Annonse
Illustrasjon: Oddmund Mikkelsen

Månedens ytring

Å forvalta vilt under stor uvisse

Sjølv er eg overtydd om at jakt ikkje har betydning når fuglebestanden er god. Men eg lyt innrømma at dette er basert på tru og modellar, ikkje på eksperiment i felt, skriver Torstein Storaas i månedens ytring.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

COMPLEXITY, change and chance, sa elg- og ulveguru Rolf Peterson då eg spurde om korleis det ville gå med ulvane, elgane og vegetasjonen på Isle Royale neste år.

Eg møter stadig folk som er heilt sikre på verknaden av bestemte viltforvaltningsgrep: Rypa må fredast, brunfugl må fredast, eller det er ingen vits i fredingar! Elgkvotane er for store, eller for små. Me må fella større andel vaksne elgar, eller yngre dyr!

Dess eldre eg vert, dess meir audmjuk vert eg, kanskje har dei rett – kanskje har dei det ikkje. Det er ganske plagsamt å ikkje vita sikkert når eg har arbeidd med og interessert meg for viltforvaltning i ein mannsalder. 

Heldigvis kjenner eg att denne uvissa hjå flinkare folk enn meg, og som har arbeidd med viltforvaltning lenger enn det eg har.

ISLE ROYALE i Lake Superior er kjend for alle som har studert økologi. Elg kom over isen til øya rundt 1900, ulv kom like etter krigen, og i mine lærebøker stod det at kunnskapen frå Isle Royale viste korleis naturen vart i balanse då ulv kom inn i systemet. 

Ei stund såg det ut som om naturen var i balanse, men heldigvis vart meir data samla inn over fleire år. Om naturen nokon stad ikkje er i balanse, so er det her på Isle Royale, slo Rolf Peterson fast då eg vitja han i 2010. 

Han og hans forgjengarar hadde studert elg, ulv og vegetasjon i over 50 år. Då eg spurde korleis det ville gå til neste år, svara han: complexity, change and chance. Det er finare på engelsk sidan alle tre orda byrjar på C. 

Men dette enkle systemet med vegetasjon, elg og ulv var likevel komplekst. Det var stadig i endring, og i tillegg kom dei uføresette hendingane. Ingen ville spådd innvandringa av elg år 1900 eller av ulv like etter krigen. 

Ei dame hadde med seg hund med kvelpesykje som smitta ulvane, som nesten døydde ut. Ein hannulv kom ein vinter over isen med ny genetikk, men det siste ulveparet var so innavla at dei ikkje fekk levedyktig avkom.

Kven kunne då spådd at styresmaktene skulle innføra nye ulvar? Det skjer av og til noko heilt uventa. Kven hadde spådd skrantesjuke på norsk villrein?

VARALDSKOGEN ved Kongsvinger har ein eigen klang i skogsfuglinteresserte øyrer. Der har Per Wegge samla ei unik datarekkje sidan han byrja studera skogsfugl i 1979. Han deler skogsfuglforteljinga i ulike periodar. 

I fyrste bolken skjedde alt etter boka med smågnagarsvingingar og predasjon. Alt var lett å skjøna og forklara, og hadde han avslutta studia då pengane frå Forskingsrådet tok slutt, ville han framleis visst korleis allting var. 

Men siden har han sett tre andre periodar som er heilt ulike, og hadde han studert berre ein av desse bolkane, ville han ogso visst korleis allting heng i hopar, men dette ville vore heilt andre soger. 

Langtidsstudium som på Isle Royale og Varaldskogen, er heilt naudsynte for vår opplysing, men det gjer det heile komplisert. Om me har sett noko ein stad i ein periode, treng det ikkje vera nett likt andre stader til andre tider.

LIKEVEL; gjev Per Wegge råd om skogsfuglforvaltning, er det lurt å lytta. Sjølv er eg overtydd om at det er lurt å freda brunfugl og ryper når bestandane er svake samanlikna med det som er vanleg i terrenget. Og at jakt ikkje har betydning når bestanden eg god. 

Men eg lyt innrømma at dette er basert på tru, tenking og modellar, ikkje på eksperiment i felt. Hundar, skogshøns og jakt er nesten like viktig som kjærleik og barneborn. 

Likevel har det vore vanskeleg å få midlar til å fylgja viltsamfunn over tid for å betre forstå kva som skjer. Det er ogso i lita grad finansiert kontrollerte forsøk for å testa verknaden av forvaltningsgrep. 

Per Wegge har i stor grad skaffa data frå Varaldskogen for eigen kostnad.

VILTFORVALTARANE kan gjerne god teori. Utfordringa er å ta viktige avgjersler når me berre har nokre glimt av data for kva som skjer der ute. Dermed er det ope for mykje tru, og pokker er at nokre av dei som trur sterkt på kvar sine løysingar, truleg har rett. 

Naturen er komplisert, i endring og heilt uventa hendingar kan skje. Eg meiner ikkje at me skal gje opp å skaffa kunnskap eller å forvalta, men me bør kanskje læra av Peterson og Wegge, og vera litt audmjuke og ikkje verta særleg forundra om me innimellom skulle koma til å ta feil. Me får heller freista læra av feila og gjera det betre neste gong.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

 

Powered by Labrador CMS