Månedens ytring
Jeger-restår
Eg har ei flaske Armagnac frå 1951. Berre folk fødde i 1951, pluss kona mi, får ved sjeldne høve smaka ør litt på botn av lite glas. Drykken vert betre og betre for kvar gong me smakar.
Denne artikkelen er over ett år gammel.
Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.
Slik er det ikkje med folk fødde i 1951. Me som framleis er i live, vert veikare og veikare. For å sitera Egil Skallagrimsson: «Stiv eg går og stabbar, skalle ottast falla; Lite eg høyrer, og liten er lem som til lyst var laga». Difor er det viktig å laga nedtrappingsplan for rest-åra fram mot Dei evige jaktmarker. Planen har ulike steg, noko må gjerast fyrst medan eg orkar, anna kan koma etter kvart.
Steg 1. Norrøne nordmenn fekk med seg hund, våpen og godsaker i grava for å møta dei hinsidige utfordringane. Seinare vart det viktig med syndsforlating før nordmenn forlèt livet. Eg vil fryseturka siste strihåra vorstehhunden og få ungane til å lova å lura hundeliket, hagla og ei flaske brun rom i kista utan at nokon ser det. Dei må ogso syta for å skaffa meg syndsforlating etter at eg har vorte tullete, men før eg reiser. Då kan eg trygt gå dauden i møte utan å ottast at eg skulle ta feil, og tidlegare nordmenn ha rett.
Steg 2. Starta Folkeaksjonen for skytesimulator på Moratunet, aldersheimen på Koppang.
Steg 2. Starta Folkeaksjonen for skytesimulator på Moratunet, aldersheimen på Koppang. Målet er at når eg havnar på Moratunet er der eit vindaugelaust rom med 8 meter brei og 4 meter høg vegg med skytesimulatorskjerm, kjøleskap med isbitar og rom og cola til dei vaksne, og cola og godteri til ungane som vil strøyma til for å skyta og eta godteri.
Det må vera overdekka rullatorbane frå senga til skyterommet, og rullatoren må ha stativ der me kan kvila plastlaserbørsa. På dagtid skal skuleungdomar vera velkomne til å skyta. Etter at me har lagt oss kl. 18, vil Koppang Jaktskytterklubb kunna disponera banen, men ikkje kjøleskapet med rom. Moratunet vil ved dette verta langt sikrare enn Krokryggen gamleheim i Ringebu der den gamle rugdejegeren Myrullbråten skapte vill panikk då han skaut etter ein jerv i TV-programmet Naturmagasinet til Sverre M. Fjeldstad, ifylgje Kjell Aukrust. Myrullbråten sende «også en ladning inn gjennom portiérene til spisestuen, idet han mente jerven kunne ha kommet seg ut av kassen for å søke tilflukt».
Steg 3. Halda fram med skogshønsjakta so lenge som eg berre klarar. Det betyr at eg må gå mykje til fots og på ski heile året for å klara koma meg opp på rypefjellet. Når dette byrjar verta slitsamt, kan det verta naudsynt å skaffa meg flatt rypeterreng med veg heilt fram. Det kan ogso vurderast å gå over til gamal dansk hønsehund eller annan obskur kontinental rase som vonleg ikkje søkjer lenger ut enn 50 meter.
Steg 4. Dette vert vanskeleg. Siste strihåren må fryseturkast, og eg må kjøpa dunker og stolsekk. Samstundes vil det vera velsigna godt å sitja ved bålet i vegkanten saman med Knut og Sven, mimra om gamle dagar, nyta frisk luft og los, utan å behøva gjera noko som helst. Om me fekk ordna dunker-kennel på Moratunet, kunne truleg denne aktiviteten halda fram etter at me har flytta dit. Kanskje dunkerentusiast og professor emeritus Hans Christian Pedersen ville flytta til Moratunet til kjærkomen auke av innbyggjartalet i Stor-Elvdal?
Steg 5. Då bur me på aldersheimen. Det er å verta mata om morgonen, før me køyrar rullatoren eller den elektriske rullestolen til simulatorrommet. Ein kan skyta, dei andre sitja i sofagruppa eller rullestolen og smaka på rom og cola, fortelja soger som me har fortalt mange gonger før, men som alle har gløymt at me før har fortalt eller høyrt. Og me kunne drøfta om me ogso burde kjøpa inn portvin.
Barneborna vil kappast om å koma på vitjing og vil tolerera tullpratet til gamlingane for å få skyta og eta godteri. Det vil føra til at dei vert jegerar og kan skaffa oss fuglekjøt siste åra. Det vert litt som i Valhall, der einherjane slåst om dagane og sto opp dagen etter for å slåst på ny. Berre at me driv virtuell skyting og drikk rom, der dei drakk mjød og drap kvarandre. Eg trur jeger-restlivet kan verta bra.
Eg ottast for gjennomføringa. Ein skulle tru at pensjonistar har god tid. Det har me, men det er so hakkande vanskeleg å prioritera når me kan sova til me er utkvilte og leggja oss når me er trøytte, og kan gå på tur, leika med hundar og kjæraste og lesa interessante bøker nett når me vil.
Og kven veit korleis teknologien utviklar seg? Kanskje me snart, i rullestolen, kan berre setja ei VR-maske framfor augo og oppleva realistiske jakter utan å i det heile ha videokanon eller skjerm? Eller me kan døy under steg 3. Då vert simulatorarbeidet til inga nytte. Eg skal likevel gå gjennom og fullføra dei fem jegerrestårtrinna – om eg får tid.