Annonse
Det er fatta fleire positive forvaltingsvedtak for villreinen på Hardangervidda dei siste 50 åra, meiner innsendaren i dette leserinnlegget.

Leserinnlegg

Reinen på Hardangervidda

Reinen er ikkje alltid vegen, sanninga og livet.

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Johan Vaa, grunneigar og mangeårig tillitsvald. Hovudforfattar av Reinen på Hardangervidda – natur og kultur (2012).

Dette er eit lesarinnlegg. Meiningar i teksten står for skribentens eiga rekning.

I Jakt og Fiske nr 5/22 er eit portrettintervju med Svein Erik Lund, sekretær i Villreinutvalet for Hardangervidda. Han målar eit bilete av stoda for villreinen på Hardangervidda, der fargebruken er ulike nyansar av svart.

Personlege meiningar er sjølvsagt greitt nok, men ikkje upresise og til dels urette påstandar.

Ferdsla har «eksplodert» sidan 1974, hevdar han. Sidan då har overnattingstalet på turisthyttene svinga, men halde seg på om lag same nivå, fortel tal frå DNT. Dags- og teltturistar har ein ikkje samanliknande tal for, men omfanget er knapt slik at det forsvarar ordbruken.

Svein Erik Lund: – Arealforvaltning og menneskelig ferdsel er de største utfordringene for villreinen

Ferdsla på ruta Hellevassbu – Litlos – Sandhaug held reinen borte frå dei gode beita på vest-Vidda, hevdar Lund. 15.-25. juli fjor stod det stint av dyr mellom Hellevatn og Kvennsjåen.

Dei kryssa turistvegen tallause gonger, jamvel om ferdsla truleg var på eit nivå som i andre samanhengar er observert til å påverke og stundom hindre reinstrekk.

Eit par hundre kryssa Vetla-Kvenno. Så blei det stabilt austaver og dyra for austover att. Frå midten av august var dyra langt vest og nord, kryssa såleis Tinnhølvegen, som Lund vil stenge. Sjå elles artikkelen min i Villreinen 2022.

Noko av det same biletet har me sett i år, ein del dyr har kryssa den nemnde turistvegen. I skrivande stund (4.8), stend tyngda mellom Songa og Møsvatn, dessutan ein god slump vest for Songa.

Dyra har ein langtidsvariasjon i arealbruk. Etter nedskjotinga kring 1970 heldt dei seg sumarstid i hovudsak i turistinfiserte område nord for Kvenna. Det var tomt for fostringsdyr sør for Kvenna fram til 1981. Sumarbeite for bukk og kalvingsområde har veksla mykje dei siste tiåra. Aktuell tendens er at dyra er i ferd med å taka vest-Vidda meir i bruk til sumarbeite.

Les også: Pensum for reinsjegere

Ingen forvaltingsvedtak positive for dyra dei siste 50 åra? Nasjonalparken kom i 1981 og sette bom for utbygging av Veig, Kvenna og Dagalifalla i Lågen. Kor ille slik utbygging ville vore er verdt ein diskusjon, men at det ikkje blei noko, må ein seia var positivt for dyra.

I 2007 sette Regjeringa i gang ein prosess for samordna planlegging for Hardangervidda, og etter kvart andre fjellområde. Målsetjinga var å balansere ynskje om utbygging i høve til å taka vare på villreinen og arealet.

Regionplan for Hardangervidda vart godkjend i 2011, og tilrår mellom anna eit brøyteregime for ymse vegar der villreinomsyn blir vektlagde.

Meir aktuelt: I Hol kommune er det fast praksis at oppkøyring av skilåmer blir sett på vent når dyra er i eller nærmar seg aktuelt område.

Lund er sterkt kritisk til planane om Eidfjord Resort, gondolbane i Odda og reising av eit signalbygg på Mogen. Det siste tiltaket er i ferd med å bli skrinlagt. Reguleringsplan for gondolbanen er no (august) ute på høyring.

Eg vågar å spå at det vil koma motsegner i eit slikt omfang at tiltaket blir skrinlagt, jamvel om det no skal vera politisk fleirtal for det lokalt.

Eidfjord Resort er vurdert til å gje 100 heilårs arbeidsplassar. Det er mykje i ei bygd med 1000 menneske, der ein slit med å halde folketalet oppe. Ja, tiltaket kan koma til å sende inn folk og skapa uro på eit areal som dei siste par åra har vore vinterbeite for dyra.

Normalt er der snjomengde som gjer beita utilgjengelege. Ikkje alltid er reinen vegen, sanninga og livet.

Litt generelt om turistplage og kondisjon av dyra: Eg har samanlikna samla overnattingstal, areal og kalvevekt i Rondane og på Hardangervidda. Turisttrykket pr km2 er 25% større i Rondane, kalvevekta der er 18 kg, mot 14 på Hardangervidda. Attpå til er reinen meir lettskræmd i Rondane.

Eg ser mattilgang som meir sannsynleg årsak til kondisjonsskilnaden enn turistplaga.

Sjølvsagt skal me ha ein diskusjon om forvalting av villrein og arealet han brukar, men helst faktabasert. Svein Erik Lund har eit stykke veg å fara i det perspektivet.

Powered by Labrador CMS