Annonse

Månedens ytring

Villrein og tamrein: Ei art – dyrka av to kyrkjer

– Eg trur diverre at villreinindivida ville fått langt betre liv om det vart blanda inn enno fleire tamreingenar i villreinstammene, men eg ville aldri våga å fremja eit slikt forslag av otte for å verta fullstendig utstøytt frå kyrkja mi, skriver Torstein Storaas i månedens kommentar.

Publisert Sist oppdatert

Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.

Rein, Rangifer tarandus, vert dyrka av to kyrkjer, villreinkyrkja og tamreinkyrkja. Villreinkyrkja dyrkar rein som skyr folk og flakkar fritt over vide vidder. 

Nokre bodord er: 

1) Villreinbehov trumfar all annan aktivitet i fjellet – med unntak av villreinjakt, 

2) Dess meir vill og redd reinen er, dess meir verdfull er han, 

3) Ingen andre enn innskrivne medlemer i kyrkja skal ferdast i villreinfjellet, 

4) Motorisert ferdsel skal ikkje skje i villreinområda.

Dei truande er gjerne medlemer i villreinnemnder og villreinutval, presteskapet er laust organisert, men paven verkar vera veteranrådgjevar i Miljødirektoratet og kardinalar som forskar på villrein, og minst ein pensjonert tidlegare offentleg viltforvaltar i Agder tykkjest praktisera som prost. 

Felles er at alle jaktar rein, det heilage sakramentet er å eta villreinens kjøt og drikka hans blod. Synet på rovvilt varierer, men det er lett å få inntrykk av at presteskapet heller vil ha jerv enn sau i fjellet.

Tamreinkyrkja dyrkar den tamme reinen med eigarmerke i øyret, og har utrydda villreinen der dei kan. Rovvilt er dyret i openberringa, varslar endetida og må bort. 

Tamrein trekkjer som villrein mellom beiteområde, men avgrensa av milelange gjerde og vakta og styrt med motorfarkostar i utmark og luft. Tamrein er vanskelege å jaga bort frå grøne jorde og frå gater, blomsterbed og plenar i Hammerfest. 

Men – norsk tamrein skyr vindturbinar og underjordiske gruver. Samisk tamreindrift er sjølve heilagdomen i samisk kultur og vert drive på samisk med kufte, fornorska med høyrselsvern på 2-, 4- og 6-hjulingar og snøskuterar som kan køyra like fritt som villrein før kunne springa.

Presteskapet er organisert i sameting og interesseorganisasjonar. Samar er urfolk som i Noreg ikkje er definert som dei som kom fyrst, men som ein minoritet med eige språk og kultur og som kom før landegrensene vart trekte. 

I urtida levde alle nordmenn av sanking, jakt og fiske. Då villreinflokkane vart fanga ned, utvikla urfolket tamreindrift. I tamreinkyrkja er det ei dødssynd å kritisera samisk tamreindrift.

Mange av oss naturvernarar er medlemer i begge kyrkjene og er dermed for og mot ville reinsdyr, for og mot rovvilt og for og mot motorisert ferdsel i utmark. 

Tamreinkyrkja er den langt mest framgangsrike. Medan villreinen er raudlista, har tamreinen aldri vore meir talrik enn no, vårstamma er på nær 215 000 rein. 

Tamrein er tam, villrein er vill, men det er ei art. Levedyktig tamrein i Rendalen vert raudlista villrein når han kryssar kommunegrensa mot Tolga. 

Villreinen på Hardangervidda, det største og viktigaste villreinområdet i landet, ættar hovudsakleg frå tamrein. Dei flottaste villreinane, som stamma i Forelhogna, er forvilla tamrein.

Arta rein, Rangifer tarandus, er ikkje raudlista eller trua. Men leveforma til villreinen er trua og kan berre overleva i område der det einaste urfolket i landet ikkje har etablert seg. 

Villrein er utrydda frå dei store, definerte villmarksområda i Finnmark og Troms. Dei er skrinne, fôrproduserande kulturlandskap med motorisert næringsverksemd. I sør, i sjølvaste Jotunheimen, har tamreinnæring fortrengt jotnar og villrein.

Kyrkjene er samde om at reinsdyr skal overleva. Eigd Rangifer tarandus med øyremerke, vil overleva sidan tamreindrift er ein vesentleg del av samisk kultur og identitet. 

I tillegg gjev næringa arbeid til 3000 menneske som på 40 % av Noregs areal produserer ypparleg kjøt til halv produksjonspris grunna statstilskot. Men det opphavlege frie, nomadiske livet til Rangifer tarandus, er trua. 

Villrein får berre leva i avgrensa fjellområde i Sør-Noreg, der tamreindrift ikkje har byrja eller er nedlagd. Leveviset er trua av menneskelege aktivitetar, kraft-, hytte- og vegutbyggingar, turisme og friluftsaktivitetar. 

Sidan villreinen skyr folk, spring dei livredde frå fjell til fjell og skårar dårleg ut frå Kvalitetsnorm for villrein, som gjev kriteria for gode villreinliv.

Sjølv er eg passiv, men truande medlem på bakarste benk i villreinkyrkja. Eg er oppteken av at me skal ha område i Noreg utan motorisert næringsverksemd, der det er langt å gå utan å møta veg, køyrespor eller snøskuter, der naturen er lite merka av moderne utbyggingar, område der menneske kan kjenna naturen inni seg møta naturen rundt seg. 

Vern av leveområda til raudlista, livredde villreinar syter for at vide øyde vidder framleis finns. Eg trur diverre at villreinindivida ville fått langt betre liv om det vart blanda inn enno fleire tamreingenar i villreinstammene, men eg ville aldri våga å fremja eit slikt forslag av otte for å verta fullstendig utstøytt frå kyrkja mi. 

Faren er at tammare rein kunne føra til godkjenning av større utbyggingar, men samstundes kunne det i framtida ikkje vore naudsynt å forby friluftsliv langt frå veg i kjerneområda til villreinen.

Konklusjonen er at rein, Rangifer tarandus, ikkje er trua, men det frie livet til vill sjølveigande rein er trua. Områda i Noreg der villrein ikkje er utrydda av tamreinnæringa, er svært avgrensa, og det er viktig å ta vare på dei avgrensa områda for villrein, friluftsliv og naturoppleving i framtida. Det kunne vore enklare med litt tammare villrein.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS