Annonse
– Det er ikkje kryptovaluta eller dataspel vi skal leve av. Det er naturverdiane som er livsgrunnlaget vårt, skriv Magne Vågsland i sitt lesarinnlegg.

Debatt

Om fakta i vindkraftdebatten

– Det er ikkje fakta at me har for lite fornybar energi i Noreg.

Publisert Sist oppdatert

I Jakt & Fiske nummer 425 skriv to NHO direktørar at debatten om vindkraft må vere tufta på fakta. 

Dei fleste av oss kan sikker vere einige om at skal me hindre klimakatastrofe og fase ut fossil energi, treng verda meir energi som ikkje gjev utslepp av klimagassar. Men det er ikkje noko fakta at me har for lite fornybar energi i Noreg.

Første halvår 2025 var nettoeksporten av straum på rekordhøge 11,8 TWh. Dette er samtidig som landet har god magasinfylling. 

Faktisk er det slik at det dagleg er overskot av sol og vindkraft i EU som gjerne Noreg kunne importert meir av. Kort sagt bygger ikkje NHO sine synspunkt på fakta. 

Me må vel og trygt kunne slå fast at det vert ikkje noko mindre kolkraft i Kina eller utfasing av dieselaggregat i Afrika om eksporten frå Noreg blir endå høgare. 

Kanskje ei litt dårleg samanlikning: Det er mangel på ferskvatn i mange delar av verda, men det hjelper ikkje at det vert «produsert» meir vatn i Noreg.

kan det ikkje bli understreka nok, til hausten må vi få eit Storting som vil sette vilkår for kva verksemder som skal få tilgang til elektrisitet. 

Kraftprodusentane ønsker meir forbruk og høgare prisar, så sjølvsagt er det mogleg å få underskot på kraft dersom landet skal bli fylt opp av datasenter. 

Det er ikkje kryptovaluta eller dataspel vi skal leve av. Det er naturverdiane som er livsgrunnlaget vårt.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS