Annonse
Illustrasjon: Oddmund Mikkelsen

Månedens ytring

Der asfalten sluttar

Der asfalten sluttar, vegen vert smalare og sluttar, der bur me. Og det er god plass til fleire, skriver Torstein Storaas i månedens ytring.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

DET var enklare i gamle dagar. Me levde i små familiegrupper og verna oss mot naboane. Om ein øystesebygdar våga seg utanfor Nes, laut han halda seg utanfor pileskotsavstand om han skulle berga livet. Og skulle han våga seg til beste fiskeplassen «Då dreiv eg til han med fiskestongi, so han datt i uvite bak i rongi».

Isolerte grupper utvikla eigne virus saman med hundar og flaggermus. Best var dei virusa som ikkje skada ungane, men tok vaksne menn og gamlingar. 

Sjølve var me immune mot dei, og so kunne me senda «en arm og utlevet Bager som Fanden snart allikevel tager» full av virus som han var immun mot, til Øystese.

Dei ville slå han i hel og eta han, alle vart smitta, vaksne karar ville døy, og berre dei fagre unge jentene ville vera att. Fine damer har dei alltid hatt i Øystese, det skal dei ha.

Øystesedamer har alltid vore velkomne. Men slike overgangar skjedde sjeldan, og faren for smitte frå framande var låg.

SO vart me kristne og skulle stella godt med øystesebygdarar og framandfolk. Då braut det laus med svartedaudar, virus og elende. 

Politikken har lenge vore at alle skulle bu same staden, gå i den same butikken, liggja på same sjukehuset, liggja med same partnarane, bruka same doet, trena ilag og sitja tett saman i skjenkestovene. 

Og innkomande virus fløymer over og spreier seg til alle.

MEN framleis bur nokre der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Raringar bur i Østerdalen, Finnskogen og på Finnmarksvidda. 

Der asfalten sluttar, vegen vert smalare og sluttar, der bur me. 

Frank redigerer blad via pc og breiband. Martin køyrer hogstmaskin. Knut køyrer stor traktor og flytter pengar til tryggare hamnar over nettet. Gjertrud er pensjonist, plukkar bær, går på ski og bakar krotakake.

Felles er meiningsfylte liv utan trengsel. Om polet stengjer, finst raunebær og blåbær i skogen til vin, og gamle apparat finst i mange kjellarar. Om butikkane stengjer, finst mandelpoteter og sik.

ALLER best og tryggast har jegerane det. Knut forsvinn til fjells 5. august når han kan byrja taksera rype. 

Var det heilt opp til han, ville han ikkje kome ned att frå fjellet før alle virusepidemiar for lengst hadde drepe eller gjort alle immune. Dagh ser ingen frå bukkejakta opnar til beverjakta tek slutt.

Alle ynskjer seg naturleg nok til bygda. Styresmaktene måtte forby byfolket å dra på hytta. Me som bur der hyttene er, treng ikkje forbod mot å dra til byen. Dit reiser me ikkje, uansett. Kvifor skulle me det? 

Her er skiføre, aure, ryper, nettbutikkar, orrfugl, storfugl, elg og breiband. Er heimekontoret i Østerdalen, treng me ikkje leggja om livsstilen uansett påbod frå styresmaktene, her er so langt til naboen at me møter ingen sjølv om me lever akkurat som før.

FOR å skapa eit robust samfunn samlar regjeringa alt på få stader. Sjukehus, lensmannskontor og heradsrettar vert flytta sentralt. Nybygg og arbeidsplassar veks der styresmakter og kapitaleigarane bur. 

Går ein ut av heimekontoret er det so stappa med folk at ein lyt ta på dykkardrakt og surstoffapparat for å sleppa unna pesten. Robust?

EG trur ikkje at me skal gå attende til å skyta framande som kjem inn i rypeterrenget. Det får vera nok å setja inntrengjande hyttefolk i karantene. 

Dei kunne slept karantene om fleire arbeidsplassar vart desentralisert og ikkje sentralisert. Då kunne fleire budd heile året der vilt og fisk leikar. Alle kunne jogga og sprunge der dei ville utan ukvemsord frå smitteredde.

REDAKTØR Ole kunne flytta til breidda av Gaula, redigert Jakt & Fiske og fiska laks i kaffipausane. Kong Harald kunne flytta til Lærdal, jakta hjort og fiska laks og styrt statsråd kvar fredag over Teams. Redaktør Leif kunne ha flytta oppunder Hardangervidda og fiska aure og trena fuglehund innimellom all redigeringa over nett.

Gå de føre, vis at det går an! Sentraliseringa vil slutta, pest og munnbind vert noko ein kan lesa om frå framande land og samfunnet vert robust. Velkomne dit grusvegen sluttar, det er god plass til alle.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

 

Powered by Labrador CMS