer mykje over meininga med livet. Dei lever til dei vert drepne. Rapphøner som er innesperra, har den føremona at dei ikkje vert drepne i egget eller som små kyllingar. 

Slepte ut vil dei verta drepne, før eller seinare, på same vis som rypene. Eg trur likevel at både ryper, fasanar og rapphøner føretrekkjer å leva sine korte liv framfor å ikkje leva i det heile. Me kan diverre ikkje spørja fuglane om deira meining. 

Men me kan spørja fuglehundfolket. Våre liv er mykje betre grunna dei naturleg korte fugleliva.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS