Annonse
– Om me verkeleg bryr oss om viltet, er det katteeigarane som er fæle folk som forårsakar liding og daud i milliontal, skriv Torstein Storaas i si ytring.

Månedens ytring

Ekorn, kattar og fæle folk

Eg har ikkje, og kjem ikkje til, å skyta ekorn. Likevel fann eg haustens debatt om ekornjakt interessant.

Publisert

Motstanden mot jakttid på ekorn byggjer på at dei som er viljuge til å skyta eit ekorn må vera fæle folk. Difor byrjar eg kommentaren med å slå fast at eg har glede av å sjå og aldri vil skyta ekorn.

Ekorn er ein vanleg art, me ser dei helst på fuglebrettet i hagane våre der det er jaktforbod. I skogen ser eg dei sjeldan, om eg då ikkje går saman med ein med finsk spets. Spetsen gøyr langt oftare på ekorn enn på skogsfugl. Før krigen vart det eksportert årleg rundt ein halv million ekornskinn.

No har plastprodukt erstatta naturleg nedbrytbare skinnprodukt, etterspurnaden har gått ned, og berre litt over tusen vert felt årleg. Sidan få jaktar ekorn, og få har interesse av kor mange dei er, har me ikkje gode bestandsestimat, men ekspertane i Artsdatabanken og Norsk institutt for naturforskning (NINA) slår fast at ekornet er livskraftig og godt toler beskatning. Det er ingen grunn til totalfreding for ekornbestanden si skuld.

Jaktmotstanden må koma av noko anna. Kanskje det er veldig vondt for ekorn å verta skotne, kanskje det er mykje skadeskyting? Eg trur det er veldig lett å skyta eit ekorn. Om jegeren finn det, helst ved hjelp av hund, ville det raskt bli avliva.

Skadeskyting er usannsynleg. Eg klarar ikkje tenkja meg at ekorn kunne døy raskare og vera mindre redd om det vart forfylgt og avliva av mår eller hønsehauk. Nei, motstanden kan ikkje koma av dødsmåten, motstanden har ingenting med ekorn å gjera.

Motstanden kjem av tankane inne i hovuda våre. Me sit inne bak glasruta, ser på ekornet på fuglebrettet, føler oss knytt til det bestemte ekornet som me kjenner att, og tenkjer at den som skyt ekornet må væra ein fæl person. Me ser ikkje millionane av ekorn som døyr i naturen, me ser i tankane for oss jegeren som plaffar ned ekornet på fuglebrettet.

Me ser ogso familiemedlemen som ligg so kjærleg på fanget vårt når me ser ut gjennom vindauga. Katten mel og let seg klappa og gnir seg inntil deg. Når han vil ut, opnar du døra. Årleg drep kattar i Noreg mellom 21,3 og 68,9 millionar byttedyr i fylgje Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM).

Eg klarar ikkje finna kor mange av desse som var ekorn, men i eit mindre studium drap kvar katt eitt ekorn årleg. Med mellom 690 000 og 870 000 tusen kattar i Noreg vert dette mellom 690 000 og 870 000 tusen ekorn. Dette er svært usikkert, men at dei drep ufatteleg mykje meir en det jegerane feller, er udiskutabelt.

Ekornjegeren drep ekorn med vilje. Katteeigaren slepper ut katten med vilje. Er då ekornjegeren skuldig fordi han drep med vilje, medan katteeigaren er skuldlaus sidan ho ikkje vil at katten skal drepa ekorn?

Katten er ofte mett av kattemat og leikar med byttet. Ein engelsk rapport hevdar at 20 prosent av dei drepne vart forletne dødeleg skadde av katten. Eg såg ein kattevideo på VG der kommentatoren lo av den dumme linerla som angreip katten – og vart drepen.

Han sa ingenting om at linerla freista verna ungane i reiret. Kattar jaktar heile året og bryr seg ikkje om byttet er trua av utrydding eller ikkje. Og dette veit katteeigaren. Kven er verst? Ekornjegeren eller katteeigaren?

Ekornjegeren drep ekorn med vilje. Katteeigaren slepper ut katten med vilje. Er då ekornjegeren skuldig fordi han drep med vilje, medan katteeigaren er skuldlaus sidan ho ikkje vil at katten skal drepa ekorn? Kan katteeigaren klandra ekornjegeren fordi han drep ekorn, eller skal ekornjegeren klandra katteeigaren fordi ho slepper ut katten som drep og piner mange fleire ekorn og andre arter? 

Mennesket har vore avhengig av jakt, fiske og sanking sidan lenge før me vart menneske. Etter at me byrja finna maten i frysedisken, er ikkje jakt, fiske og sanking viktig lenger. Men mange har massevis av nedervde jeger-, fiskar- og sankargenar. Ved jakt, fiske og sanking føler mange av oss at me lever på ordentleg, me lever eit liv slik livet vart levd.

Med alt for mange menneske på jorda, naturtap og global oppvarming må me regulera bruken av vilt- og fiskeressursane. Difor har me heile byråkrati som handterer lovverk for å ta vare på naturen. Men det må gripa fatt i det som er viktig. Det er rart å totalfreda ekorn, medan kattar framleis kan herja kvar dei vil heile året.

Eg kjenner fleire katteeigarar. Dei har alle vore fine, hyggelege folk, sjølv om dei slepper ut drapsmaskiner til mitt fuglebrett. Eg kjenner ingen jeger som jaktar ekorn, men går ut frå at dei er like hyggelege, med ei sterk jaktlyst og at dei brukar byttet.

Jegerar held seg til jaktbodordet til ornitolog H. Tho. L. Schaanning frå boka «Jegerliv nordpå» frå 1916: «Drep aldri i blinde, hva du ei kan nytte. Slikt høver sig daarlig ærekjær skytte!» Om me verkeleg bryr oss om viltet, er det katteeigarane som er fæle folk som forårsakar liding og daud i milliontal.

Eg trur at dei som er imot ekornjakt ikkje er opptekne av ekorn, men av å forby jakt. Då er det best å angripa ei ubetydeleg jakt som få bryr seg om, so kan ein fjerna jakttida til viltart etter viltart til ingen er att. Hadde dei brytt seg om viltet, kunne dei konsentrert seg om kattane.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS