Annonse

Månedens ytring

Noreg er bra – med og utan ulv

Fleire av mine beste vener ynskjer ulven bort frå Noreg. Andre gode vener ynskjer nokre ulvar i Noreg, skriv Torstein Storaas i månadens ytring.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

EG vaks opp i vedunderlege Hardanger utan ulv. Det var bra.

Eg bur no i vedunderlege Østerdalen med ulv. Det er ogso bra. 

Det er dumt at einskildpersonar lyt ta det økonomiske tapet med ulv, at hundar og sauer vert drepne og folk er redde. 

Det er likevel ogso dumt å utrydda høgtståande pattedyr frå Noreg, ulven har truleg vore her lenger enn mennesket. 

Men det mest utrivelege med ulv er at folk ligg i skyttargraver og er sinte.

Eg vågar ikkje seia at ulv og ulveforvaltning ikkje betyr noko særleg for meg personleg. 

Slikt kan ein seia til nære vener som ein er heilt trygge på. Men seier ein slikt til ihuga ulveven eller ulvehatar, oppnår ein berre deira forakt. Alle må då skjøna at ulv er viktig! 

Dei som ikkje er samde risikerer å verta utestengde frå to fellesskap. Her gjeld det å sitja stille i båten – og vona at ingen legg merke til oss. 

FLEIRE av mine beste vener ynskjer ulven bort frå Noreg. Andre gode vener ynskjer nokre ulvar i Noreg. 

Her bur i dag fem millionar menneske, seier dei, då bør det vera plass til hundre ulvar. Begge grupperingane er glade i natur og jaktar, fiskar, går på ski og held i hevd våre norske, nansenske friluftslivtradisjonar. 

Verdigrunnlaget verkar for meg likt, men det er noko med ulven. 

Ulven slår splid inn i det felles verdigrunnlaget. Er det ein symbolsk kamp i hovuda våre mellom mytisk villmark og fredeleg hage, mellom anarki og ordnung muss sein?

Ketil Skogen har funne at ulvekonflikten ikkje er mellom ulv og folk, men mellom folk for og mot ulv. For ulvemotstandarane skal fienden vera høgt utdanna folk frå mellomklassen. 

Men det er då Ketil og meg sjølv? Mange av oss byrja studera økologi, natur og vilt fordi me er svært opptekne av økologi, natur og vilt. Favorittarbeidsplassar er forsking, undervisning og nasjonal og regional naturforvaltning. 

Eg har likevel alltid forsvart den høgt utdanna middelklassen, sagt at det viktigaste me lærer i høgare utdanning er å vera ærlege med våre data.

NOREG byggjer vår naturforvaltning på mellom anna Malawi-prinsippa. Prinsippa vart vedtekne på konferanse i Malawi i 1998. 

Prinsipp 1) er at forvaltningsmåla for land, vatn og levande ressursar er noko som samfunnet kan velja. Eg les dette slik at måla ikkje alltid er naturgjevne, menneska må velja måla ut frå det me finn viktig.

2) Forvaltninga skal desentraliserast til lågast mogeleg nivå, og 3) vanlegvis er det naudsynt å forstå og forvalta økosystemet i ein økonomisk samanheng.

Omsett til ulv kunne dette verta: 1) Når Noreg tek vare på ulv, er det eit aktivt val. 2) Ulven bør forvaltast av regionale nemnder. 3) Me lyt forvalta ulven i ein økonomisk samanheng.

EG finn det underleg at eg knapt finn att punkta ovanfor i Miljødirektoratets omsetjing. Punkt 1 er pakka inn i andre ord langt nede, punkt 2 er heilt borte, og hvor ble det av punkt 3?

Gå inn på heimesida deira og sjå sjølve. Har kanskje likevel dei som ser på oss høgt utdanna middelklassefolk som fienden, av og til rett? Kanskje me av og til har våre eigne personlege verdiar – og omsetjingar av utanlandskspråklege prinsipp og avtalar vert prega av det?

Miljøbyråkratane har kanskje noko å læra av ulveforskarane? Dei opplever eg å vera pinleg nøyaktige med både data og tolkingar – uavhengig av kva dei måtte meina om ulven.

ULV i verda er ikkje trua. Artsdatabanken definerer likevel ulv som kritisk trua i Noreg. Dei politiske partia finn det heilt greitt og vil forvalta ulvebestanden på eit kritisk trua nivå. 

Ulvesoneutvalet vurderte korleis dette kunne gjerast. Dei kom fram til at kommunane med ulv burde få 8 – 10 millionar kroner per revir. 

Dette er heilt i tråd med Malawi-prinsippa – om ein les dei på engelsk. Likevel argumenterer mange av oss utdanna i middelklassen for at det er meiningslaust å erstatta ville dyr drepne av ville dyr. 

Erstatning er likevel ikkje meiningslaust når berre nokre få samfunn i ulvesona vert råka – og alle andre slepp. Me kan ogso argumentera for at folk skal gle seg over ulv rundt husa. Det får dei sjølve avgjera. Nokre likar det, men det er tydeleg at svært mange ikkje gjer det.

EG trur me alle kunne ha nytte av å lesa Malawi-prinsippa på original- språket – og støtta regionale nemnder og ulvesoneutvalets framlegg. Det er rimeleg at dei som vil ha ulv, betalar dei som ikkje vil ha ulv, for å ha ulv. Og me i den høgt utdanna mellom- klassen lyt vera pinleg nøyaktige med å unngå at eigne personlege hald- ningar påverkar resultatet av offent- lege oppgåver me i jobbsamanheng tek på oss.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS