Annonse

Månedens ytring

Framtida er villsvin og rev

Veterinærane lit ikkje på evolusjonen. Naturen sjølv får ingen sjanse til å ordna opp, skriv Torstein Storaas i månadens ytring.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel.

KONG OLAV TRYGGVASONS mann Torstein Oksefot jakta troll i Heidarskogen. Kong Haakon VII og Fridtjof Nansen jakta hare. Då var både troll og anna storvilt bortimot utrydda. Norske storviltjegerar har etterpå gjennomlevd ein gullalder. Framtida er villsvin og rev.

På Isle Royale i Lake Superior spurde eg ulve- og elgforskar Rolf Peterson: No har de studert elg, ulv og vegetasjon på Isle Royale i over 50 år – korleis vil bestandane utvikla seg neste år?

 Han såg ut i lufta, slo ut med armane og sa: Complexity, change and chanse (kompleksitet, endring og tilfeldigheiter). 

Til Isle Royale kom kvelpesykje med hund – og dei fleste ulvane døydde. Eit anna år, då ulven var svært innavla, kom ein ny hannulv over isen med nye genar. Det er ikkje lett å spå framtida.

FUNNA AV skrantesjuke var uventa. Nedslaktinga av reinen i Nordfjella verkar klokt. Skrantesjukeprionane er fæle saker. Veterinærane seier dei kan leva i jorda i årevis, dei kan takast opp i planter og etast. 

Og om dei ikkje vert tekne opp i kroppen, er det mogeleg at tusenvis av sauer på sumarbeite i Nordfjella kan ta sjukdomen med seg heim til hjort, elg og rådyr?

EG VAR i jungelen med to professorar, ein veterinær og ein økolog. Økologen stappa tigerbæsj i eine lomma og ein daud apekattunge i den andre. Attende i leiren pirka han i tigerbæsjen med tolekniven før han dissekerte apekatten, turka kniven på buksa og skar seg ei brødskive. 

Veterinæren ville ikkje nærma seg korkje tigerbæsj eller apekatt utan heildekkande plast og munnbind. Økologen trur på evolusjonen, om me utset oss for smitte, vil nokon verta sjuke, evolusjonen vel ut individa som klarar seg.

DÅ REVESKABBEN kom til landet, avla evolusjonen fram meir motstandsdyktige revar – og snillare skabb som ikkje drap reven, og som dermed kunne smitta fleire. Veterinæren tek ingen sjansar. Har eitt dyr i flokken vanskeleg smittsam sjukdom, drep han alle. 

Kjem lakseparasitten Gyrodactylus til ei lakseelv, vert alle fiskar drepne før ny frisk laks kjem attende frå havet. Det er ikkje aktuelt å nytta naturens eigen evne til å kjempa mot sjukdomar – evolusjon – eller ved at mennesket grip inn med avl på dei mest motstandsdyktige. 

Veterinærane lit ikkje på evolusjonen. Naturen sjølv får ingen sjanse til å ordna opp. Kanskje me på kort sikt skal vera glade for at veterinærane styrer med maten?

VETERINÆRANE VIL fella alle reinane i Nordfjella. Hjortevilt skal ikkje fôrast nokon stad. Saltsteinar til vilt er forbodne. Eg undrast på kvifor dei ikkje kan fôra rådyr ved Halden eller bruka saltsteinar i Pasvik fordi villrein i Nordfjella og elg i Selbu er sjuke. 

Like aust for Selbu, i Sverige, er både fôr og saltsteinar lovleg. Saltsteinar vert sett opp til sauer utanfor skrantesjukeområda. Dermed vert hjorteviltet konsentrert om færre saltstader.

Generelt sett spreier sjukdomar seg lettare ved høge tettleikar. Difor skal hjorteviltbestandane ned. Vil ein sikra at skrantesjuka ikkje spreier seg, bør ein fella alt hjortevilt over alt. Nokre får nok vera att, men det er lett å tenkja seg at storviltgullalderen er slutt.

DÅ KAN me gjera som kong Haakon og Fridtjof Nansen. Jakta hare. Men haren er på raudlista, det er ogso lirypa og fjellrypa. Mår og rev tek dei fleste storfuglreira.

Trolla hans Torstein Oksefot er borte, storviltet vert fåtalig og småviltet vil vera talrikt berre nokre år – i nokre område. Men reven klarar seg! Og over grensa frå Sverige pressar villsvinet seg inn i Noreg etter 5000 års fråvere.

Svaret er enkelt. Det er berre å gje vekk fuglebikkjer og elghundar. Det må fyrst verta revestøvar og revejakt. Ingen må fella villsvin før dei har etablert seg ordentleg. Frå då av vert det reve- og villsvinjakt for alle pengane.

EG TRUR at strihåra vorstehhundar kan trenast til begge deler, eg slepp skifta hundar. Verre vert det med smaken. Ryper og hjort smakar best. Har nokon gode villsvin- eller reveoppskrifter, send dei til redaksjonen for prenting og til opplysing av framtidige jegergenerasjonar. So får me sjå kor lenge reve- og villsvinperioden vil vara. Før me veit ordet av det, hender noko nytt og uventa.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

 

Powered by Labrador CMS