Annonse

Månedens ytring

Himmelriket på jord

Oppvaksen nær bedehus i fager fjordbygd i midtre Hardanger visste eg at eg vil koma til Himmelen. Men eg visste ikkje at Himmelriktet kom i dette livet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.

Friske pensjonistar med nedbetalte lån kan leva i Himmelen.

Eg trudde på eit liv etter døden med årstider: Heile hausten jaktar kjærasten og eg fugl i svak motbakke, kvar kveld kjem me fram til badestamp og gourmetmiddag tillaga av gudsbeordra englar.

Høgare og høgare kjem me for kvar dag, so byrjar det snø, det kjem fram ski, og heile vinteren og våren kan me skri nedover att, kvar kveld badestamp med tilbehøyr og utpå våren kom me heilt ned til kajakk og fiskeutstyr, for sidan byrja på motebakkane med hundar og hagle på seinsumaren.

Sitja på stolsekken ved bålet i vegkanten og høyra på losen er pensjonistgjerning.

Det kan godt verta slik i det hinsidige. Ingen veit, men eg trur.

Kunnskapen om pensjonistlivet i det hitsidige byrjar gå frå tru til visse. Eg trur pensjonisten bør vera litt heldig, han bør vera bestefar, vera saman med ei frisk og snill bestemor og bør minst ha minst to strihåra vorstehhundar og so mange skipar, telt, kajakkar, fiskestenger og soveposar at han ikkje treng lesa sportsutstyrsannonser.

Når han vert dårlegare til beins, bør han truleg få seg ein støver. Sitja på stolsekken ved bålet i vegkanten og høyra på losen er pensjonistgjerning. Ingen påtvinga plikter. Det fantastiske er å kunna ta med seg bestemora og hundar og hagle til fjells etter rype ein heilt tilfeldig måndag.

Er det seinsumar og sol kan ein henta tytebær ein tilfeldig tysdag. Ein onsdag kan ein hogga ved, torsdag fiska og fredag vera med barneborna. Laurdag, sundag og sumarferie kan levast som om ein var lærar.

Pensjonistsamtalane er ogso spanande. Kven skal ein slå seg saman med om ein skulle ha uflaks og leva lenger enn kjærasten?

Eit anna interessant tema er kva vil du gjera om du får kreft og får beskjed om at du har toppen to år att, men elles kjenner deg frisk og rask? Forbausande mange naturbrukande pensjonistvener seier dei vil leva nett som før, leika med hundar og barneborn, jakta, fiska, gå på tur, kanskje skipa til fleire ville festar med rullator?

For ikkje å gløyma å lesa morosame, vanskelege og opplysande bøker. Ei stor føremon for meg er å kunna lesa oppatt gode bøker som eg heldigvis heilt har gløymt innhaldet i, hugsar berre at boka var god. Dess mindre me hugsar, dess fleire gonger kan me lesa same boka.

Nokre ulemper er det likevel med å vera pensjonist, det har vorte mykje vanskelegare å finna møtedatoar. Før var alternativet til møtet vanleg jobb. No er alternativet jakt, og kven veit, kanskje det vert fint vær møtedagen?

Og om nokon skulle sakna viktige møte og ansvar, er det berre å ta på seg ansvar i eit vell av organisasjonar – og sidan ein har pensjon og ikkje treng løn, kan ein få fordjupa seg i ansvarsfulle oppgåver på det fagfeltet ein er mest interessert i. Eg anbefaler NJFF.

Som tida går vert alle eldre, eldre vert skrøpelegare, vil ein då forlata himmelriket på jord? Kanskje, men det er ikkje sikkert. Truleg vil ein ikkje lenger ha so lyst til å gå so langt, men då er det berre å gå kortare. Min farbror Audun på 97 har slutta gå på ski fordi han tykkjer det er so flaut om han skulle detta og ikkje klara reisa seg på eiga hand.

Og når han ikkje lenger vil gå på ski, treng han ikkje gjera det, han kan gjera nett som han vil. Men han padlar framleis kajakk! Om ein lyt på do fleire gonger om natta, må ein berre ha godt lesestoff og radio der.

Eg har likt livet som viltforvaltningslærar på Evenstad. Interesserte studentar og interessante kollegar. Og ingenting so morosamt som skogshøns og elg. Eg har tenkt at om eg ikkje fekk betaling for å jobba på Evenstad, måtte eg ha betalt for å få lov til å gjera det. Men pensjonistlivet slår likevel alt.

Ein god ven av meg, Otto, åtvara meg mot å bli pensjonist, han sa at alle pensjonistar er keisame. Men det spelar då inga rolle om ein er keisam for andre so lenge ein ikkje er det for seg sjølv (og bestemora).

Mitt råd til alle med sunne interesser burde vera: pensjoner dykk so snart de kan, og opplev himmelriket levande. Men sidan nokon lyt halda Noreg gåande, seier eg: pensjonistlivet er oppskrytt, stå på å jobb til du døyr.

Powered by Labrador CMS