Når det er mykje fugl, er det liten grunn til å spara anna enn gamle steggar. Foto: T. Storaas

Når hjelper det å freda ryper?

Me trur at spørsmålet ikkje er om, men når jakt har betydning. Me vil her fortelja om trua vår, men er ikkje visse på at tru treng vera sanning.

I marsnummeret av Jakt og Fiske vart det drøfta kor langt ryper spreier seg frå fødestaden og om det er mogeleg å forvalta ryper i 10-tals km2 store terreng. Har kvotar noko for seg, eller er det betre med jaktmannsdagar? Eitt poeng var at freding hjelper lite. I julinummeret vart diskusjonen ført vidare, og forskingsresultata om at ein ikkje bør fella stort meir enn 15 prosent av rypene, vart understreka.

Det fine med at norske og svenske rypeforskarar ikkje er heilt samde, er at det opnar for interessante spekulasjonar inntil me får visse gjennom gjentekne eksperiment. Me trur at spørsmålet ikkje er om jakt, men når jakt har betyding. Me trur at freding i små terreng ved låge tettleikar er lurt, so lurt at me sjølve praktiserer det i små privatterreng. Me vil fortelja om trua vår, men er ikkje visse på at tru treng vera sanning.

Uhorvelege mengder med død

Hans Christian Pedersen har anslått at mellom ½ og 1 million rypepar i Noreg freistar hekka kvar vår. Om alle desse rypepara legg 10 egg kvar, lyt mellom 5 og 10 millionar ryper døy i egg, som kyllingar eller vaksne innan neste vår for at bestanden skal vera konstant. Me feller nokre 100 000 av desse millionane. Millionane går som regel i rev, kongeørn, kråke, ramn, røyskatt, jaktfalk og andre ulukker før me byrjar taksera. 

Ryper flytter på seg gjennom året

Mange jegerar har registrert at ryper ofte trekkjer ut frå nokre terreng og inn i andre utover hausten. Ofte sit einslege skrattande steggar att i territoriet, medan andre ryper ikkje er å sjå. Samstundes flyt tidlegare ganske tomme fjell over av ryper i byrjinga av oktober. Radiomerkingar om vinteren har vist at nokre høner hekkar i vinterområdet, men at mange reiser langt for hekking.


Taksering gjev jeger og hund god trening til jakta, men viktigaste er kunnskap om det er lurt med jaktbegrensingar. Foto: T. Storaas

Steggar etablerer seg ganske nær far – høner flyg langt

Skotske rypeforskarar fann at ungsteggar ved lågare tettleikar etablerte territorium nær farens. Norske – og svenske – rypeforskarar har funne at dei fleste ungsteggane slår seg ned nær der dei er fødde. Arbeidet til Maria Willebrand og medarbeidarar viser at 75 prosent av steggane slo seg ned nærare enn 3,3 km frå fødestaden. Ho rekna seg fram til at halvparten av steggane fødde i eit 20 km2 stort jaktterreng slo seg ned i terrenget. Hønene spreidde seg mykje meir.

Steggen slår seg ned nær andre steggar – unghøne ved stegg

Mikkel Kvasnes utvikla og publiserte databasert hypotese om at unge steggar som skal slå seg ned ein stad, slår seg ned der vaksne steggar har overlevd. Gamle steggar slår seg ned i eller nær territoriet frå året før. Fivlehyr tyder «sterk parringstrang, helst brukt om fugl» i fylgje den avlidne ordkunstnaren Hans Henrik Holm. Rypehøner har sterk fivlehyr. Dei kan reisa langt, men reisa endar hjå ein stegg. Steggane trekkjer høner, det er ikkje hønene som trekkjer steggar.

Effektiv jakt ved låge tettleikar

Det kan vera vanskeleg å tru, men mange undersøkingar viser at jegerane feller større del av bestanden når det er lite enn når det er mykje fugl. Kanskje fuglane samlar seg i større flokkar og lettar utanfor skothald når bestanden er god? Kanskje det er lettare å treffa når berre ein eller to fuglar lettar?

Under rypejaktprosjektet hadde Hans Christian Pedersen og medarbeidarane store vanskar med å fella 30 prosent av rypene i gode Dalsbygda-terreng. Siste haustane har me opplevd og høyrt frå mange at hundane har stått for ryper – og flokkar har letta før me har kome på skothald. Det er vanskeleg å fella ein stor del av ein tett bestand.


Det bør i terrenget om våren vera att nok steggar til å trekkja til seg nok høner for nok kull.
Foto: Kjell-Erik Moseid

Ein jaktmanndag er ikkje ein jaktmanndag

Jegerar feller langt fleire ryper per dag tidleg enn seint i jakta. Det er langt meir sannsynleg å fella ryper i september enn i oktober. I november og desember er dagane korte, fuglane som regel lette og fangstane skrale. Freding seinhaustes stoggar fin naturopppleving, men sparar få ryper.

Vilkår for bra haustbestand

Det må vera nok hekkande par i terrenget. Ein vesentleg del av egg og kyllingar må overleva fram til jakta. Jakta kan berre ha betyding for stamfuglen neste vår, produksjonen er avhengig av rovdyr, smågnagarsvingingar, vêret, insekttilgang, tilfeldigheiter og tilfeldigheiter.

Jegerens ynskjemål

Sjølve trudde me at målet med rypeforvaltning var kvart år å få so tette rypebestandar at me kunne spasera frå stand til stand frå det ljosna til det ikkje lenger var skyteljos. Men folk som har spurt mange jegerar, fortel at Ola rypejeger er stort sett lukkeleg med nokre få skytesjansar gjennom dagen. Han treng ikkje mykje fugl.

Men det må vera so mykje fugl at han får nokre jaktsituasjonar og ikkje føler at han skyt siste fuglane i fjellet. Målet med rypeforvaltninga bør dermed ikkje vera vårt gamle mål med mest mogeleg fugl, men å unngå dei djupe botnane utan fugl.

Konklusjonar om alt dette over er sant

Det bør i terrenget om vera att nok stegger til å trekkje til seg nok høner for nok kull.
Når det er færre steggar i terrenget om hausten enn det me ynskjer skal vera der om våren, er det dumt å fella nokon av dei. Når det er masse ryper, vil det truleg vera att meir enn nok steggar neste vår, sjølv om me freistar skyta so mange som me klarar.

Me kan alle laga enkle reknestykke der me tek utgangspunkt i kor mange kull me ynskjer i jaktterrenget ut frå det som er vanleg der. Me kan tippa på at halvparten av augusttakserte ryper er steggar og kor mange unge og gamle som trekkjer ut og inn og overlever frå haust til vår. Slik kan me anslå kor mange me dermed må ha om hausten.

Ut frå våre lause reknestykke gjer det litt vondt å fella ryper, i alle fall gamle steggar, når me takserer færre enn rundt 10 ryper per km2 i august. Om me derimot takserer over 30 ryper i august, viser våre enkle reknestykke at det sannsynlegvis er att nok steggar sjølv om det er fri avskyting.

Det kan, i enkelte terreng, vera ei utfordring med dei gamle steggane som sit for seg sjølve i territoria sine. Av og til er det berre dei som trykkjer for hund, men dei bør få vera i fred. Det kan ogso vera vanskeleg å vita kva ein skal gjera i terreng der det som regel er færre enn 10 ryper per km2.

Additiv og kompenserande dødlegheit

Rypeforskarar snakkar ofte om additiv og kompenserande dødlegheit, om det me feller på jakt kjem i tillegg til det som likevel døyr, eller om det etter jakt vert betre vilkår for dei overlevande, og at dei får høgare overleving slik at vår-resultatet vert likt med og utan jakt.

Me kan ogso sjå kor hardt jaktpress rypene toler på ein annan måte. Når det i eit terreng er mykje meir ryper enn det vanlegvis er, då vil bestanden neste år sannsynlegvis gå ned. Når det i same terrenget er mykje færre ryper enn det som er vanleg, då vil sannsynlegvis bestanden året etter gå opp.

Ein mykje større del av dei rypene me feller i tette bestandar vil likevel døy, medan ein liten del av dei få rypene me feller i dårlege år vil døy uansett. Dermed vert det rart å setja same prosentgrensa for kor mykje ein bør fella ved høge og låge tettleikar.

Spørsmålet var; når har jakt betyding. Konklusjonen, om reknestykka er rette, er at det er dumt å skyta ryper når det er få ryper, men at me sannsynlegvis kan fella so mange som me klarar når det er veldig mange. Likevel kan reguleringar i gode år vera bra for å fordela jaktopplevingane på fleire og kanskje naudsynte, i veldig lett tilgjengelege, isolerte terreng.

Kva er som er stor nok bestand til å fella det me klarar, er heller ikkje so lett å seia. Ofte er bestandane slik mellomstore. Då kan det kanskje vera lurt å halda seg til rundt dei 15 prosentane, i alle fall under 30.

Me trur det kan vera ei god øving å freista rekna litt på kor stor vårbestand med steggar ein treng i eige terreng for å få mange nok kull med utgangspunkt i kva som er vanleg tettleik i nett det terrenget. Då vil ein nok ofte koma til at gamle steggar bør få vera i fred. Jaktmanndagar kan vera ei grei regulering ut september, men seinare verkar det berre til å hindra ei jakt som uansett vil føra til lite fangst.


Jakt seinhaustes og vinter gjev ofte store naturopplevingar, men sjeldnare mange ryper. Foto: T. Storaas.

Naturen er ikkje eit reknestykke

Me kan leika oss med reknestykke, men det er so mykje utanfor vår kontroll. Steggen me sparar vert drepen av kongeørn eller skoten i vinterområdet. Sjølv om terrenget har mange hekkande par, vert mange egg oppetne og kyllingar drepne av rovdyr. Snø kan falla på små kyllingar.

Mange område har både jegerar som tenkjer langsiktig og let vera å skyta på gamalsteggen, og andre som ikkje klarar lata vera skyta når dei får sjansen. Det er vanskeleg å lata vera å skyta når me har sjansen. Og det er vanskeleg å kontrollera fangsten.

Behov for kontrollerte eksperiment

Tru er fine saker. Det kunne vore enno betre å vita. Mykje god forsking er gjennomført i Noreg og Sverige, og det er eit stort og vanskeleg arbeid å skaffa meir god kunnskap. Nokon bør få midlar til å analysera forvaltningsreglar og uttak på takserte eigedomar for å sjå om det er nokon samanheng mellom forvaltningsreglar og neste års bestand, sjølv om dette er vanskelege analysar.

Hypotesane frå doktorgrada til Mikkel Kvasnes bør prøvast ut med kontrollerte eksperiment. Om ein feller alle spelande steggar i eitt terreng ein vår, vil nye steggar slå seg ned der neste vår? Sjølv om me gjerne ville hatt svaret, byr det oss litt imot å fella fugl om våren. Det vert vidare spanande å sjå resultata frå oppfylginga av radiomerka ryper i Lierne.

GPS-merka rypepopulasjonar bør fylgjast opp i fleire landslutar, gjerne i område med og utan predatorbekjemping og  jakt. Det er lettare å forstå kva som går føre seg når me kan fylgja overleving og reproduksjon til individ framfor å indirekte måla faktorar som spelar inn på bestanden. Men individoppfylgjing krev stor innsats.

Inntil me kan gå frå tru til litt større visse, bør me taksera og freista tilpassa jaktuttaket for at det skal vera nok rypepar i terrenga våre om våren. Då vil, det året alle andre tilfeldigheiter er gunstige, fjella flyta over med ryper 10. september til glede for oss og jaktfalken.

Siste fra Jakt

Rypejegere svindlet

Flere rypejegere fra Sørlandet har anmeldt en mann fra Telemark som har leid ut et 12.000 daa fjellterreng han ikke disponerte. Mannen skal ha fått utbetalt over 60.000 kroner.

Rådyr lever farligst i trafikken i Trøndelag

Rådyr, elg og hjort lever farlig i trafikken, spesielt i høstmånedene. Flest rådyr ble påkjørt og drept i Trøndelag om høsten i jaktåret 2019–2020.

Skrantesjuken på Hardangervidda er blodig alvor

Sjansen for å bli kvitt skrantesjuke (CWD) i Norge er kraftig redusert etter funnet på Hardangervidda. – Dette er så å si det ultimate marerittet, sier professor Atle Mysterud ved Universitetet i Oslo.

På forsiden nå