Annonse
Illustrasjon: Oddmund Mikkelsen

Månedens ytring

Er Himmelriket noko å trakta etter?

Det me opplevde i Polen kan vanskeleg tenkjast i Noreg, skriver Torstein Storaas i månedens ytring.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel.

SKYTA gjer eg på skytebanen. På jakt går eg. Det smell so sjeldan at eg har råd til blyfri ammo medan eg drøymer om Himmelriket, bognande av vilt. 

Etter tur til Polen er eg vorten i tvil om permanent opphald i Himmelriket er det rette for meg. Kanskje eg høver betre gåande i skrinne norske marker med eit sjeldant glimt av Gud, ein engel, eller helst ein tiur?

EG har fuglehundar og jaktar fugl. Då eg kjøpte flybillett til Polen for villsvinjakt, planla eg å trena med rifla. Men leirduer er for morosamt, det vart med leirduene. Rifla vart difor att heime, eg ville ikkje skyta kule mot vilt utan fersk trening. 

Otten for skadeskyting var grunnleis. Eg oppfatta at det i Polen var to utfall etter løyst skot, ogso etter skot gjennom buskar på springane villsvin: viltet fall daudt – eller kula bomma. 

Om polakkane sa dette for å roa betalande gjester, og etterpå gjennomførte ettersøk, veit ikkje eg. Villsvina sprang, det small, og villsvina sprang vidare. Om ei norsk rifle, mi, ogso hadde smolle med same resultatet, ville det vore heilt greitt. Det ville vore daudt svin eller rein bom.

DRIVJAKTENE på villsvin, rådyr, dådyr, hjort og rev var interessante. Me rekna oss fram til at rundt 45 personar brukte arbeidsdagen for at åtte skyttarar skulle ha det triveleg. 

Me rekna då med drivarar, jaktleiar, guidar, sjåførar og kokkar. Kvar jeger laut betala nær seks dagsløner per jaktdag pluss forteneste til eigar. 

Manglande trening med rifla måtte, frå min synsstad, dermed vera ei stor føremon. Då kunne ein panga på det ein måtte sjå utan å betala for felt vilt.

OLE MATTIS derimot er ein god rifleskyttar. Han sat i tårnet. Guiden vart aldeles opphissa over kronhjorten som kom ut på enga. Ole Mattis fekk høyra at geviravgifta ville vore minst 45 000 kroner. 

Han sjekka bankkontoen på mobilen – og tok seg ikkje råd. Bankkontoen, ikkje manglande dugleik, førde til geviret ikkje heng over peisen i Stange. Eg hadde nok heller ikkje skote. 

Om hjorten sprang, ville dei nok ha gjennomført ettersøk sidan det her ikkje berre var lidinga til eit dyr, men mykje pengar på spel. Og ein kan aldri vita, eg kunne ha vore uheldig og råka.

ELLES var livet i Himmelriket bedageleg godt. Reint, ordentleg, god mat, god organisering, veldig hyggeleg vertskap og gilde betalande jegerar. Det er veldig fint å få fellingssjansar. 

Seremoniane før, under og etter jakta med jakthornfanfarar for jaktstart, jaktslutt og felte vilt av ulikt slag var flott og fascinerande. Vonleg var mitt inntrykk av litt for avslappa krav til skyteferdigheiter og ettersøk feil. Det er vidare heilt fantastisk å tena pengar i eit land med høge løner og bruka dei i eit land med låge løner for same arbeidet. 

Det me opplevde i Polen kan vanskeleg tenkjast i Noreg. Få stader er det nok vilt, og me ville uansett ikkje hatt råd til å betala for alle dagsverka.

NORDISK JAKT er heile prosessen med overlisting av viltet, felling og bruk av kjøtet. I Polen overlista guiden viltet, me skaut og guiden tok hand om det daude dyret og ferdigbehandla geviret om natta slik at me fekk det med heim. 

Bankkontoen og uflaks, ikkje dugleik, bestemte fangst og storleik på gevir. Men behageleg og godt hadde me det.

Då eg lærde om Himmelriket på søndagsskulen, tenkte eg at det var veldig keisamt i himmelen, syngja salmar sitjande på sky. Eit problem tenkte eg vera at alle dei interessante karane og jentene ville vera ein heilt annan stad. 

I dette fysiske himmelriket på jord var folka interessante – og me fekk øl og brennevin. Å vera gjest der ei hende gong vil vera berre interessant og bra.

DET er ogso heilt greitt om nokon her i landet klarar laga til noko tilsvarande. Likevel er eg veldig glad for at dette vil vera unntak i Noreg. Me skal lovprisa vår norske jakttradisjon der alle har råd til å jakta, overlista, fella og bruka viltet. 

Heldigvis er jakt og bruk av naturen noko for alle, ikkje berre for dei som har råd til tenarar. So får eg skyta på skytebanen og gå langt og fella lite i skog og fjell. Det er heilt greitt. 

Og om nokon vil, kan dei ta med seg pengane og rifla til Polen eller Afrika. Særleg i utvalde område i Afrika treng dei pengane våre for å ta vare på viltet.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS