Annonse
Det ville truleg vore godt for folkehelsa om Høgsterett, når dei skal handsama saka, feller dom basert på forskjellen mellom ulvesone og ulvereservat, skriv Torstein Storaas i ytringa.
Det ville truleg vore godt for folkehelsa om Høgsterett, når dei skal handsama saka, feller dom basert på forskjellen mellom ulvesone og ulvereservat, skriv Torstein Storaas i ytringa.

Månedens ytring

Rovviltreservat?

Mange jegerar ottast at ulvesona skulle verta eit rovviltreservat.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.

Om domen om fellingane i 2020 i Letjennareviret i Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett vert ståande, vil dei få rett.

For å best mogeleg referera domen korrekt, siterer eg nokre setningar:

«Opprettelsen av en ulvesone, og målsetningen om levedyktig delbestand av ulv innenfor denne, vil medføre noen ulemper. Ulvesonen innebærer blant annet at det i en viss utstrekning må forventes forekomst av ulv, også ulv som har tatt varig opphold. […] Ulvesonen medfører også at beitenæring og jaktinteresser til dels er nedprioritert og må tilpasse seg ulven. […] Dette er imidlertid hensyntatt i interesseavvei- ningen som ligger bak opprettelsen av ulvesonen. Opprettelsen av ulvesonen avgjør at denne typen belastninger i en viss utstrekning må aksepteres.»

Lagmannsretten skriv at ulv skal kunna fellast innanfor sona, men felling er «en sikkerhetsventil som bare kan brukes i ekstraordinære tilfeller. […] Adgangen til uttak er betinget av at det kan påvises merbelastninger som går utover det som følger alene av at området inngår i ulvesonen. […] Dersom det ikke er mulig å identifisere og gjøre rede for konkrete og særskilte belastninger forbundet med den ulvegruppen det er aktuelt å felle, vil de interesser som tilsier felling innenfor ulvesonen normalt ikke være tilstrekkelig tungtveiende».

Lagmannsretten argumenterer ogso for at bestandsmålet som Stortinget har sett, ikkje samsvarar med naturmangfaldslova, og at ulveflokkar i ulvesona ikkje kan fellast berre fordi bestandsmålet er nådd. Eg tolkar Borgarting lagmannsrett slik at alle i heile ulvesona må akseptera ulempene med ulv, og at ulvane som oppfører seg som vanlege ulvar ikkje kan fellast.

Lagmannsretten argumenterer godt og viser til førearbeid, etterarbeid, stortingsvedtak, naturmangfaldlov og Bernkonvensjonen. Likevel er eg uviss på om domen avspeglar meininga til Stortinget då dei vedtok naturmangfaldlova og bestandsmålet. Lagmannsretten har ikkje drøfta forskjellen på å leva i ei ulvesone og eit ulvereservat eller korleis totalfreda ulv i ulvesona kan påverka beiteinteresser utanfor sona.

Lagmannsretten skriv at det er ulemper med ulv. Desse ulempene lyt innbyggjarane på avgrensa område tola utan noko godtgjersle

Torstein Storaas

I ei ulvesone med 4-6 flokkar, derav 3 heilnorske, vil flokkar kunna fellast når nye etablerer seg andre stader. Dermed vil ulempene, som lagmannsretten aksepterer eksisterer, verta periodevis fordelt på mange. Om ulvesona var større eller borte, ville ulempa vorte fordelt på enno fleire og mindre for den enkelte.

Etter lovtolkinga til Borgarting lagmannsrett vil alle i ulvesona ha ulempene permanent. Eg trur mange vil oppfatta det som svært stor forskjell på å leva i eit område der det periodevis vil vera ulv og i eit område med permanent freda ulv. Eg ser heller ikkje bort frå at mange jegerar vil lettare godta ulv om dei etter nokre år får vera med på ulvejakt i området sitt. Ulveforskarane vil kunna fortelja kva som vil skje om alle ulverevira i ulvesona vert fylt.

For meg verkar det sannsynleg at ulvane som før kom frå Sverige og slo seg ned i sona, ikkje lenger kan finna seg plass der og kryssar Glåma for å slå seg ned i beiteprioriterte område.

Om domen frå Borgarting lagmannsrett vert ståande, vil i praksis 5 prosent av arealet i Noreg verta eit reservat med freda ulv. Tek eg på meg naturvernhatten, høyrest dette nesten lite ut. Tek eg på meg jegerhatten, føler eg sorg over tapt bruk av lause hundar og jaktkultur.

Lagmannsretten skriv at det er ulemper med ulv. Desse ulempene lyt innbyggjarane på avgrensa område tola utan noko godtgjersle. Den nye regjeringa tok bort pengane som kommunar med ulv fekk av den førre regjeringa. Kanskje Senterpartiet i staden kunne fylgja opp ulvesoneringa med fritak for arbeidsgivaravgift eller andre Finnmarksordningar i næringssvake kommunar grensande mot Sverige?

Kanskje kan dei føreslå svenske skattereglar for brennevin og andre handelsvarer med flyplasstollordning i ei 5 km sone langs svenskegrensa i ulvesona? Då ville svenskehandelen flytta inn i ulvesona, og fråflytting ville vorte tilflytting.

Jegerane i ulvereservatet ville ikkje lenger kunna sleppa hundane sine, men dei kunne sitja på benken framfor stova, medvitne om at krypskyting er øydeleggjande for jegeromdømet, mimra om gode gamle dagar og drikka billeg brennevin. Det ville truleg vore godt for folkehelsa om Høgsterett, når dei skal handsama saka, feller dom basert på forskjellen mellom ulvesone og ulvereservat.

Powered by Labrador CMS