Annonse

Viten | Rype

Er det lurt å freda gamal­steggen?

Det vert ikkje i seg sjølv fleire ryper i fjellheimen om du sparar gamalsteggen, men mykje tyder på at han vil trekke ungfugl frå naboen over til ditt terreng.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Liryper i ulike terreng får kvart år om lag like mange kyllingar i kullet. Talet på kyllingar per kull i fjellområdet vert forklart av vêrtilhøva i mai, juni og juli – og små­ gnagarbestanden. Tettleik av kull (kull per km²) varierer mykje mellom terrenga.

I nokre terreng er det alltid fleire, i andre færre kull. Merkeleg nok ser det ikkje ut til å vera nokon sterk samanheng mellom tettleik av kull og vegetasjonstypane. Derimot verkar det som om at unge ryper får seg territorium nær der gamle ryper spelar.

Ungryper slår seg ned der gamle ryper har overlevd. Dermed verkar det kjempelurt å spara gamalsteggen i eige terreng. Neste vår vil han vera eit trekkplaster for nye fuglar. Data verkar so overtydande at me sjølve i haust freda gamalsteggane på eigne terreng.

Kvart år samanlikna me kor mange ryper det var per km² i dei ulike terrenga. I nokre terreng var det alltid fleire, og i andre alltid færre ryper enn gjennomsnittet det året. Dei fleste terrenga hadde middels tettleikar. Det nye var at det ikkje var nokon særleg varia­sjon i produksjon av kyllingar mellom terrenga.

Var kulla store i eitt terreng, var dei gjerne store ogso i dei andre terrenga i fjellområdet. Var kulla små i eitt terreng, var dei gjerne små ogso i dei andre terrenga. Kyllingproduksjonen samvarierte sterkt både innan og mellom fjellområda, mykje av varia­sjonen måtte då koma frå nokre ytre krefter som verka over store områder.

Me fann to klare samanhengar; vêret i mai, juni og juli, samt smågnagarsi­tuasjonen påverka storleiken på kulla. Vêret er samansett av temperaturar og nedbør som varierer mellom stader og gjennom døgeret.

Den Nord-­Atlan­tiske Oscillasjonen (NAO) er trykkfor­skjellen mellom Island og Azorane, og er eit uttrykk for korleis vêret i Europa vert. Høg NAO-­verdi i mai­-juli tyder tidleg vår.

Kor tidleg våren (NOA­-ver­dien) var, og smågnagarsituasjonen, forklarte halvparten av variasjonen i kyllingproduksjonen. Tidleg vår og bra med smågnagarar gir mange kyllingar i terrenget. Interessant var at vêret aleine påverka kyllingproduksjonen meir enn smågnagarsituasjonen. Vêret er godt for alle, smågnagarane held rovdyra i aktivitet borte frå rypene.

Forskjellen mellom gode og dår­lege terreng kom ikkje frå ulik produk­sjon av kyllingar per høne. Forskjellen kom derimot av at talet på vaksne par varierte mykje mellom terrenga. For­skjellen mellom gode og dårlege ter­reng, var at gode kvart år hadde fleire vaksne lirypepar enn dei dårlege.

Vegetasjon og fugl

Alle rypejegerar ser lett kva som er gode og dårlege terreng. Då me analy­serte data som jegerane hadde samla inn, vart me i stuss. Me fann ikkje fine samanhengar mellom vegetasjons­ typar og tettleikar. Lirypene tykkjest leva bra i områda mellom skogen og fjellrypeterrenget, og forskjellane i tettleik mellom terrenga må forklarast på anna vis.

Nytten av gamalsteggen

Nokon kvar kan av og til føla seg gamal. Gleda var dermed stor då me oppdaga at gamalsteggen tykkjest vera nøkkelen til dei gode terrenga. Data byggjer under historia som fylgjer: Unge ryper må før egglegging finna ein stad for territoriet.

Ung­hønene kan slå seg ned over heile fjellområdet, steggane nærare der dei er fødde. Men området er dekka med snø, korleis skal dei då vita kva om­ råde som er det beste? Det enklaste vil vera å sjå kvar dei gamle steggane har overlevd.

Dei er svært stadbunden, og der mange gamle steggar spelar, har mange gamle steggar overlevd. Er der ogso gamle høner, er det bra; dei kan flytta om dei ikkje fekk fram kyl­lingar førre året.

I andre område kan vegetasjonen vera like fin under snøen, men om ingen stegg spelar der, kan det tyda på at jegerane eller ørna der har drepe alle saman.

Då er det langt tryggare å slå seg ned der mange har overlevd. Gamalsteggen Johan B. Steen sa alltid at me måtte spara gamalsteggen, takseringsdata tyder på at han hadde rett.

Det vert ikkje i seg sjølv fleire fuglar av å spara gamalsteggen, men han vil neste vår trekkja ungfuglen frå naboen over til ditt terreng. Dette er enno ikkje sik­kert, men sikkert nok til at me freistar verna steggane i eigne terreng.

Verknaden av jakt

Fjellet er mangslunge med skiftande vêr, planteproduksjon, rovviltbe­standar og jaktpress. Å forstå alt som skjer er vanskeleg. Feller ein opp til 15 prosent av ein rypebestand, har ingen klart å visa at det har hatt nokon negativ verknad året etter.

Andre har lagt opp til å hausta opp til dei 30 prosent som teoretiske utrekningar seier rypene kan tola. Ogso dette tykkjest ofte å gå bra. Kor mykje ein kan hausta må ogso ha samanheng med kor mykje fugl ein har – og vil ha.

Har ein 10 ryper per km² i terrenget om hausten, og ynskjer minst det same talet i terrenget neste vår, verkar jakt lite føremålstenleg. Om tettleiken derimot er 50 ryper per km², burde ein ha att tilstrekkeleg stor vårbestand om ein felte halvparten.

Våre taksørar har taksert både offentleg eigde og private terreng. Me tenkjer oss at når me kjøper kort i offentlege terreng, feller me so mange fuglar som me klarar fordi ikkje andre skal ta dei (om då ikkje kvotar øyde­legg alt).

I privatterrenga våre konkur­rerer me ikkje med andre jegarar om fuglane, me skal attende til same området året etter, dermed er det ok å fella få. Dersom mange andre tenkjer som oss, kan me forventa litt høgare jaktpress på offentleg eigde terreng enn på åremålsterreng.

Me samanlikna fyrst vegetasjons­ typane i private og offentleg eigde ter­reng. Me fann ingen skilnad. Då me samanlikna kor mykje rype som var per km² i dei ulike terrenga, var det litt fleire i dei private. Effekten av eigarskap var ikkje sterk.

Når me skal rekna ut slikt, brukar me omfattande statistiske modellar. Det er vanskeleg å vita heilt korleis me skal tolka det. Forskjellen er so liten at me kanskje kunne seia at jaktpresset ikkje spelar nokon rolle. Me kunne kanskje like gjerne seia at litt mindre jaktpress har ført til at fleire unge ryper slår seg ned i privatterrenga – og dermed at det kan vera lurt å spara gamalsteggar.

Vidare takseringsarbeid

Rypeforvaltningsprosjektet er slutt. Dersom mange nok held fram med å samla inn takseringsdata gjennom Hønsefuglportalen vil me eller andre i framtida kunna analysera data og gje oss sikrare kunnskap.

Etter kvart bør Hønsefuglportalen ogso få registrert forvaltningsregime og kor mange fuglar som vert felt. Då vil me i større grad kunna samanlikna korleis rype­ bestandane utviklar seg etter korleis dei vert forvalta.

Kommentaren ble først publisert i 2014. Innholdet er gjennomgått med artikkelforfatterene for å sikre at det fortsatt er aktuelt.

Powered by Labrador CMS