Annonse
Utsnitt av fostringsflokk som har slått seg til ro nokre hundre meter frå Litlos turisthytte i slutten av juni 2020.

Kronikk

Stenger hyttebygging vinterbeitene?

I lange tider har villreinen på Hardangervidda hatt sitt vinterbeite på austvidda, der det er meir nedbørfattig enn i vest, og dei beste lavførekomstane. No har denne arealbruken endra seg.

Publisert

Trass i at det alltid er meir snø på vestvidda, har simleflokkane i stor grad stått mykje på Hordalandssida heilt til april i dei siste åra, frå området rundt Bjoreidalen – Veigdalen og sør- og vestover heilt til Vivassdalen og Reinsnos. Denne endringa i arealbruken er vanskeleg å forklara utan å trekkja inn den sterke utbygginga med hytter i Uvdal, Veggli og Tinn, og den uroinga av reinen dette fører med seg når skituristane tek i bruk dei viktige beiteareala på austvidda.

I dei siste åra er det blitt framheva at det er fottrafikken på vestvidda som er det store problemet for villreinen på Hardangervidda. Dei som meiner dette, hevdar at det er ferdsla mellom turisthyttene på denne delen av vidda som har ført til at reinen ikkje lenger kalvar i nordvest. Denne argumentasjonen har fått gjennomslag i Miljødirektoratet og Klima og miljødepartementet, og i år vart DNT-hytta Torehytten stengd permanent, og Hadlaskard turisthytte vart vinterstengt. Overnattingsstatistikken for DNT-hytter og private turisthytter i vest viser likevel ingen auke frå den tida reinen faktisk kalva i vest, rundt Hårteigen og Veigdalen. No som tidlegare er det dessutan ingen turisttrafikk til turisthyttene på vestvidda frå tida etter påske til slutten av juni månad. Simlene kunne difor framleis ha vandra uforstyrra til kalvingsområdet ved Hårteigen, kalva her i slutten av mai, og halde seg i same området til juli.

Figur 1. Flokkfordeling i perioden november – mars i åra 1970–1973. Kartet er laga på basis av figur attgjeve i Mossing & Heggenes (2010) som hadde brukt data frå Terje Skogland. I desse åra stod mykje rein rundt Sønstevatn og vidare austover på tangen mot Lufsjå, og likeins på austsida av Mårvatn og Kalhovdfjorden. Kartgrunnlag: Norgeskart.no

Derimot er det svært lite merksemd knytt til den radikale endringa i reinens arealbruk vinterstid dei siste åra. På byrjinga av 1970-talet fylgde villreinforskaren Terje Skogland reinen på Hardangervidda så og seia kontinuerleg. Han observerte at reinen vinterstid i åra 1970-75 brukte mesteparten av tida i dei lavrike områda lengst aust på Vidda, i Uvdal og Tinn (Figur 1).

Som professor Eigil Reimers framhevar, inneheld lav lite protein og mineral, men har høgt innhald av karbohydrat, noko som betyr at laven vinterstid er eit godt energifôr. Lav veks best i nedbørfattige område, der snølaget er tynt. Dei beste lavbeiteareala finn vi difor i Uvdal nedover mot Sønstevatn og på austsida av Mårvatn og Kalhovd i Tinn, og noko i delar av Vinje, rundt Songamagasinet. Det var nettopp desse områda reinen tidlegare nytta vinterstid (Figur 1).

Figur 2. Snødjup (cm) på Hardangervidda 1. mars i åra 2023–2026, ifylgje snømodellen til SeNorge.no. I alle åra er det minst snø på austvidda.

I Noregs off. utgreiing om Hardangervidda, som kom ut i 1974, vert det òg slått fast at reinen finn vinterbeita i dei snøfattige, lavrike fjelltangane på austvidda. Men Skogland observerte alt på syttitalet at reinen byrja å trekka vestover frå dette randområdet i aust straks folk kom på hyttene sine i vinterferien. Det er heilt regelbunde meir snø i vest enn i aust på Vidda, noko som òg har vore tilfelle i dei siste åra, slik det kjem fram på snøkarta til NVE (Figur 2). Vi skulle difor forventa at reinen framleis stod i aust om vinteren, der det var mest og lettast tilgjengelege lavmatter.

Framfor alt NINA-forskaren Olav Strand sin innsats med GPS-merking av villrein på Vidda har i seinare tid gitt oss innsikt i reinens arealbruk gjennom heile året. Sidan reinen er eit flokkdyr, indikerer posisjonen til dei GPS-merka simlene at det er større simleflokkar i same området. Stikk i strid med det ein skulle forventa, er dei GPS-merka simlene nesten fråverande i dei beste vinterbeita i Uvdal og Tinn i dei siste åra (Figur 3). Dei samla registreringane av posisjonar frå 1. januar til 1. april i 2023-2026 viser at det er areala i Hordaland som har vore mykje brukt, medan areala lengst aust på vidda er lite eller ikkje brukt i desse vintermånadane sjølv om det her er minst snø (Figur 2 og 3). Dyra har stått mykje i vest gjennom heile vinteren fram til april i desse åra, frå området rundt Bjoreidalen – Veigdalen og sør- og vestover heilt til Vivassdalen og Reinsnos i 2024-2026, nesten så langt vestover dei kan koma (Figur 3).

Figur 3. Posisjonar til radiomerka simler på Hardangervidda 1. januar–1. april i åra 2023–2026. Siste posisjon (1. april) er markert med eit dropeforma symbol med lyst punkt inni. Tal radiomerka simler har variert mellom åra, men i alle åra har det vore ein utstrekt bruk av dei vestlege areala, i Hordaland, og lite eller ikkje bruk av dei beste vinterbeita lengst aust på vidda. Fylkesgrensene er vist med stipla liner

Kan det vera hyttefelta og ferdsla i aust som skremmer reinen vestover om vinteren? Det er bygd tusenvis av fritidsbustader i Uvdal, Veggli, Tinn og Vinje i dei siste tiåra. Ved til dømes Sønstevatn er det eit stort hyttefelt som ligg nær dei mykje brukte beiteområda til reinen på syttitalet (Figur 1). Med fleire større hyttefelt i randsona av Vidda i aust, vil det verta mange skiløparar og stor ferdsle inn i dei beste vinterbeita for reinen. I tillegg kjem kiting og annan aktivitet i denne delen av Vidda. Det er difor nærliggjande å knyta den endra arealbruken vinterstid til omfattande uroing i dei beste lavbeiteområda på austvidda.

Det har vore lite søkeljos på dette tilhøvet, med nokre unntak. Tidlegare viltforvaltar Tor Punsvik er ein av dei som har peika på at den omfattande hyttebygginga kan føra til at viktige vinterbeiteområde for reinen blir borte.

Bortsett frå hyttefeltet i Sysendalen i Eidfjord, er det ingen andre større hyttekonsentrasjonar på vestvidda, berre enkelthytter som stort sett ligg i dei gamle stølsområda. Det vert difor lite skitrafikk på denne delen av vidda fram til påske, og dyra kan gå uroa her store delar av vinteren. Sjølv om det er meir snø og dårlegare beite i vest, kan mindre uroing av dyra likevel energimessig vera eit pluss, og dette kan ha ført til at reinen i stor grad har flytta vinterbeitet frå austvidda til vestvidda.

Kan det vera hyttefelta og ferdsla i aust som skremmer reinen vestover om vinteren?

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS