Annonse

Månedens ytring

Lygn og forbanna dikt

NOAH, organisasjon for dyrs rettigheiter, skriv at jakt er den nest største årsaka til at arter forsvinn. Dei skapar inntrykk av at norsk jakt truar arter i Noreg. Dette er lygn og forbanna dikt.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Meiningar i ytringa står for skribentens eiga rekning.

Å drepa dyr er ikkje det same som å jakta. Drap av ville dyr kan vera 1) uregulert hausting, 2) uttak for å redusera eller fjerna arter, 3) krypskyting eller 4) jakt.

Jakt, slik me definerer jakt i Noreg, truar inga art, derimot skaffar jakt forkjemparar for natur og dei jaktbare artene.

Om du høyrer påstandar om at jakt truar dyrearter, be vedkommande presisera kva han eller hun meiner.

Torstein Storaas

Dyra i Afrika utvikla seg saman med mennesket og lærde seg å overleva saman med oss. Då våre forfedrar vandra ut frå Afrika for 70 000 år sidan, utrydda me slektningar som hadde utvandra tidlegare. I Europa utrydda me i tillegg mammut, ullhåra nashorn, uroksar og urhestar. I Amerika utrydda innvandrande menneske 50 store arter. Då folk kom til Australia, utrydda dei alle dei store pungdyra. Maoriane, som kom til New Zealand for 800 år sidan, utrydda dei store, ikkje-flygande fuglane. Folk har utrydda og utryddar arter ved uregulert hausting, men dette har ingenting å gjera med norsk jakt.

Av og til er det meininga å utrydda arter. Styresmaktene ynskjer korkje mink, mårhund eller villsvin her i landet. Stortinget har vedteke at ulvebestanden skal vera so liten at Artsdatabanken definerer han som kritisk trua. Felling av ulv er ikkje jakt, men uttak. Uttak vert ikkje basert på jaktetikk, men på landbruksetikk. Då skal dyra bort, dei skal ikkje ha sjanse til å sleppa unna. Uttaket skal plaga dyra minst mogeleg, men det skal vera effektivt, og dyra som er bestemt bort, skal drepast. Når SNO finn jervehi frå snøskuter eller helikopter, grev ut ungane og skyt dei, er det uttak. Dette er ikkje jakt.

Krypskyting er ei kriminell handling og heller ikkje jakt. I boksamlinga til Vidar Holthe finner vi rett nok «Krybskytteri i det Sydlige Norge», utgitt av forlaget J. H. Rüenholdt A/S i 1922. Der skriv forfattaren bak pseudonymet Gravenstein at lovleg jakt var keisam, det var mykje meir spanande når han både måtte overlista viltet – og jaktrettshavaren. Den anonyme forfattaren oppfatta utan tvil krypskytinga som jakt. Men det er det ikkje, det er krypskyting. Krypskyting er eit alvorleg trugsmål mot seint reproduserande dyr med verdfulle kroppsdelar. Krypskyting er eit trugsmål mot elefantar, nashorn og tiger, men det har ingenting med jakt å gjera.

Jakt er som sjakk regelstyrt, men det er uendeleg mange fleire trekkvariantar. Ved jakt skal viltet ha sjanse til å unngå å verta felt, engelsktalande snakker om fair chase, tilsvarande fair play. Jeger, hund og vilt.

Kor mykje teknisk utstyr jegeren skal bruka, kan diskuterast. Jegeren skulle kanskje helst brukt pil og boge, men her er so mange kompromiss. Lova seier at me skal bruka kraftige og presise våpen for å minska dyrs liding. Naturmangfaldslova slår fast at jegeren skal hausta av eit overskot, og målet er å ta vare på bestanden på lang sikt. Jakt påverkar bestandar, forvaltarane brukar sin kunnskap til å påverka slik at bestandene er sunne og friske.

Bjørnen i Sverige overlevde fordi svenske jegerar ville ta vare på framtidig jaktobjekt. Villreinjegerne i villreinutval, villreinnemnder, forskingsinstitusjonar og direktorat er dei fremste forsvararane av villreinfjella. Elgforvaltinga er basert på jegerobservasjonar og data frå døde dyr samla og gjevne frå jegerane. Rypejegerar går tusenvis av friviljuge takseringsdagar etter stramme retningsliner for å kartleggja rypebestandar for å hausta berekraftig. Gaupekvotar er basert på kvalitetssikra observasjonar frå jegerar.

Kva arter som skal kunna jaktast på i Noreg, vert bestemt etter ein omfattande prosess med faglege utgreiingar og høyringar. Om du høyrer påstandar om at jakt truar dyrearter, be vedkommende presisera kva han eller hun meiner. Uregulert hausting, viljen uttak og krypskyting kan trua bestandar. Det er sludder og forbanna dikt at norsk jakt er ei årsak til at arter forsvinn.

NOAH misser totalt truverde når dei propaganderer so upresist og feilaktig.

Powered by Labrador CMS