Annonse

Skrantesjuke:

Villreinemda saknar klare svar om CWD

Også leiaren av villreinnemda for Hardangervidda seier at dyra må få ro i vinter, og ikkje bli jaga på under eit ekstraordinært uttak.

Leiaren av villreinnemnda for Hardangervidda seier dyra allereie er i alt for dårleg forfatning. — Kritisk viktig at reinen får ro i vinter.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel.

Denne veka kom Miljødirektoratet og Mattilsynet med si tilråding kring vidare handtering av skrantesjuka (CWD) på Hardangervidda.

Eitt av fleire tiltak som vert tilrådd, er eit ekstraordinært uttak av bukkar 2.5 år eller eldre. Leiar Endre Lægreid i villreinnemnda for Hardangervidda meiner det er altfor mange ubesvarte spørsmål i tilrådinga.

— Å opne for ekstraordinært uttak på vinterstid er noko eg og ei samla villreinnemnd har vore sterkt imot heile tida, og me er det framleis. Mellom anna slit me med å sjå kva ein reelt vil oppnå ved eit så avgrensa bukkeuttak som det her vil vere snakk om. Når ein snakkar om vinteruttak utan å forstyrre fostringsflokkar, trur me det blir snakk om svært få dyr, maksimalt 200-300 bukkar. Kva oppnår ein av ny kunnskap med så avgrensa uttak?

Lægreid seier nemnda også saknar svar på kva som skal skje vidare.

— Kva er neste steg om myndigheitene ikkje finn nokon CWD-tilfelle blant dei 200-300 dyra. Eller kva er strategien viss ein finn eit nytt tilfelle? Her er altfor mange ubesvarte spørsmål.

— Svært dårleg forfatning

Villreinen på Hardangervidda er omtalt av fleire kjelder som ein bestand i særskild dårleg forfatning, mellom anna plaga av parasittar og fotròte.

— Me har dokumentert låge kalvevekter, magre dyr og sein kalving. Tiltaka i samband med ordinær jakt for å nå målet om å bekjempe CWD, har allereie ført til betydeleg meir stress for dyra. I vinter er det kritisk viktig at villreinen får fred og ro. Eit statleg styrt vinteruttak er det siste dyra bør måtte flykte frår, seier Lægreid.

Tiltaka han refererer til er til dømes forlengja jakttid, forsinka tilgang på GPS-posisjonar for dyra og subsidiert helikoptertransport av felt vilt.

– Det er allereie sett i verk ei lang rekkje tiltak. Dei siste fem åra er både bestanden og bukkeandelen på Hardangervidda meir enn halvert. Då meiner me det er direkte uklokt å tilrå eit tiltak som vil ha så liten effekt, og som er så kontroversielt at det garantert vil føra til sterke reaksjonar lokalt, seier Lægreid.

– Har tid til å vente

Han meiner talet på funne CWD-tilfelle fortel at me framleis er ekstremt tidleg i eit eventuelt smitteutbrot på Hardangervidda.

Før årets jakt var det funne eitt CWD-tilfelle av 5500 testa dyr. Etter jakta var statusen to tilfelle av 7000 testa. Då har me tid til å vente med denne typen tiltak.

— Blir dyra utsett for mykje stress ved slike ekstraordinære uttak?

— For all villrein er vinteren eit nålauge å koma igjennom. Den viktigaste føda er ulike lavartar. Desse er svært energifattige, men reinen klarar seg takka vere opparbeidde feittreservar frå sommaren og hausten. Når dyra no går vinteren i møte med små feittlager mellom anna som fylgje av lang og intensiv jakt, er det ekstra viktig å gje dei ro. Det vil seie det stikk motsette enn kva dei får dersom myndigheitene går inn for eit vinteruttak.

Powered by Labrador CMS