Annonse
Illustrasjon: Oddmund Mikkelsen

Månedens ytring

Om jaktrett – eit lærestykke for Bollestad

Det kan vera vanskeleg å forstå korleis grunneigar eller eigedomslaus kunne oppnå rettar til hundejakt. Ingen av dei hadde hund, skriver Torstein Storaas i månedens ytring.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel.

FOLK flest tapte vederlagslaust jaktretten på dei fleste arter i 1899. Førre landbruksminister slo på Naturdatas viltforvaltningskonferanse sist haust fast at «jaktretten er uløselig under eiendomsretten». 

Ved å lesa vidare kan noverande landbruk- og matminister Olaug Bollestad læra kven som har jaktrettar rundt om i verda, korleis jaktretten vart del av eigedomsretten – og korleis gjera godt att for tidlegare tiders ran frå folk flest – og deira røystande etterkomarar.

GRUNNLOVFEDRANE i USA kom frå føydale Europa der adel og grunneigarar hadde alle rettar. Dei bestemte difor at i USA skulle folket i dei einskilde statane ha jaktretten – uavhengig av kven som eigde grunnen. 

I Kenya har ingen jaktrett, i Sør-Afrika har grunneigar jaktrett på inngjerda grunn, i Sveits har folket i kantonen, fylket, like jaktrettar. Det er ikkje naturgitt om det skal jaktast eller kven som har jaktretten.

I NOREG miste i 1899 mine dålevande åtte oldeforeldre retten til å jakta rype, orrfugl, storfugl, jerpe og hare, samt tallause andre arter utan hund i all norsk utmark. 

Eine oldefaren, lærar Lars Vincentson Færevåg, starta skyttarlag, men det var truleg for å bu seg på å fella svenskar i fall det vart krig ved unionsoppløysinga, ikkje for å trena til jakt. 

Heilt sikkert er at ingen av dei hadde hare- eller fuglehundar. Ingen vanlege folk, grunneigar eller borgar i Hardanger hadde det. Soleis kan det vera vanskeleg å forstå korleis grunneigar eller eigedomslaus kunne oppnå rettar til hundejakt.

MAGNUS LAGABØTES landslov frå 1274 – 1276 hadde reglar for rettar til fangst og jakt. Grunneigar hadde rett til hønsehaukar og falkar, men kongen hadde rett til å kjøpa dei. 

Eigar av dyregrav eigde dyregrava, og grunneigar hadde fyrsteretten til å setja feller for pelsvilt. Men det står ingenting om stokkender, hare, fjellrype, lirype, orrfugl og storfugl. 

Det er ingen som motseier at dei var frie for folk flest å jakta, fram til 1899. Tolv prosent av vaksne nordmenn hadde røysterett til å velja representantane som sat i Stortinget i 1899. 

Dei hadde alt vedteke at alle nordmenn over 25 år, menn, ikkje kvinner, skulle få røysterett. Frå 1900 kunne husmenn, sagbruksarbeidarar og eigedomslause koma på tinget. Difor hasta det for dei velståande å forsterka jaktretten sin.

I 1999 tenkte eg at 100 år var nok. Kanskje me kunne sjå på overføring av jaktretten til grunneigarane som eit eksperiment og vurdera kor vellukka det var. Eg merka fort at dette var eit tema som ikkje burde takast opp. 

Det er ogso sant at svært mange private grunneigarar forvaltar sitt vilt eksemplarisk. Eg har vidare gått opp i løn og leiger private jaktmarker til stor glede og behag. Eg kunne ikkje finna på å utfordra eigdomsretten til dei overlag gilde eigarane av området eg leiger. 

Eg skjønar svært godt at politikarar ikkje vil ta på seg all kjeften dei ville fått ved å utfordra eigedomsretten til jakt.

MEN rekrutteringa til jakt er viktig. Det er viktig at vanlege ungar utan jaktande familie, heilt sikkert gjennom all tid, enkelt skal koma seg på jakt i nærmiljøet. Då må folk flest sjølve eiga skog. 

Den enklaste måten me alle kan eiga skog på, er gjennom Statskog. Det enklaste statsråd Bollestad kunne gjera, er å senka utbyttekravet frå Statskog. 

I USA er 44 prosent av skogarealet i statleg eige. Trump betalar skogvesenet for økosystemforvaltning av statsskogane. Norske landbruksministrar krev derimot økonomisk utbytte av sin Statskog (12 prosent av skogarealet).

MED senka utbyttekrav kunne Statskog slutta selja skogshusvære som folk flest kunne leiga, og slutta selja skogteigar som ligg i vest og i sør der det er vanskeleg å sleppa til med småviltjakt med hund. 

Slik kunne landbruksministeren føra ein politikk til fordel for folk flest – og ikkje for dei få som har råd til å kjøpa skogen som er til sals. Ho kunne bruka inntektene frå Statskog til å kjøpa meir skog der det er lite statleg skog frå før. 

Bollestad kunne gjennom fellesskapets eigarskap ta attende litt av jaktretten våre olde- og tippoldeforeldre vart fråtekne. Bygder har statsallmenningar, finnmarkingane har Finnmarkseigedomen. Den politikaren som gjorde Statskog til alle nordmenns allmenning, ville verta historisk.

OG me som er heldige å ha jakt på privat grunn, kunne halda fram med å gle oss over det.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS