Annonse
– Kjærleiken og viljen til vern av fjellet kjem av bruk av fjellet, skriv Torstein Storaas i si ytring.

 Månedens ytring

Vern villreinfjellet – og lett friluftsliv

Publisert

Dette er ei ytring. Meiningane står for skribentens eiga rekning.

Landsmøtet til NJFF vedtok i 2018 at me skal arbeida for villreinen. NJFF har saman med andre arbeidd bra. No har me fått ei ny stortingsmelding om villrein som diverre korkje lovar restaurering av trekkvegar eller forbod mot tunge inngrep. 

Men eg vert likevel redd når eg les kva statsforvaltarane og andre har føreslege som tiltak for vern. Dei føreslår å forby lett friluftsliv som padling, turgåing, jakthundtrening, jaktprøvar og småviltjakt. Her må me trø varleg og tenkja godt. Kva verdiar er trua, og kva truslar er store og kven er små.

Vår reinsdyrunderart Rangifer tarandus tarandus vert forvalta både som villrein, som eigedomsdyr i Rendalen og Vossa/Kvammafjella og som tamrein. Det er 235 000 reinsdyr i Noreg, 600 000 i Norden. 

Villrein og eigedomsdyr vert forvalta med jakt. Tamrein vert internasjonalt rekna som semi-domestisert og lever som villrein når dei vert slept fri. 

Artsdatabanken, derimot, reknar tamrein som domestisert og tolkar retningslinene til IUCN, den internasjonale naturvernorganisasjonen, slik at ville dyr av domestisert opphav ikkje kan reknast med når ei art skal vurderast for raudlista. 

Dei reknar ikkje om vår underart er trua, men om dei viltlevande reinane er trua. Vill rein i Forollhogna vert ikkje rekna med. Om viltlevande rein av reint tamreinopphav vart teke med, ville ikkje reinen vorte raudlista.

Artsdatabanken reknar likevel reinen på Hardangervidda, med 70 % tamreingenar, som vill. Ein same er same når ein av åtte oldeforeldre var same og han føler seg som same. For villrein er det nok at ein av besteforeldra var villrein, og at han lever som villrein, for å vera villrein. 

Artsdatabanken må ha hatt eit dilemma. Dersom Hardangervidda-reinen ikkje vart rekna som ordentleg villrein, ville det ikkje vore grunnlag for ferdsleforbod, kanopadleforbod ognedlegging av hytter på Hardangervidda. 

Når dei vert rekna som villrein, må ogso rein i Rondane og Snøhetta kunna reknast som villrein om dei vart forsterka med tamreingenar.

Når Artsdatabanken reknar rein med 70 % tamreingenar på Hardangervidda som villrein, vil det reint logisk vera enkelt å setja ut litt tamrein om nokre ville delbestandar vert små og genetisk utarma. 

Dei genetiske forskjellane mellom tam og vill rein er som mellom austlendingar og nordlendingar, det eine er ikkje betre enn det hitt. Austlendingar og nordlendingar er av same art, villrein og tamrein er til og med av same underart!

Blandingar av individ med ulik bakgrunn er mest robust og gjev grunnlag for vidare evolusjon. At frisleppte tamrein lever godt som ville, kan dokumenterast ved at villreinen i Tolga, som er eigedomsdyr av tamreinætt når dei er i Rendalen, var den einaste villreinstamma som Miljødirektoratet nyss friskmelde. 

Om Rudolf vart sleppt fri, ville folk, som før, kunna jakta villrein i heile landet. Raseteori finns i hovuda våre, naturen og evolusjonen klarar seg godt utan.

Kjærleiken og viljen til vern av fjellet kjem av bruk av fjellet. For viljen til vern er det særs viktig med fotturistar, skilauparar, kanopadlarar, hundekøyrarar, jegerar, fiskarar, jakthundtrening og jakthundprøvar. Permanent utbygging og naturtap er overlag skadeleg, sporlaus bruk av fjellet, av rein, rype, aure og naturoppleving, er bra.

Torstein Storaas

 

Det som verkeleg er trua, er store samanhengande fjellområde der rein kan vandra fritt utan å verta hindra av bilvegar, reingjerde eller gjetarar, område utan motorisert ferdsel og køyrespor. 

Område for villrein, jakt og fiske, der jegerar og fiskarar på min alder måtte ha sterke born eller barneborn for å få bore inn telt og mat, og ut fiskog kjøt. Andre kunne gjerne leiga seg ein hest. 

Det fekk kanskje berre våga seg om eigarane av private kremområde på Hardangervidda fekk lågare inntekter om direktørane som leiger jakta og fisket, ikkje lenger fekk fly inn og ut slik at dei kunne vera der 100 dagar i året.

Min avlidne ven, Asbjørn L. Sekse, fruktbonde og fjellmann frå Sørfjorden, var tydeleg på at han ikkje lenger ville til stølen Viersdalen, uendeleg langt inne i Veigdalen på Hardangervidda, når han vart for gamal til å gå. Han meinte at mykje av verdien var at alle laut yta ein langvarig fysisk innsats til for å koma dit.

Kjærleiken og viljen til vern av fjellet kjem av bruk av fjellet. For viljen til vern er det særs viktig med fotturistar, skilauparar, kanopadlarar, hundekøyrarar, jegerar, fiskarar, jakthundtrening og jakthundprøvar. 

Permanent utbygging og naturtap er overlag skadeleg, sporlaus bruk av fjellet, av rein, rype, aure og naturoppleving, er bra.

Reinsdyr er ikkje på raudlista, det er store køyretøyfrie område for det lette friluftslivet og ville reinar som er trua. Andre, som tenkjer klårare enn eg, lyt finna ut om biltunellar skal borast under gamle trekkruter, om hytter skal rivast, fjellvegar stengjast eller om tamreinindustrien burde missa statsstønad i nokre område. 

Eg er mest oppteken av det lette friluftslivet. Det er veldig bra at Bykle kommune stenger skiløyper for å verna villrein når det er naudsynt. Men den gode viljen til å verna rein må ikkje forby lett friluftsliv langt inne i villreinområda eller hindra tradisjonsrike fuglehundprøvar i utkanten av Snøhetta villreinområde.

 

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS