Annonse
Friviljug vern er ikkje noko nytt. Frivillig skogvern i Noreg vart oppretta i 2004 for å ta vare på gamal skog, skriver Torstein Storaas.

Månedens ytring

Friviljug fjellvern

Frivillig skogvern har vore ein suksess. Etter at ordninga vart innført i 2004 er 1,5 millionar dekar skog friviljug verna som naturreservat. Ikkje berre skog treng vern.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel.

Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.

Villreinen og villreinfjellet vert pressa av hytteutbygging, vegar og ulike aktivitetar. Kanskje presset kan dempast ved Friviljug fjellvern?

Folketalet i Noreg aukar, men minskar i mange fjell- og skogbygder. I 1950 budde det 5200 innbyggjarar i min favorittkommune, Stor-Elvdal. Då eg kom hit i 1985, budde her 3600. Sjølv om kona og eg har fått fire ungar, er folketalet no under 2600. Likevel har me tre byggevarebutikkar på Koppang – basert på hyttefolket.

På andre sida av Rondane, i Ringebu, har dei til og med gågate, bokhandel, Annis Pølsemakeri og Værfast i Ringebu, der ein finn uvanleg bra sportsutstyr. Til glede for innfødde dølar, men gjort mogeleg av hyttefolket.

Ogso i Østerdalen ynskjer me pølsemakeri og gågate med yrande liv. Då treng me selja fleire hyttetomter. Men Gudbrandsdølane har bygd so mange hytter inne i fjellet at me ikkje kan byggja fleire på Østerdalssida.

Villreinnemnda og Fylkesmannen seier nei, nei, nei til all utvikling i våre fjell. Når villreinen vert fortrengt frå Gudbrandsdalen, lyt han få plass i Østerdalen. Villreinnemnda er ei enkel nemnd å sitja i. Medlemene treng berre kunna eitt ord – nei.

No sit eg sjølv i Villreinnemnda for Rondane og Sølnkletten. Nemndsmedleme får fyrstehands oversikt over kor stort presset mot Rondane og villreinen er. Nemnda er overvelda av alle søknadene om inngrep og tiltak i fjellet.

Før eg kom inn i nemnda hadde eg ingen ide om kor mange som vil gjera noko i Rondane. Det har i nemnda, over tid, vakse fram ei sterk tverrpolitisk semje om å seia nei til store, men ogso små inngrep som til saman over tid ville øydelegga villreinfjellet og levevilkåra for vill fjellrein.

Men det er veldig lite tilfredsstillande å berre seia nei. Nemndsmedleme er valde av politiske parti som alle ynskjer framgang og utvikling av fjell- og dalbygder som slit med fråflytting og minskande folketal. Mange har føreslege at ein skal bruka villrein som ein positiv ressurs som kan kasta inntekter av seg.

Fleire rapportar om dette kjem med mange fine ord, men einaste konkrete forslaget var å byrja laga ei villreinpølse. Du skal selja mange pølser for å kunna kjøpa ei hyttetomt. Nemnda etterlyser konkrete positive verkemiddel. I eit nemndsmøte kom det fram at kanskje Friviljug fjellvern kunne vera noko?

Friviljug vern er ikkje noko nytt. Frivillig skogvern i Noreg vart oppretta i 2004 for å ta vare på gamal skog. Skogen vert verna ved at staten kjøper retten til å hogga. Stat og skogeigar forhandlar etter takst fram eit eingongs erstatningsbeløp.

Om ikkje skogeigar er nøgd, vert det ingen handel. Noreg har ogso betalt utviklingsland milliardbeløp for å ikkje hogga tropiske skogar. Friviljug fjellvern ville gå inn i ein tradisjon. Det er årleg sett av ein halv milliard til frivillig skogvern. Det friviljuge fjellvernet ville koma langt med noko liknande.

Det er i dag 1200 hytter i villreinområdet i Rondane. Nokre ligg der det ikkje skulle liggja hytter: I desse dagar er ei hytte som ligg midt i villreintrekket som kryssar vegen over Venabygdsfjellet, til sals.

Hadde miljøminister Ola Elvestuen sett av eit fond til Friviljug fjellvern, kunne han kjøpt hytta – forsegla, flytta eller rive henne – og eit villreinhinder ville vore borte. Etter kvart som andre hytter inne i fjellet kom til sals, kunne han ha kjøpt og fjerna dei som hindrar villreinen mest.

Mange utbyggingsplanar for hytteområde er godkjende. Elvestuen kunne sikkert ha forhandla seg til ein grei pris for ikkje utbygde tomter. Kommunar kunne forplikta seg til å ikkje byggja ut i fjellet mot stønad til hytteområde nede i bygda, langt frå villreinen. Hytter nær sentrum ville kanskje gje attraktiv gågate ogso i Østerdalen?

Vinterbrøyta vegar fram til nokre hytteområde lyt kryssast av motviljug villrein. Nokre av desse vegane kunne vorte lagde om dit det ikkje hindrar trekk, men ingen har i dag pengar til det. Dette kunne Ola ha ordna med fondet sitt.

Villreinnemnda for Rondane og Sølnkletten tykkjer at Friviljug fjellvern er ein god ide. Det fine er at nemnda er samansett av folk frå ulike parti. Dei som vil verna villreinen kan ta ideen til partiårsmøte og partiprogram.

Det enklaste ville likevel vera om Ola Elvestuen berre bestemte seg for å innføra Friviljug fjellvern til glede for villreinen, fjellet, utkantkommunane – og ikkje minst medlemene i villreinnemndene som ikkje lenger berre trong seia nei.

Powered by Labrador CMS