Annonse

Månedens ytring

Griseprat

Skyting på springande grisar er ikkje for kven som helst, det er toppidrett!

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.

eg for nokre år sidan spurde svenske villsvinforskarar om me burde stogga villsvina frå å koma attende til Noreg, lo dei: «Svina vil koma same kva de bestemmer». No er svina her, og det stiller store krav. Både villsvin og elg skal fellast, ikkje skadeskytast. Me treng treningsbanar, store realistiske innandørs skytesimulatorar og grisedresserte ettersøkshundar.

Når villsvinet kjem attende på eigne bein frå Sverige, der svenskane definerer det som naturleg heimehøyrande, kjem det på Framandlista. Hadde ikkje svenskane utrydda villsvina på 1600-talet, ville innvandrande svin kome på raudlista. Som Artsdatabanken skriv i Jakt & Fiske nr. 9-2020, er det eit definisjonsspørsmål kva arter som skal på dei ulike listene. Uansett er villsvina komne for å bli. Handlingsplan mot villsvin 2020 – 2014 legg opp til at bestanden skal haldast nede. Det stiller store krav til jegerane.

NJFF og styresmaktene har lagt eit stort arbeid i å betra jegeretikken. I dag skyt dei aller fleste storviltjegerane stilleståande dyr i lunge-hjarteregionen på skapelege hald. Handlingsplanen hevdar at sjansen for skadeskyting er som ved storviltjakt.

Torstein Storaas

Eg trur faren er mykje større. Villsvin lever i grupper. Når stilleståande gris er påskoten, spring dei andre. Det er i mange land regelen å skyta springande gris. I Polen og Frankrike har eg sett griseskyting fjernt frå norsk storviltjaktstandard.

Tor Heiestad vart olympisk meister i skot på springande villsvin i Seoul i 1988. Skyting på springande grisar er ikkje for kven som helst, det er toppidrett! Når styresmaktene manar fram eit skræmebilete av smådjevlar og stordjevlar som øyder landet, kan skyttarar lokkast til uvisse skot som treff nase, fot eller buk. Dette kan føra til stor liding for dyr med anatomi so lik vår at soldatar trenar på bedøva, sidan avliva griser for å læra lækja skotskadar. Griseskyting kan ogso påføra jegerane eit stygt og blodtørstig omdøme ved funn av skadeskotne, halvdaude og daude villsvin rundt omkring. Ei anna utfordring er at få norske hundar er trena i å spora opp det bestemte skadeskotne villsvinet.

Handlingsplanen oppmodar til bruk av lokale jegerar. Miskunnsam villsvinjakt krev skytetrening, mykje trening på skyting på villsvin i fart. Det beste vil vera om alle jegerforeiningar i villsvinområda hadde stor skytesimulator innandørs. Det er so morosamt å skyta på simulatoren at den ville kunna verta eit samlingspunkt, mest kvar kveld, for interessert ungdom og vaksne. I tillegg trengs utandørs villsvinbanar der ein kan skyta med skarpt. Like viktig som å læra seg å treffa, er å læra kor vanskeleg det er. Me kan ikkje godta at villsvinjakt er rein skadedyrutrydding der det ikkje spelar nokon rolle kvar ein treff, berre ein treff. Jegeren må kjenna sitt våpen, eigne ferdigheiter og vita når han ikkje skal skyta.

Uansett trening vil villsvin verta skadeskotne. Då trengs godkjende villsvinsporhundar som kan fylgja sporet av det påskotne villsvinet og stilla det. Å utdanna dei hundane er eit viktig og stort arbeid.

Handlingsplanen mot villsvin bereknar ikkje det økonomiske tapet ved gjeninnvandring av ville villsvin. Men planen viser til potensielt enorme tap. Det ville vore god økonomi om ein over landbruksavtalen kunne støtta jegerforeiningane med skytesimulatorar, bygging av villsvinbanar og utdanning av villsvinhundar. Utan trening på springande villsvin og gode ettersøkshundarjegerane berre skyta stilleståande svin. Då er det uvisst om det vil verta felt nok villsvin til å halda bestanden låg.

Powered by Labrador CMS