Annonse
– Dyrevelferdsorganisasjonen NOAH meiner at eit påkøyrt rådyr med beinpiper stikkande ut gjennom skinnet har det best livredd og klappa på i fanget på dyrekjære jenter medan dei trøysta det og venta og venta på offentleg oppnemnd avlivar, skriv Torstein Storaas i si «Ytring».

Månedens ytring

Alternative dødsmåtar

Best er å leva i kjærleik, venesæl, rik og frisk. Men alle lyt døy, folk, fe og vilt. Om tusen kongeørnegg vert lagde årleg, lyt tusen kongeørnindivid døy i egg, som unge eller vaksen kvart år om bestanden skal vera stabil.

Publisert Sist oppdatert

Vert ti millionar rypeegg lagde, lyt ti million rypeindivid døy. Me ser den skotne, me ser ikkje korleis dei hine døyr. Ørnar drep kvarandre eller svelt i hel. Rypene vert drepne av nebb, klo og tenner, ein liten del av børse. Petter Wessel Zapffe meinte menneske burde slutta å forplanta seg og døy ut, livet var og er tragisk.

Slik tenkjer ogso inspektørane frå Mattilsynet og Statsforvaltaren om livet til ville geiter i Sogn. Ein geiteflokk har levd vilt i snart hundre år. Geitene trur dei er ville og lever som dei sjølve vil. 

Men Mattilsynet meiner liva deira er so miserable at dei alle lyt avlivast. Dei meiner tydelegvis at geiter har det betre som daude enn ved å leva fritt, eta og skita, para seg, få fram avkom og døy for rovfuglklo, ulukker eller svolt slik, som andre dyr som lever vilt. 

Mattilsynet vil drepa for at dei skal få det betre, nett slik alle tamme pelsdyr vart drepne for å få det betre. Eg vonar det ikkje kjem vedtak om at alle ryper lyt drepast for at ogso dei skal få det betre.

Men er det verkeleg betre å vera daud enn å leva for geiter, gjennom generasjonar framavla oppdrettsrev eller for folk? Er det betre å oppleva ingenting enn det å oppleva livet med fødsel og gleder og liding fram til døden i nådelaus natur? Har dei som aldri vart fødde det betre enn me som vart fødde og skal døy, gamlingar som meg, om ikkje so lenge?

Det er ikkje alltid lett å vita kva som er mest dyrevenleg. Dyrevelferdsorganisasjonen NOAH meiner at eit påkøyrt rådyr med beinpiper stikkande ut gjennom skinnet har det best livredd og klappa på i fanget på dyrekjære jenter medan dei trøysta det og venta og venta på offentleg oppnemnd avlivar. 

NOAH melde til politiet resolutt jeger som raskt avslutta lidinga ved å køyra tung lastebil over rådyrhovudet. Dyremishandlinga var ikkje å halda rådyret i fanget, men den raske avlivinga. Jegeren vart fyrst dømt i tingrett og lagmannsrett. Fyrst i Høgsterett vart det slått fast at rask daude var betre enn lang livredd pine i fanga til velmeinande, men feilande dyrevener.

Same NOAH meiner det strir mot god dyrevelferd å læra hundar at dei ikkje skal jaga og drepa sauer ved hjelp av elektriske dressurhalsband. Det er betre dyrevelferd at hundar skal vera i band og bak høge gjerde til alle sauer er i hus. 

Om hundar skulle klara stikka av og drepa sauer, er drapet betre dyrevelferd for hund og sau enn eitt eller to støyt som hindrar jaging og drap. Om sauer vert drepne, meiner dei at hunden har rett til vidare liv fordi hunden fylgjer sine naturlege instinkt, sauedrapet er ikkje hunden sin feil. 

Eg er samd, feilen har eigaren som fylgde NOAH sitt råd om å ikkje bruka elektrisk straumhalsband. Hundar skal ikkje drepa vilt. Ved minkjakt skal hunden finna minken, men må haldast vekke slik at minken kan skytast. 

Min ungdomsven Kjell hadde ein strihåra vorstehhann som drap kattar. Eitt bitt, ei risting og alle dei ni liva var borte. Den veldresserte strihåren til vår ven Trond drap vår katt raskare enn Trond rakk å uttala SITT for å stoppa han. Mine hundar har ikkje fått drepa kattar, sjølv om kattane drep småfuglane eg er glad i og fôrar gjennom vinteren. 

Eg tenkjer at nokon eig og er glad i kattane, som eg er i fuglane. Poenget er ikkje at hundar skal drepa kattar. Poenget er at for kattar og minkar er dødsmåtane hundbitt eller skot begge momentane. Eg er ikkje mink, men har vanskar med å sjå at nokon av dødsmåtane frå minkens synsvinkel skulle vere å føretrekkja.

Er det verkeleg betre å vera daud enn å leva? Mattilsynet vil drepa ville geiter i Sogn for at dei skal få det betre. Eg vonar det ikkje kjem vedtak om at alle ryper lyt drepast for at ogso dei skal få det betre?

Dyr skal ha det bra medan dei lever, men diverre lyt alle døy. Det er då viktig å sjå på alternativa. Alternative dødsmåtar for ville planteetarar er å verta drepen av rovdyr, påkøyrt i trafikken, drukna i vatn, svelta i hel eller å verta skoten. 

Rovvilt svelt som regel i hel eller drep kvarandre om ikkje det vart avliva ved godkjend felle eller velretta skot. Menneske påførde dødsmåtar må vera raske med minst mogeleg liding, men dei må ogso vurderast mot andre alternative dødsmåtar i naturen. 

Zapffe hadde rett, livet er tragisk. Men du verden so godt det er innimellom, kanskje særleg når me får avslutta eit tragisk rypeliv i trygg visse om at rypebestanden klarar seg fint til neste år når me atter kan gjera ein velgjerning ved å avslutta enno eit rypeliv momentant ved velretta hagleskot.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS