Annonse

Månedens ytring

Ryper og strihåra vorsteh hundar – nytte eller skadedyr?

Etter å ha jaga opp 100 ryper, stogga hundan, kikka bort på Knut, før ho tok opp 50 nye. Ho fekk kos då ho kom inn, skriv Torstein Storaas i månadens ytring.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel.

EG HAR alltid rekna ryper og vorstehhundar som nyttedyr. 

I haust har eg kome i alvorleg tvil. Det er heilt meiningslaust at ryper og fuglehundar skal påføra oss alt slitet opp motebakkane. Og sjølv om hundane har vore bra, har rypene vore slemme.

Komen i min alder burde eg sitjande drukke øl framfor fjernsynsskjermen. Nei, rypejakta er mykje slit og lita nytte. Eg trur ryper og vorstehhundar lyt reknast som skadedyr.

FRÅ GAMALT har lovverket delt dyra inn i nyttedyr, skadedyr og dei som lovgjevar ikkje brydde seg om. I Noreg kunne me etter søknad og godkjenning frå viltnemnda leggja ut gift for å drepa skadedyr som rev heilt fram til viltlova kom i 1981.

Det har ikkje alltid vore so lett å vita kva dyr som er skadeeller nyttedyr. 

Finnane betalte lenge skatten til svenskekongen i form av mårskinn. I den fyrste finske viltlova frå 1347 var mår fylgjeleg rekna som nyttedyr utan skotpremie. 

I jaktlova frå 1647 var måren flytta over til skadedyra med skotpremie. Finnane hadde byrja betala skatten med pengar.

Karl Martin Richardsen skriv at forarbeida til norske «Lov om Udryddelse af Rovdyr og om Fredning af andet Vildt» i 1845 drøfta om raudrev var nyttedyr eller skadedyr. 

Dei kom fram til at han var nyttedyr fordi nytten av å eta masse mus og ha verdfull pels var større enn skaden ved at han åt høner og småvilt.

I DAG er det umoderne å meina at nokre dyr er nyttige og andre skadelege. Frå mi tid som sumarferieseljar i klesbutikk lærde eg at det moderne er fint i tre månader før det vert gjeve vekk på billegsal. 

Kva som er moderne, endrar seg med tida. Mange gamle gubbar brydde seg ikkje om moten. Dei ville ha ei bukse som såg ut som den gode buksa dei alltid hadde hatt. Før dei visste ordet av det, var ho moderne att – i tre månader. 

Poenget er at det moderne ikkje alltid er det beste, det er berre moderne. Eg lurer, uavhengig av mote, på om ryper og strihåra vorstehhundar er nytte eller skadedyr.

JO INGE BREISJØBERGET har studert rypejegeren. Eg har smilt litt av funnet hans om at rypejegeren kvart år feller omtrent ingenting, men jaktar år etter år etter år. Eg har i hovudet rekna meg som del av Jo Inges «The 5-percent community» som feller mange. 

I haust var det stong ut. Om det ikkje pøsregna, blæs eller skodda dekka alt, letta rypene lenge før me kom opp i standen. Me jakta i dyre terreng, åt dyr mat, drakk dyr rom, sleit ut rådyre jaktsko, sleit oss opp motebakkane, sleit oss ut, sleit ut hundane, hundane byrja rampa. 

Eg gløymer ikkje Finni – etter å ha jaga opp 100 ryper, stogga ho, kikka bort på Knut, før ho tok opp 50 nye. Ho fekk kos då ho kom inn, men alt, fuglehundtrening, leirdueskyting, alt til inga nytte. Me hamna i Jo Inges store flokk. Og likevel dreg me på fjellet kvar helg og lengtar etter neste haust, då vil sola skina og rypene trykkja.

DETTE ER reinspikka galskap. Rypejegerar er ikkje rasjonelle skapnader. Me bruker masse ressursar for å oppnå ingenting. 

Hadde me arbeidd i fritida i vikarbyrå, investert overskotsløna i aksjar som me selde og kjøpte, kunne me vorte rike. Hadde me dyrka gulrøter og mandelpoteter og alt opp kaninar i hagen, kunne me fått mat. 

Hadde me site med ei flaske øl i godstolen framfor TV-en, kunne livet vore behageleg.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

DET ER utan tvil rypene som har fått oss til desse feilaktige vala. Det er som spelegalskap. Me hugsar den eller dei gongene me fekk storeslem, Jackpot, Bingo, Lotto-gevinst. Som den gonga med Leif i Eldsjådalen. Eine hunden stod, dobbelttreff. Apport, apport, og so sjå, ogso den andre hunden stå, pang, pang og to nye apportar. Og slik gjekk det, gå frå standen til den eine hunden til standen til den hin. Ut på vinteren klaga Randi: «Ryper til middag – no igjen». Eit par gonger Jackpot, eller me såg ein annan få Jackpot, og rypegalskapen tek oss.

MEN DET er ikkje berre rypene, det er ogso fuglehundane. Ein raud setter som flyg, er berre nedi med ein fot av og til for å styra. Ein stor dirrande pointer i stand. Men ingenting som våre to små strihårtisper, tindrande glade og yre – og spring og spring, vil finna fugl uansett trøyttleik. Men når ein ser på kva rypene og vorstehhundane har stelt til av ressursøyding og slit, kan det ikkje vera tvil om at dei lyt definerast som skadedyr. Eg oppmodar på det sterkaste Bent Høie om å oppretta ein klinikk til avvenning av avhengige med sjukleg rypefeber.

Powered by Labrador CMS