Annonse

Norsk Villreinsenter:

Inviterer villreinjegerar til infomøte

Norsk Villreinsenter inviterer villreinjegerar til digitalt infomøte.

Villreinjakta nærmar seg med stormskritt. No går Norsk Villreinsenter nye vegar for å sikre at alle jegerar får same informasjon før jaktstart.

Publisert

Usikker på korleis du skal ta ei CWD-prøve? Korleis det skutte dyret skal vegast? Då har Norsk Villreinsenter gode nyhende åt deg.

– Både villreinutval, nemnder og me får mange spørsmål kvart år. No ynskjer vi å gå nye vegar, og inviterer til et gratis webinar for alle interesserte, seier naturvegledar Kamilla Rust ved Norsk villreinsenter Sør på Skinnarbu til Jakt & Fiske.

Naturvegledar Kamilla Rust ved Norsk villreinsenter Sør, Skinnarbu.

På seminaret skal jegerar mellom anna få innsikt i:

  • Korleis du vegar slaktet

  • Korleis og kvifor du skal ta CWD-prøver

  • Korleis du skal bruke den digitale løysinga «Sett og skutt»

  • Diskusjon om jaktetikk og uskrivne reglar

  • Korleis du kan finne informasjon om jakt i ditt område

Vidare er det sett av rikeleg med tid til å svare på spørsmål frå jegerar.

– Kva er de vanligste spørsmåla dei får?

– Mange er usikre på CWD-prøver og veging. Det er heller ikkje alltid like enkelt å vite kva som er rett og gal framgangsmåte når fleire jegerar jaktar på same flokk. Mitt stalltips er å bruke god tid til å orientera seg, og gjere det enklare for kvarandre med å bruke ei godt synleg luve eller liknande, seier Rust.

Ho medgir at det aller vanlegaste spørsmålet likevel er korleis jegerar kan få jakt.

– Me kan gi gode råd, men akkurat formidling av jaktkort kan vi diverre ikkje hjelpe med.

Klikk her for å melde deg på webinaret

Powered by Labrador CMS