Annonse
Naturen rydder opp, også etter selvdød hjort. Torstein Storås er oppgitt over Fylkesmannens manglende forståelse for biologiske prosesser.

Månedens ytring

Etter eit likfunn

Naturen har eit stort apparat for å ta seg av dei daude. Fylkesmannen i Hedmark har ikkje oppdaga dette. Han har pålagt alle kommunar å syta for at alt slakteavfall vert samla og sendt til Norsk Gjenvinning, skriv Torstein Storaas.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel.

Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.

I diktet Likfunn skildra Jakob Sande (1906 – 1967) meisterleg kva som skjer med ein skrott som vert liggjande i naturen:

Det er ikkje alltid so vakkert: «Og augo hans Ole Johan, var berre ei slimut glye som nedover kinnet rann, so sleip som ei slimut spye». Og ikkje alltid lukta det særleg god: «Og teven stod tjukk ikring, denne blaute, flytande kropp, og kråka sat rundt i ring, og skratta med høge hopp».

So fann dei han Ole Johan, langt burte i Håsteins-hagen.Der låg han og rotna og brann, med solsteiken rett i magen.Og magen var grøn og blå, av steinklaka gorr og slim, og flugor og kvitmakk små, aula i yrjande stim.

Jakob Sande

Men det er heilt naturleg, det er slik naturen er. Knut Hamsun drøymer i diktet Gravsted om å få døy ute i skogen og atter koma inn i næringskjeda: «Jeg kjender vel skogen, jeg er dens søn, den vil ikke nægte min ringe bøn – at dø på dens tytterbærsmue. Så gir jeg igjen utan taler og styr –mit store kadaver til alle dens dyr, til kråke, rotte og flue».

Og siste verset: «Og resten av hele mit jordiske støv – er dekket ved gry i en grav av løv – når sluttet er nattens gammen. Farvel, mine venner! Jeg mætte jær bra? – Men alt dette løv hvor kommer det fra? Jo vinden har feiet det sammen

Naturen har eit stort apparat for å ta seg av dei daude. Berre ikkje Fylkesmannen i Hedmark har oppdaga dette. Han har pålagt alle kommunar å syta for at alt slakteavfall vert samla og sendt til Norsk Gjenvinning.

Åter for rovvilt kan ikkje lenger leggjast ut. Det er lett å få inntrykk av at byråkratane i fylkeshuset er flinkare til å tvinga oss inn i rigide regelverk enn til å stikka fingeren i jorda.

Kanskje fylkesmannen, som meg, har strihåra vorstehhund? Då har han kanskje spydd av lukta medan han vaska hunden etter rulling i gorr og slim?

Kanskje han har fått avbrote den effektive jakttida medan vorstehhunden heller ville fråtsa i bein og kjøtslintrer? Eller kanskje fylkesmannen har oppdaga at mykje slakteavfall i naturen kan halda oppe store stammer av rev og andre åtseletarar?

Sande var klar over matressursen: «Og nasa eit blodraudt sår, der beinpipa lyste bleik. – For rotta ho var der i går, og åt seg so feit ei steik.» Og Sande framstilte åtseletaren slik: «Ei rotte stakk tranten ut, -kva svarten som no var å sjå? Ho var som ein blodgorra klut, med blankslimut hale på».

Reven er nok vakrare, men han et egga til skogshønsa og ungane til haren. Kanskje fylkesmannen likevel er inne på noko?

Men fylkesmannen i Hedmark burde kjenna Hedmark. I store delar av Østerdalen og Finnskogen bur mindre enn ei sjel per km2. Og dei få sjelene klumpar seg saman der dei andre bur. Uendelege område ligg langt frå folk tilgjengeleg for naturlege nedbrytingsprosessar.

So tok dei han Ole Johan, og la han på fire påla.So bar dei han fire mann, med kråkene skratta og skråla.Mykje tå skrotten flaut vekk, og mykje kvarv burt som eim, og mykje i spyfluga gjekk, men beina kom heile heim.

Jakob Sande

For småviltjegeren er det bra om slakterestar vert samla slik at det er vert åte for smårovdyr eller kan rotna utilgjengeleg for revar, ramnar og vorstehhundar. Det vert berre heilt feil når fylkesmannen i huset sitt på Hamar skal bestemma same reglane i tettfolka Hamar og i grisgrendte Engerdal.

Reglar for korleis ein skal handtera avfall frå jakt må overlatast til herada. Då kunne heradstyret ta saka opp om det er eit problem. Engerdølane må få fella revar på åtene sine dersom dei det vil. I mellomtida kunne fylkesmannen lesa Sandes Likfunn og reflektera litt over kvar det vert av daude naturprodukt i naturen:

Torstein Storaas er professor i viltforvaltning ved Høgskolen i Innlandet, og fast bidragsyter i Jakt & Fiske.

Powered by Labrador CMS