Annonse

Månedens ytring

Fleksibel rypejaktstart

– Knut og eg drøymer om at me, eitt og anna år, kan breia rypejakta på trykkjande fuglar ut over fleire veker, skriv Torstein Storaas i si ytring.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.

Me sat i le bak stein, brende bål, koka kaffi, åt nista og såg skoddeflaka blesa forbi. Knut fortalde om oldefaren, verkseigar Kristoffer Berg, som ein haust hadde skote 1003 ryper og jaktlaget hans over 3000 fugl i jaktterrenget oppunder Hallingskarvet. Me jakta i ein flik av hans terreng. Største forskjellen var likevel ikkje storleiken på terrenget eller tettleiken av fugl, men tidspunktet me jakta på.

Kristoffer Berg jakta i august. Me jakta 17. september. Vind, skodde, regn. Me hadde truleg like gode hundar som Berg, sidan me i tillegg til irsk og engelsk setter ogso hadde strihåra vorstehhundar. Hundane stod for rypene, men flokkar letta lenge før me kom opp i standane. «Tenk om vi kunne jakte fra 25. august, som i Sverige», var Knuts hjartesukk.

Me drøymer om at me, eitt og anna år, kan breia rypejakta på trykkjande fuglar ut over fleire veker – frå 1. september.

Eg reknar med at skogshønsjaktande lesarar har same røynsla som oss, under taksering og trening trykkjer fuglane, men like etter jaktstart flokkar lette ryper seg, og skogsfugl trykkjer dårleg for hund.

Dette er sjølvsagt bra for rypene når bestandane er svake, men det er dumt for jegerane når fjellet bognar av ryper og skogane er fulle av orrfugl og storfugl. Det er ogso dumt for dei mange overlevande fuglane, overtette bestandar gjer tilhøva lettare for parasittar og sjukdom. Tette bestandar med skotske liryper lyt handsamast mot parasittar.

Viltbestandar kan forvaltast på mange måtar. Når me ikkje har kunnskap om storleiken på ein skogshønsbestand, er det klokt å forvalta bestanden med å starta jakta so pass seint at fuglane etter kort tid vert svært vanskelege å fella. Men i dag kan me, om me vil, ha kunnskap om storleiken på skogshønsbestandane.

I 2020 vart ryper taksert i 197 område i 84 kommunar. Det vart taksert 2 843 liner, i alt 7 920 km. Det vart sett 31 027 li- og fjellryper, fordelt på 7 700 observasjonar, i fylgje Hønsefuglportalen. Denne kolossale innsatsen må kunna brukast enno meir effektivt enn i dag. Etter mange kaffibålpratar trur me at jakttida for skogshøns bør som no, starta 10. september, men at ho under visse vilkår kan opna 1. september.

Mogelegheit til å opna jakta tidlegare under visse vilkår er ingen ny tanke. Jaktlovkommisjonen før jaktlova frå 1951 drøfta jaktstart 20. september med mogelegheiter til å opna jakta 15. september under visse vilkår.

Vilkåra me ser for oss er: 1) Området må vera taksert, og Hønsefuglportalen må rekna ut at tettleiken er over 15 ryper per km2. 2) Grunneigarane må på førehand få godkjent av kommunen plan med tiltak for å hindra at bestanden kjem under bestemt nivå etter jakt. 3) Sett og skote fugl skal rapporterast per dag til Hønsefuglportalen for å kunna evaluera tidleg jaktstart.

Reknar Hønsefuglportalen ut 15 ryper per km2 i 10 km2 stort terreng, og grunneigarane har fått godkjent 100 ryper igjen etter jakt, må jakta slutta når det er skote 50 ryper – uansett når det måtte vera om hausten. I andre betre terreng vil kanskje grunneigarane ha att – og får godkjent – 20 eller 30 ryper per km2 etter jakt. I søknad om godkjend plan må grunneigar argumentera for kva nivå terrenget bør leggja seg på. Uansett har forsking i Sverige, Noreg og USA vist at det er mykje lettare å fella ein stor del av liten, enn av tett bestand. I samråd med gilde grunneigarar i Rendalen har me kome fram til å fella ingen fuglar når bestadsestimatet er under 10 fuglar per km2. I tillegg fredar me gamle steggar som, om dei får leva, trekkjer til seg høner og ungsteggar neste vår.

Sitjande under fjellduken i ruskevær under Hallingskarvet har me ikkje funne nokon ulemper med fleksibel, kunnskapsbasert start på rype- og skogsfugljakta. Det kan vera mange grunnar til å starta jakta 10. september, og dei grunneigarane og jegerane som vil, kan starta jakta då. Om dei vil, kan dei starta jakta 20. september eller forby jakta. Det er opp til grunneigar. Dei grunneigarane og jegerane som vil ta arbeidet og kostnadene med taksering, vil i dei gode åra kunna byrja jakta 1. september.

Knut og eg drøymer om at me, eitt og anna år, kan breia rypejakta på trykkjande fuglar ut over fleire veker. Jakta i skjorteermane og forsiktig fella fuglar over lang periode for å ikkje bruka opp kvota.

Kvota, sett på grunnlag av taksering og godkjend plan, sikrar mot overhausting. Velvyrde lesarar, bli frelste av draumen og lat oss saman arbeida for at skogshønsjakta, under visse vilkår, i neste jakttidsperiode byrjar 1. september!

Powered by Labrador CMS