Annonse

 Månedens ytring

Lause tankar om forslaget til ny viltlov

Publisert

Ny viltlov skal heita viltressurslova. Og sanneleg er rype og elg store ressursar, men truleg vil få på Finnskogen rekna ulv som nokon ressurs. Lova byggjer på tidlegare norske lover og viktigaste endringane er vektlegginga av dyrevelferd og rydding i paragrafane. 

Lovforslaget skil ogso tydeleg mellom jakt på dyr etter jaktlova og felling av skadedyr etter naturmangfaldslova.

Viltlovene rundt om i verda varierer mykje. Då nybyggarane i Amerika etter revolusjonen skreiv eigne lover, var dei lut lei europeiske føydale grunneigarrettar og gav alle borgarar lik rett til jakt og fiske. 

Ogso i Noreg må det nok ein revolusjon til før jaktretten vert gitt attende til folket. Hovdingane i vikingtida eigde jord, trælar, retten til dyregraver, elg-, hjort- og beverjakt og jakt med hund.

Før ålmenn røysterett, i 1899, tok eit storting, valt av velståande menn, jaktretten utan hund frå alle og gav til grunneigarane. I viltlova frå 1981 var det framleis paragrafar som skulle syta for jakt for folket, dei vart ikkje nytta og er no borte. 

Gjev du Fanden veslefingeren, tek han heile handa. Kanskje me som leiger eller eig gode jaktterreng skal vera glade for det? Me får vona at framtidige regjeringar kjøper store eigedomar til folket og lita på at statsallmenningar, kommuneskogar og Statskog sikrar ålmenn tilgang på jakt.

Viltressurslova tek inn dyrevelferd i føremålsparagrafen og utdjupar forsvarleg jakt- og fangstutøving. Viltet skal ikkje utsetjast for unaudsynte lidingar. I forarbeida står: Hva som er en unødig påkjenning eller belastning, vil avhenge av graden av påkjenning eller belastning veid opp mot nytteverdien av handlingen. 

Eg kan difor pusta letta ut, nytteverdien av rypejakt er bortimot sjølve meininga med livet, ryper vil dermed kunna belastast med nærmast kva som helst. Mitt mål er likevel at ryper skal leva godt og døy raskt. 

NOAH ville at påkøyrd rådyr skulle lida i fanget på kunnskapslaus «dyreven», Høgsterett frikjente handlekraftig jeger som straks avliva rådyret ved å køyra over hovudet med tung lastebil. 

Forarbeida seier ogso: hva som er dyrevelferdsmessig forsvarlig avhenger blant annet av hvilken art det jaktes eller fangstes på. Høgsterett har godteke drukning av mus når nytteverdien er stor nok. Her er rom for skjønn.

Lovforslaget opnar for samisk andejakt om våren. Dei kan i forplantingstida skyta våryre ender som kjem nordover etter å ha overlevd vinteren i framande land. 

Lovforslaget spør om det er godt nok med skytevåpen og ammunisjon som er eigna til å avliva viltet på ein sikker og dyrevelferdsmessig forsvarleg måte, eller om prosjektilet må drivast av krut. Om ein ikkje eig aksjar i ammunisjonsfabrikk, er det vanskeleg å sjå grunnar til at det absolutt skal brukast krut.

Hadde Sametinget vorte oppretta før jaktlovendringane i 1863 og 1934, hadde nok samane framleis fått kvotefritt hausta ryper heile året og storfugl på leiken etter urfolks utgamle skikk.

Lovforslaget spør om det er godt nok med skytevåpen og ammunisjon som er eigna til å avliva viltet på ein sikker og dyrevelferdsmessig forsvarleg måte, eller om prosjektilet må drivast av krut. Om ein ikkje eig aksjar i ammunisjonsfabrikk, er det vanskeleg å sjå grunnar til at det absolutt skal brukast krut.

Eg var i ungdomen glad for julefredinga. Då kunne eg gå på dans og drikka meg full. Dersom det var jakt, måtte eg ha stått opp om morgonen og halde meg edru. Julefredinga bør opphevast for å fremja edruskapen til jaktgalen ungdom.

Kva hjelpemiddel som er lovlege på jakt, varierer mykje mellom land. I USA legg dei stor vekt på fair chase, tilsvarande fair play. Viltet skal ha god sjanse til å sleppa unna. 

I mange delstatar, som Alaska, er det ikkje lov å bruka elektroniske kommunikasjonsmidlar, som jaktradio, til effektivisering av jakta. Jegerane kan ikkje jakta same dag som dei har vore i eit småfly, eller på dyr same dag som det vart fotografert med viltkamera. 

Nokre statar tillet ikkje jaktlag større enn fem personar. Lovforslaget vil heldigvis forby bruk av dronar og alle former for lysforsterking på jakt anna enn i unntakssituasjonar. Men lova er for slapp når det gjeld bruk av motorkøyretøy.

Lovformuleringane må skjerpast og tydeleg slå fast at det ikkje er lov til å køyra langs vegen med bil eller snøskuter for å finna og skyta vilt eller å bruka motorkøyretøy til å byta post når gps-en på hunden viser at viltet flyttar seg i feil retning. Slik «jakt» er ikkje i tråd med prinsippa for fair chase.

Etter føremålsparagrafen skal naturens produktivitet takast vare på. Raudrev minskar produktiviteten til jaktbare og freda små viltarter. Det er bra med mogelegheiter forskotpremiar og bestandsregulerande tiltak under særeigne forhold. 

Det burde kanskje presiserast at menneskeskapte metta raudrev-bestandar er særeigne forhold.

Lovframlegget er omfattande og gjennomarbeidd. Det er greitt med krav for dødsmåtar, men eg saknar tydelegare fair chase før skotet. Her har me litt å læra av amerikanarane.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS