Annonse

Månedens ytring

Elektriske halsband borte frå verktøykassa

Oppfatningane om elektriske halsband byggjer på tilfeldige observasjonar og kjensler, skriv Torstein Storaas i månadens ytring.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel.

HØGSTERETT har bestemt at ei dame skal sitja 15 dagar i fengsel for å ha brukt elektrisk halsband i forsøk på å oppdra hund. 

Frå før banda vart forbodne, og frå vener i Amerika, veit eg at elektriske dressurhalsband kan vera eit nyttig hjelpemiddel – i enkelte situasjonar. 

Av eiga røynsle og lesnad veit eg at positiv opplæring er mest morosamt og effektivt. Likevel finn eg det merkeleg at folk kan setjast i fengsel om dei skulle finna på å løysa ei spesiell utfordring med straum. Bør alle motorsagbrukarar fengslast på grunn av motorsagmassakren?

GLADE gode jakthundar gjer livet godt. Eg har hatt strihåra vorsteherhundar i nær 50 år. Aldri har det vore so morosamt som no, etter at eg lærde om positiv forsterking og klikkartrening. Eg er sikker på at det er best når hunden friviljug vel å gjera slik me vil.

Likevel er det situasjonar der elektriske halsband er bra. Lovverket tillet heldigvis autoriserte personar å bruka straum for å læra hundar at dei ikkje skal jaga beitedyr, tamrein og klauvvilt. 

I tillegg kunne straum vore nyttig for å læra hunden at han kan gå fritt på tunet, men ikkje springa ut på vegen eller over til naboen.

NABOEN til ein vorstehereigande ven kjøpte kaninar. Kaninjaktene til vorsteheren slutta fyrst etter to støyt under kaninjakt – og hunden kunne atter gå fritt på tunet. 

Hundane til to amerikanske vener byrjar logra når eigarane tek fram det elektriske halsbandet, hundane veit at dei då skal på tur. All deira opplæring er positiv belønningsbasert. 

Men om hunden skulle velja springa etter katt mot trafikkert veg framfor godbit hjå eigaren, har eigaren likevel kontroll. Dei brukar alltid banda, men gjev nesten aldri støyt. 

Eg kjenner ogso til eit døme der bruk av elektrisk bjeffehalsband ein dag førte til at eigarane ved masse positiv forsterking i tillegg, hindra at hund laut avlivast for bjeffing. Eg kjenner ogso til feilaktig bruk av straumband.

søkeordet «electrical dog collars» i kunnskapsdatabasen Web of Science fann eg 26 artiklar. Åtte av dei har ein viss relevans til det eg er mest oppteken av: Om elektriske halsband kan vera ein nyttig reiskap i visse situasjonar. 

Om det ikkje finst meir dokumentert vitskapleg kunnskap enn det eg har funne, er det lite sikker kunnskap å byggja på. Det er vitskapleg vist at el-dressur kan gjera hundar sauereine. 

Elles er hunderasar og individ i rasane veldig ulike, krava til hundane er forskjellige. Eg saknar store samanlikningar av dugleik og glede hjå hundar oppdregne ved positiv forsterking – og positiv forsterking med straum i tillegg. 

Ut frå det som eg har klart å finna, byggjer oppfatningane om elektriske halsband på tilfeldige observasjonar og kjensler. Forfattarane av dei få artiklane tykkjest likevel ganske samde om at hundeoppdraging må baserast på positiv forsterking, og trenarar bør unngå å bruka straff. 

Elektriske halsband bør brukast so lite som mogeleg – og dugleiken til trenaren spelar ofte større rolle enn metoden. Men heller ikkje meiningane til forskarane byggjer på omfattande forsøk.

EIN overveldande del av eigarane av dei fleste hundrasar har ikkje bruk for hjelpemiddelet elektrisk halsband, sidan jaktlyst og villskap er avla bort. Tidlegare, då det var lovleg, observerte mange feilaktig bruk. Difor vart det forbode. 

Høgsterett skriv: «det bør reageres med en kort fengselsstraff [...] det dreier seg om forsettlig overtredelse av en bestemmelse som uttrykkelig forbyr bruk av strøm i oppdragerøyemed». 

Dei skriv at det skal straffast fordi det er forbode, ikkje fordi det er skadeleg for hunden.

Far min snakka alltid om at det var viktig å fylgja lovas intensjon, ikkje lovas bokstav.  I dette tilfellet trur eg han ville meina at det beste er det som på sikt er best for hunden, ikkje kva som står skrive. 

Han ville tykkja at det var betre for hunden å få eitt eller to støyt slik at han ikkje lenger jaga kaninar – og kunne gå fri på tunet. Men bruken den domfelte hadde av det elektriske halsbandet var korkje riktig eller vellukka. 

Det skulle vore interessant å vita om Høgsterett ogso ville ha straffa eigar som hadde brukt elektrisk halsband på ein måte som gjorde livet til hund og eigar lettare og livet til hunden lenger.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS