Annonse

Månedens ytring

Berekraftig jerveforvalting

– Jegerar og organisasjonen vår, NJFF, bør arbeida for at flinke jerveforskarar skal kunna rekna ut kva bestand som vil kunna produsera flest jaktbare jervar.

Publisert Sist oppdatert

Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.

I område utan frittgåande sau, bør jerv forvaltast på nivået som gjev størst produksjon og jaktutbytte.

Som smågut i Ungdomshallen i Norheimsund såg eg Disney-film der jerv jaga mange ulvar frå byttet som han sjølv åt. Jerv vart favorittdyret, og eg vart djupt ulukkeleg då eg i speidaren vart plassert i stusselege Ekornpatruljen og ikkje i Jervepatruljen. 

Gamle Torbjørn fortalde om jervespor han med børsa klar hadde fylgt på Kvamskogen, men det var ikkje godt å vita om det var sant. Mi glede var stor då mine skispor i Østerdalen byrja kryssa jervespor, sjølv om eg skjøna at saueeigarar ikkje var like glade for det.

Frittgåande sau beitar ikkje lenger i ulvesona. Mange ottast at ulvesona skulle verta det totalfreda rovviltreservatet som NOAH ynskte at sona skulle verta. Heldigvis bestemte kloke høgsterettsdomarar at det ikkje skal vera eit reservat, men den sona Stortinget ville at ho skulle vera. Utan frittgåande sau kan me filosofera over kva jervebestand som ville vera mest teneleg for jegerar.

Før nokon byrja sleppa verdfulle sauer på fritt beite utan gjeting i 1555, skreiv tidlegare erkebiskop Olaus Magnus om jerv. Han slår fast at jerven er glupsk, han et til skinnet står som ei tromme. Når han ikkje klarar eta meir, pressar han seg mellom to tre slik at maten vert pressa ut bak, og han kan eta vidare. Han skriv at kjøtet er aldeles ubrukeleg til menneskeføde, men at skinnet er svært nyttig og kostbart. 

Den største æra du kan visa gjestene dine, er å lata dei sova under jerveskinn. Dersom nokon går med kle av jervskinn, kan dei eta og drikka so mykje som helst utan å verta mette. Dessutan eignar tarmane seg svært godt som strengar på strengeinstrument. Olaus Magnus såg ingen ulemper, berre føremoner, med jerv.

Ifylgje O. Olstad si bok Jaktzoologi frå 1945, er jerven eit høgfjellsdyr. Etter freding viser det seg at dei klarar seg veldig godt i skogane austpå. Dei lever særleg av åtsel, storvilt daudt etter skade og sjukdom, slakteavfall, men ogso ulvedrepne elgar. Dei tek småvilt, skogshønsreir og truleg nokre storviltkalvar, men det er so lite at det er vanskeleg å påvisa og spelar inga rolle i den store samanhengen. Jerv tek i fjellet gamle og skrøpelege villreinsimler. Dei kan sikkert ogso kunna ta skrøpeleg og sjukt skogsstorvilt, noko som vil avslutta stusselege liv.

Artsdatabanken reknar jerv som sterkt trua. Det tilseier at bestanden burde vore større. Truleg ville ein større jervebestand i ulvesona vore til fordel for jegerane.

Eg har ikkje høyrt jegerar vore negative til jerv av jaktmessige årsaker. Eg har høyrt jegerar irritera seg over at me ikkje får jakta jerv i sona når Rovdata seier det i Hedmark i snitt siste åra har vore 12,3 ungekull, medan måltalet er 5. Her bør jegerane tenkja klokt og langsiktig på kva som er best for naturen, folk flest og jegeren.

Det er ikkje sikkert det har stor betyding for naturen om åtsel vert etne av spyfluger og kvitmakk eller av jerv. Mitt inntrykk er at folk flest gler seg over å sjå jerv eller spora etter jerv, men er ikkje særleg begeistra for spyfluger. Artsdatabanken reknar jerv som sterkt trua. Det tilseier at bestanden burde vore større. 

Truleg ville ein større jervebestand i ulvesona vore til fordel for jegerane. Det fins ein del spreke unge rovviltjegerar med gode hundar. Dei har stor interesse og glede av rovviltjakt. Ved tettare jervebestandar i ulvesona ville mange fleire jervar måtta fellast årleg for at dei ikkje skulle vandra inn i sauebeiteområda. 

Mange fleire jerveskinn kunne verta sengeteppe som viser gjester den største ære. Gamle strengeinstrument kunne få strengar av jervetarmar. Folk trudde so mykje rart i gamle dagar, men ogso i dag, kanskje jerveskinnkle kunne hjelpa folk som ikkje klarar å få i seg nok næring? For å halda oss til gamal terminologi – jerven er for jegeren eit nyttedyr.

Auka bestandar av raudrev og mår øydelegg for småviltjegeren. Ulv øydelegg for jegerar som jaktar med lause hundar. Men jerven øydelegg ikkje, han kan gjera oss rikare på naturopplevingar og jaktmogelegheiter.

Jegerar og organisasjonen vår, NJFF, bør arbeida for at flinke jerveforskarar skal kunna rekna ut kva bestand som vil kunna produsera flest jaktbare jervar. Dette burde verta det nye bestandsmålet for jerv i ulvesona. 

NJFF kunne då visa at organisasjonen tek naturvern på alvor ved å arbeida for å få jerv bort frå raudlistekategorien sterkt trua. I ulvesona burde jervejakta endrast frå lisensjakt på skadedyr til kvotejakt på nyttedyr. Jerven er eit ålreit dyr som i område utan frittgåande sau bør forvaltast på nivået som gjev størst produksjon og jaktutbytte.

 

 

Powered by Labrador CMS