Annonse
Silhuett av en kvinne som går gjennom en skog med høye furutrær i motlys.
– I ei verd med raskt aukande naturtap handlar neppe berekraft om «meir». Likevel blir dette den uunngåelege konklusjonen i dagens samfunnsystem, skriv Elisabeth Veivåg Helseth.

Månedens ytring

Jakta på meining i temposamfunnet

I ei verd med raskt aukande naturtap handlar neppe berekraft om «meir». Likevel blir dette den uunngåelege konklusjonen i dagens samfunnsystem.

Publisert Sist oppdatert

«Mer av alt – raskere». Dette var tittelen på Energikommisjonen sin rapport frå 2023. Konklusjonen var enkel; vi må auke produksjonen av fornybar energi for å forsyne energibehovet i det grøne skiftet. Og det må skje fort. Berre på denne måten kan vi skape ei berekraftig framtid. Med kommisjonen sine eigne ord: «Vi snakker ikke lenger om å øke takten. Vi må opp i et tempo vi ikke har sett før».

Samstundes veit vi at fornybar-utbyggingar har store konsekvensar for natur og haustingsbaserte aktivitetar. Slike negative naturpåverknadar er grunnen til at Norges Jeger- og Fiskerforbund har tatt eit prinsipielt standpunkt mot meir utbygging av landbasert vindkraft i norsk natur. Vi veit også at oljestaten Noreg er i verdstoppen i forbruk og miljøavtrykk per innbyggjar – og lite tydar på at denne trenda er i ferd med å snu.

Vi treng jo absolutt ei grøn omstilling, men på kva måte?

I ei verd med raskt aukande naturtap handlar neppe berekraft om «meir». Likevel blir dette den uunngåelege konklusjonen i dagens samfunn. Vi har nemleg rigga oss med eit system der alt kvar dag må gå fortare enn dagen før for at vi skal halde oss flytande. Sosiologen Hartmut Rosa kallar dette for akserelasjonssamfunnet. Han meiner at akselerasjon er ein innebygd mekanisme i moderne kapitalistiske samfunn: Vi må stadig produserer meir og raskare.

Forskingsverda er ikkje noko unntak. Her tyr mange no til kunstig intelligens i møte med auka tempo og produksjonskrav. Dei som deler ut midlar til forsking internasjonalt, åtvarar om at dei druknar i KI-genererte søknadar. Og dei som investerer i datasenter jublar. For KI er jo ikkje magi, men prosessar som krev store mengder energi, og som legg beslag på naturområde. Meir og meir, jo fortare det går.

I ei verd med raskt aukande naturtap handlar neppe berekraft om «meir». Likevel blir dette den uunngåelege konklusjonen i dagens samfunnsystem. Vi har nemleg rigga oss med eit system der alt kvar dag må gå fortare enn dagen før for at vi skal halde oss flytande. Kva skjer dersom fleire stoppar opp, og tenker seg om?

Ifølgje Rosa kan «resonans» – motsatsen til akselerasjon – hjelpe oss. Argumentet er enkelt. Der vi gjennom akselerasjon mister meiningsfulle koplingar til verda rundt oss, blir vi gjennom resonans bevega; vi er aktive, vi responderer, vi er i relasjon.

Styrka resonans er også nøkkelen til å bygge opp felles energi i samfunna våre; ein energi vi alle kan ta del i, og som kan gi inspirasjon og krefter til endring. Vi treng resonans for å klare å stable på beina både indre motstandsstyrke og miljømessig berekraft.

For mange er jakt, fiske og anna hausting livsviktige kjelder til resonans. Her er vi i aktivt samspel med naturen rundt oss, og dei vi eventuelt er saman med. Du må vere tolmodig og uthaldande. Vente. Lytte. Sjå. Respondere.

Det er ikkje alltid behageleg eller lettvint, men likevel verdt det. Vi veit kor verdfullt samspelet med naturen er. Nettopp derfor er dei som driv haustingsbaserte aktivitetar blant dei første til å sjå kva som går tapt når akselerasjonen manifesterer seg som fysiske avtrykk i naturen, og som indre press i kvar av oss.

Samstundes kan resonans vere den viktigaste motstandskrafta mot eit samfunn som akselererer ut av kontroll. Kva skjer dersom fleire stoppar opp, og tenker seg om? Dersom fleire set ord på det som verkeleg betyr noko? Kva skjer dersom vi ynskjer oss eit rolegare tempo, med tid til det som gir livet meining.

Om livet er fylt av resonans, treng vi kanskje ikkje nye motorvegar for å komme raskare til hytta, eller enorme mengder straum til datasenter som skal tenke for oss. Kanskje vi kan droppe pulsklokka, sette optimaliseringa på pause, og heller gå ein tur. Kanskje vi kan lære om mat- og handverkstradisjonar frå foreldre, besteforeldre og andre som er ivrige på å lære vekk. Kanskje vi får ro til å lese ei bok.

Ingen kan vite nøyaktig kor resonansen vil leie oss, men det forundrar meg om den får oss til å konkludere med at vi treng meir av alt.

Mykje forsking viser også at eit rolegare tempo er høgst nødvendig for alle som bur på planeten, både planter, dyr og menneske. Men om vi tar det roleg, stoppar jo akselerasjonen opp. Det betyr full krise i eit system som er avhengig av stadig auka tempo og vekst.

Difor treng vi samfunn som klarar seg fint utan vekst. Vekstfrie samfunn er ikkje det same som resesjon eller nedgang, men samfunn som er frigjort frå krav om vekst, og der livskvalitet og natur står høgst på agendaen. Ikkje særleg radikalt altså, men likevel så langt frå røynda i dag.

Har du sterke meninger?

Jakt & Fiske ser det som sin oppgave å være en arena for debatt og meningsutveksling om forvaltning, jakt, sportsfiske, forskning, naturtap og andre temaer som berører jegere, fiskere og friluftsfolk.

Vi tar imot leserinnlegg og kronikk til vurdering på redaksjon@njff.no.

Redaksjonen forbeholder seg retten til å redigere og avvise innsendte bidrag. Bidrag kan også publiseres i bladet Jakt & Fiske.

Omfang

Kronikk: 4500 tegn

Leserinnlegg, halvside: 1300 tegn

Leserinnlegg, helside: 2500 tegn

Powered by Labrador CMS