Annonse

Viten | Storfugl

Storfugl på reisefot

Radiomerka storfugl i Østerdalen viste at tilknytninga til leikområdet kanskje ikkje er så sterk som ein kunne tru. Det krev samarbeid om forvaltninga.

I Østerdalen er det samanhengande varierande skogar, det burde ikkje vera naudsynt å reisa langt etter gode heilårsleveområde.
Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Me fanga storfugl på Tronkberg- og Tørråsenleiken. Brukar me lengste avstand radiomerka tiur og røy har vore frå leiken som radius, dekkjer tiurområdet 1 661 og røyområdet 2 289 km2

Datasettet er lite, men det stadfestar at storfugl i samanhengande skogar kan bevega seg over kommunestorleiks-område. Det gjer storfuglen meir gåtefull og vanskeleg å forvalta, men det opnar for morosame spekulasjonar.

Gamle sendarar frå Amerika

GPS-sendarar er dyre. Me var heldige. G2-nettet vart lagt ned før i USA enn i Noreg, og me fekk 30 salviejerpesendarar som ikkje lenger kunne brukast i California. Me fekk økonomisk stønad frå Gotaasfondet og Viltfondet. Men storfuglfangsten vårane 2018 og 2019 var vanskelegare enn i dei ljose minna frå Varaldskogen på 1980-talet. 

Me fanga 9 tiurar og 2 røyer og fekk oppattfriska fangstteknikkar og lært at sendarar med solcellepanel har problem med nok ljos om vinteren og må modererast for å unngå å verta dekka av lange tiurfjører.

Lange reiser til leik og beitetre

Alle som merkjer dyr med GPS-sendarar oppdagar at mange individ brukar større område enn dei på førehand trudde. I Nord-Sverige drog storfugl frå granrike fjellskogar til furuvinterbeite opptil 8 mil borte. 

På Varaldskogen reiste ungrøyer langt frå oppvekstområdet. I Østerdalen er det samanhengande varierande skogar, det burde ikkje vera naudsynt å reisa langt etter gode heilårsleveområde. Her burde storfugl kunna forvaltast svært lokalt.

Me fanga 2 eittårige røyer på Tronkbergleiken. Etter paring drog dei aust for Storsjøen i Rendalen for å leggja seg på egg. Per Wegge har vist at tiurleikar gjerne ligg med 2 – 3 km mellomrom. Om røyene budde i same området før som etter paring, må dei ha reist forbi mange vonbrotne rendalstiurar for å koma seg til Tronkberget. 

Det har ikkje vore uvanleg at damer frå Rendalen har vore på leik på Evenstad, der det tradisjonelt har vore mange spreke karar. Likevel skifta eine røya til annan leik våren etter, ogso rendalstiurar kan vera attraktive.

Dersom fuglane fordeler seg i alle retningar ut frå Tronkbergleiken i Østerdalen, vil tiur gjennom året kunna spreia seg over 1 661 og røyene over 2 289 km2. Fuglar frå ein leik vil såleis kunna vitja svært mange jaktområde.

Verdifulle leikar

Tronkbergleiken ligg i friviljug verna skog, og me veit han har vore i bruk minst over 50 år. Me kan spekulera på om gamle leikar i større freda område kan ha ein spesiell funksjon ved at dei trekkjer til seg fleire tiurar som konkurrerer hardare om fleire røyer. 

Å freda større område med gamle leikar kan dermed vera viktig for vidare utvikling av stortiuarar. Spørsmålet er korleis røyene fann Tronkbergleiken dersom dei ogso før leiken levde aust for Storsjøen. Rendalsdamer kan høyra om Evenstadstudentane frå mødrer og storesystrer. 

Me lyt tru at ungrøyene lyt finna Tronkbergleiken på eiga hand. Då Per Wegge byrja sitt skogsfuglprosjekt på Varaldskogen i 1979, var eitt av måla å finna ut korleis ungfuglar spreier seg i landskapet. Me veit at ungrøyer ofte reiser langt og ungtiurar kort. Men spreiing av ungfugl er framleis noko å arbeida med for komande forskarar.

Eine ungtiuren drog utpå hausten forbi tallause potensielle beitetre over 2 mil til åsar og myrkjølar nordaust for Koppang. I slutten av februar drog han attende mot leiken. Andre tiurar heldt seg nærare leiken gjennom heile vinteren. 

Me har tidlegare fortalt i Jakt og Fiske at tiurane me undersøkte ikkje valde beitetre med meir næring og mindre antibeitestoff. Me kan berre spekulera på kva som styrer vinterområdevalet.

Reirrøving, men truleg ingen skotne

Dei to røyene miste dei tre reira sine (1 i 2018, 2 i 2019) før me rakk å finna dei. Dette er ikkje uventa ut frå at Torfinn Jahren tidlegare fann at 80 prosent av røyreir vart røva. Det har gått langt betre med overlevinga til dei vaksne. 

Mange sendarar slutta å senda, me veit ikkje heilt kor mange radiomerka fuglar som har vore i skogen gjennom jakta 2018 og 2019. Sannsynlegvis overlevden 14 radiomerka fuglar gjennom dei to jaktsesongane. Me har ikkje høyrt at nokon har skote fugl med sendar eller fått innlevert nokon sendar. 

Dette antyder at jakt ikkje tek veldig stor del av den vaksne tiurbestanden. Men me har lite data, 2 røyer er lite å lita på. Men at få vaksne storfuglar vert felt stemmer godt med data frå Nord-Sverige.

Forvaltningsspørsmål

Basert på alt for få fuglar kan me spekulera på at få kyllingar veks opp, medan vaksne fuglar lurer jegerane. Dersom fuglane fordeler seg i alle retningar ut frå Tronkbergleiken, vil tiur frå Tronkbergleiken gjennom året kunna spreia seg over 1 661 og røyene over 2 289 km2. 

Om leikane ligg med 2 – 3 km avstand, vil fuglar frå veldig mange område overlappa med kvarandre. Og fuglar frå ein leik vil kunna vitja svært mange jaktområde. Kva betyding vil det då ha om ein fredar i eitt og feller alle fuglane i eitt anna? Vil det berre jamna seg ut?

Me drøymer

Draumen er å studera storfuglgenetikken over større område for å sjå om delpopulasjonar kan avgrensast. Ein enno gildare draum ville vore å radiomerka 100 vaksne fuglar og mange kyllingar i fleire område frå Varaldskogen til Nord-Trøndelag for å forstå samanhengen mellom habitat og menneskelege inngrep, aktivitetar og forvaltningsgrep og storfuglens overleving og reproduksjon. 

Vona er at kunnskap vil kunna gje oss storfuglrike skogar og god jakt.

Takk

Pete Coates i California gav oss sendarane. Gotaasfondet og Viltfondet støtta prosjektet økonomisk. Morten Odden, Petter Nyborg, Brian Prochazka, Jonas Gangås, Magnus Ler Grøseth, Martin Sjursen samt fleire Evenstad-studentar og tilsette deltok i felt.

Powered by Labrador CMS